Ålvundeid kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ålvundeid kyrkje
8910cr Aalvundeid kirkje.jpg
Foto: Olve Utne (2009).
Stad: Ålvundeidet
Byggeår: 1848
Endringar: Restaurert 1955.
Kyrkjegard: Ålvundeid kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Møre
Prosti: Indre Nordmøre
Prestegjeld: Sunndal
Fellesråd: Sunndal
Sokn: Ålvundeid
Arkitekt: Ole Pedersen Tofte
Materiale: Tømmer
Sitteplassar: 230

Ålvundeid kyrkje er ei åttekanta trekyrkje på Ålvundeidet i Sunndal kommune. Ho vart oppført i 1848 som kyrkje for Ålvundeid kapelldistrikt i Sunndal prestegjeld.

Arkitekt og byggmester var Ole Pedersen Tofte (d. 1878), også kjend som Gammeltøftinn. Han var frå Flatvad i Sunndalen, og hadde tidlegare bygt Romfo kyrkje. Kyrkja i Ålvundeid fekk same formen, men er noko mindre enn Romfo. Ei lokal historie fortel at ho skulle hatt same storleiken, men at Ole Tofte hogde av litt av kvar stokk så ho vart mindre enn hans eigen soknekyrkje.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 62.76586° N 8.53662° Ø