Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneNils Olaus Kolberg, på kinesisk kjent som 枸 理 白 (Ke Li-bai), (født på Kolberg søndre i Onsøy 19. oktober 1891, død 7. februar 1989 i Onsøy) var en misjonsprest som virket i Kina for det Norske Misjonsselskap (NMS) fra 1920 til 1937 med et tre-årig opphold i Norge 1927–30. Deretter bedrev han reisevirksomhet for NMS på hjemmefronten. Før Nils dro ut til Kina forlovet han seg med Helga Lovise Fjeldly fra Vikene i Onsøy (1894–1979). Helga reiste til Kina i 1921 og de ble viet i Yiyang 21. januar 1922. Hun var datter av fiskeren Johan Olaves Olsen Fjeldly og Mina Kristine (Monsen Stene) f. Gundersen. Nils og Helga fikk datteren Johanne Margrethe g. Norrvall, 7. november 1926. Les mer …
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda. Les mer … Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862 på Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen.
Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område. Les mer …
|
Ukas artikkelPeter S. Brandal (fødd 21. desember 1870, død 23. mars 1933) var selfangstreiar og Svalbardpioner. Han var ein av pionerane innan moderne selfangst og ein forgrunnsfigur i næringa i fleire tiår. Han starta selfangstreiarlag, seloljedamperi og sildoljefabrikk, og var med på å starte Kings Bay Kull Company på Svalbard. Peter S. Brandal kom frå den kjende ishavsbygda Brandal på Hareidlandet, rett sørvest for Ålesund. Han var nummer to i ein søskenflokk på åtte. Foreldra var Severin L. Brandal (1847-1934) og Davide P. Brandal (1842-1902). Dei fekk overta eit utmarksstykke av Peder P. Brandal, far til Davide, då dei gifte seg i 1869. Her oppe i Haugen bygde dei hus og løe og busette seg, og dyrka opp jorda med tida. Men Severin var meir fiskar enn gardbrukar. Han dreiv fiske frå unge år av og vart etter kvart skipper på fiskeskøyter frå Ålesund. Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 687 artikler og 218 359 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |