Johanna (jakt 1892)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra ««Johanna» (jakt 1893)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Johanna
1892 Jakt Johanna.jpg
Egennavn: Johanna
Båttype Jakt
Lengde 77,5 fot
Største bredde 22 fot
Bruttotonnasje 79,40
Byggeår 1892
Båtbygger: Otte Nilsen Ottesen, Sagvåg på Stord
Framdriftsmidler: Motor og seil
Kommune Oslo kommune
Nåværende eier: Norway Yacht Charter


«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved SålåsundetTustna. Jakta gikk i slofartLofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden. Laurdagen den 9. juli 2016 rente ho i land og sokk på grunt vatn ved Nesoddtangen. Alle 156 som var ombord vart berga.[1] Tysdagen den 12. juni vart skuta heva,[2] og eigarane seier dei vil gjera alt for å få ho i drift att.[3]

1892–1937: hardangerjakta

Bygging, mål og kjenneteikn

«Johanna» vart bygd på verftet åt Gjermund T. Øvrevik for eiga rekning i 1892. Båtbyggjaren var Otte Nilsson Ottesen frå SagvågenStord i Sunnhordland. Jakta er kravellbygd i furu.

Etter målebrevet (Kristiansund N., 14.01.1893) var «Johanna» seilskib takla som jagt. Ho vart bygd på Tusteren (Tustna) i 1892. Kjenningsmåla i engelske fot var 77,5 (lengd), 21,5 (breidd) og 8,5 (djupn). Drektigheita var målt til 79,40 reg.t. brutto og 65,63 netto. Kjenningsbokstavane for «Johanna» var J.S.G.Q. (Seinare vart dei endra til L.I.I.S.)

Eigarskap

Gjermund T. Øvrevik var eigaren av «Johanna» frå 1892 til 1920.

Mannskap og segling

1892–1915

Kristian Stabben (1894– ? ), frå 1920 skipsførar i Møre Fylke Ruteselskap (bl.a. for DS «Gange-Rolv» og DS «Kvernes»), begynte karrieren som sjømann som skårunge ombord på jakt «Johanna» i femtenårsalderen. Ingeborg Åsen Vatten skreiv ned det følgjande etter samtalar med honom:[4]

Seglskutane drog frå Kristiansund i januar, og vart liggande og sigle og krysse den lange vegen nordover til Nord-Norge. Is og mørke var seglskutene sin verste fiende. Fyrbelysninga var mangelfull, så det var å sigle for livet for å kome så langt at dei kom seg i hamn før det vart mørkt. Den båten som kom sist i hamn, måtte først ut, og det var ikkje alltid så bra.

Stabben fortel om ein gong «Johanna» kom sist i hamn, og ho måtte først ut om morgonen. Det var sterk kuling om morgonen, mørkt var det og. Da dei skulle krysse Vestfjorden, auka vinden på med haglebyger og storm. Ein einaste gong letta det så mykje at dei såg eit lys, men om det var ei fyrlykt eller ein båt, kunne dei ikkje sjå. Ein heil dag og ei heil natt låg dei og kryssa der utan at dei visste kor dei var, og attpåtil heldt dei på å isa ned.

Endeleg letta snøkaven, og dei fekk sjå Lofotveggen og kjente seg att. Dei hadde ikkje smaka «vått eller tørt» på dei døgna dette sto på, nokon av mannskapet.

Det var turane nordover som var dei verste. Når dei skulle sørover att, var det litt lysare, dei let då litt lenger mot våren. Stabben fortel at ein gong sigla dei ifrå Røst og oppunder Smøla på to døgn, men dei bruka og akkurat like lenge på å koma seg ifrå Smøla og oppunder Tustna på same turen.

Stabben fortel at jakta «Johanna» var ei framifrå skute, hadde dei hatt ein annen båt, hadde dei gått ned mange gonger, især den gongen over Vestfjorden.

1916–1937

Skipper Hans T. Gimnes.

Skipper i perioden 1916–1937 var Hans Toresen Gimnæs (18771938), som kom flyttande til Dalan under Hals med familien sin da han vart hyra.

I desse åra segla «Johanna» til Lofoten og Finnmarka i slofart. Det nordaustligaste punktet for turane var gjerne Varangerhalvøya. Saltfisken vart teken med til tørking til kleppfisk i Kristiansund og på Tustna.

Torvald Gimnes (19091992), son av Hans T. Gimnæs, var med nordover ein sesong i konfirmasjonsalderen. Det var mykje nytt å løre seg for ein unggut. Ansvaret hans var først og fremst å hjelpe til i byssa, inkludert å ta oppvasken. Dei hadde ein stor stabel kvite krustallerkenar der. Det var ikkje mykje tilgang på ferskvatn ombord, og oppvaskvatnet var sjøvatn med såpe i. Vatnet vart bruka ganske mange gonger før det vart utslege og nytt oppvaskvatn tilordna. Ein gong dei låg ankra i hamn skulle Torvald vaske opp, men vatnet var så lortut at han tenkte det var best å slå det over rekkja. Det gjorde han, men da såg han fleire kvite krustallerkenar segle i sikksakk nedigjennom den klåre sjøen. Det var ingen som sa noko om det etterpå; Torvald visste ikkje om det var fordi ingen oppdaga det eller fordi dei forstod at slike uhell kan hende og at han var flau nok allereie.[5]

Det var trulig Hans T. Gimnes som skreiv reiseskildringa «En seiltur til Lofoten» med grunnlag i verksamheita si som skipper på «Johanna» og på ymse andre skuter før den tid.

1938–1993: motorskipet

Da Erling og Haakon Taftø i Kjørsvikbugen/Hellandsjøen kjøpte «Johanna» den 31. desember 1937 som partsreiarar med ein halvpart kvar, bygde dei ho om til motorskip, og ho gikk i fraktfart i mange år. I 1954 vart «Johanna» forlengd med 15,5 engelske fot til noverande lengd på 93 fot / 28,3 meter.

I 1980 selte brødrene Taftø «Johanna» til Egil Torhus i Mosjøen.

1993– : brigantinen

«Johanna», no med brigantinrigg, ved kai i Oslo
Foto: Olve Utne (september 2009).

Norway Yacht Charter i Oslo kjøpte «Johanna» i 1992, og i 1993 rigga dei henne med brigantinrigg og innreidde ho for passasjertrafikk. sidan den tid har ho vorte bruka som charterbåt for dagsturar på Oslofjorden, inkludert for firmaturar, offisiell representasjon og bryllaup. Ho er sertifisert for 200 passasjerar.

Bildegalleri

Fotnotar

  1. «Båt med 156 om bord sank ved Nesodden» på nrk.no, publ. 09.07.2016 kl. 22.07.
  2. «Her heves Johanna» på Nrk.no, publ. 12.07.2016.
  3. «- Uforklarlig at M/S «Johanna» gikk på land» på Aftenposten.no, publ. 10.07.2016.
  4. Vatten 1977, s. 8 f.
  5. Fortalt av Torvald Gimnes til Olve Utne.

Kjelder

Lenkjer