Årebrot krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Årebrot krins var ein skulekrins i tidlegare Kinn kommune, og i dagens Flora kommune.

Frå møteboka for skulestyret i 1891 kjem det fram at Årebrot krins hadde 12 veker med undervisning.

Skulehus

Skuledagen

Skulevegen

Skildring av skulevegen frå Vaulen til skulen i 1961, fortalt av Håkon Årebrot:

Min heim var i Vaulen eit par kilometer sør for skulen. Vegen gjekk over haugen aust for huset og til Grønevika, her hoppa vi over ein steingard der den var lavast. Det var eit stort lee (port) som var tung og vanskeleg å opne, derfor vart det å hoppe over steingarden mykje snauar. Via Grønsvika gjekk vi forbi Gardfjøsen, ein liten fjøs der ein hadde kyrene om sommaren når dei gjekk på sommarbeite. Så kom eg inn på Sandveien, ein gamal opparbeidd veg laga for å komme fram med hest med kjerre. På enden av Sandveien (ca 200m) kom ein fram til fjøsen på hovedgarden Aarebrot ( i Vågjen). Litt lenger framme var bustadhuset og her kom vi lag med eit skuleelev som var 5 år eldre. Vi forsette så opp Kleiva , ei bratt skår der vegen var steinut og bergfull. Oppå toppen gjekk vi langs eit hamrelag og kom fram til Storeberget. Det var eit stort langt berg som enda ned mot Kværnhusvatnet. Langs Kværnhusvatnet var det fint terreng. På enden å Kværnhusvatnet måtte vi gå over ei lita elv. Over elva var det bygga ei lita stein bru, laga av store flate steinar der det var murt brukar på kvar side. Etter brua kom vi til ein bøgard med eit lite lee. Då var vi komen fram til Søre Løye. Vegen vidare gjekk på innmark fram til Norde løype. Her var det eit par hundre meter med opparbeidd veg. Bygga før krigen på så kalla sysselsettingsmidlar. (blitt meg fortalt 2 kroner timen). Der vi tok av denne vegen til skulen måtte vi krysse Storebrua, ei trebru på ca 3 meter spenn og eit par meter høg. Ein spanande plass år det hadde vore mykje regn. Så gjekk vegen vidare til Skulehushåjen og ned ei lita kleiv til skulehusplassen ca 20 minuttar frå start heime.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Møteboka for skulestyret 1891

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant Håkon Årebrot


Koordinater: 61.65319° N 5.00594° Ø