Åsland (Bykle gnr 3/16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Åsland
Berdalen 36.jpg
Åsland 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1918
Utskilt: 1939
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 3
Bnr: 16
Type: Småbruk
Gateadresse: Åslandsvegen 19
Postnummer: 4754

Åsland er eit lite nybruk frå slutten av 1930-talet i Berdalen i Bykle kommune. Det var Sigrid Hoslemo som husa det opp og rudde det. Arealet vert oppgjeve til 7-8 mål.

Sigrid var frå Haugen Hoslemo, dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, fødd Oddeskar. Systera Gyro hadde tidlegare rudt og bygt for seg i Haugen, bnr 10. Fyre ho kom hit hadde Sigrid budd mange år i Skien, og arbeidd i ei forretning der.

Ho kaupte denne teigen hjå Salmund Berdalen i Hagen i 1938, og fekk opp hus for seg same året. Ho ville taka imot turistar til overnatting, og bygde difor ei stoge på 14 x 8 m i to fulle høgder. I 1940 sette ho også opp ein liten uthusbygning, der ho sidan hadde ei handfull sauer og nokre høns. Ho skifte etternamn til Åsland i 1947, og nytta sidan det namnet.

Biletet er teke i Brotteli ein gong i åra 1907-1910. Sigrid og systera Ingebjørg arbeidde ved turiststasjonen til Søren Lund på den tid, og Sigrid var bestyrerinne. På fotografiet ser ein Ingebjørg, Sigrid og Tina Lund. Biletet kjem frå Setesdalsmuseet. Fotograf er August Abrahamson.
Også dette biletet er teke i Brotteli ein gong i i åra 1907-1910. Me ser her «Bestyrerinden» avskildra åleine. August Abrahamson tok biletet, som kjem frå Setesdalsmuseet.

Sigrid Ånundsdtr. Åsland, f 1876, d 1956, ug

Den eldste av systrene åt Sigrid budde her saman med henne.

Gunvor Ånundsdtr. Hoslemo, f 1865, d 1955, ug

Etter at Sigrid var borte overtok Anders Breive eigedomen frå dødsbuet hennes. Han var son åt Ole Johan Andersen og kona, Torbjørg Salmundsdotter, fødd Breive.

Anders O. Breive var mellom dei som skaffa seg bil tidleg, og tok då på seg å skjusse folk. Dette biletet er teke på Heddi ein gong på 1930-talet. Passasjerane er visst byglendingar. Foto: Knut J. Heddi. Frå Setesdalsmuseet.

Anders O. Breive, f 1897, d 1977

g 1952 m Turid Hallvardsdtr. Berg, f 1906, d 1999. Born:
  • Olav Harald,f 1933, d 2002, busett Arendal, sjømilitær til 1974, sidan ind.arb, g m Anne Tordis Gjeruldsen, f 1939, born:
  • Alfhild, f 1959, busett Arendal, g m Tormod Langemyr
  • Turid Irene, f 1963, busett Froland, g m Sveinung Selseng
  • Håkon Omar, f 1936, g m Ingebjørg Toresgard, sjå Skogheim, gnr 5, bnr 7
  • Torhild, f 1938, d 1938
  • Arne, f 1940, maskinarb., busett Kristiansand, g m Lilly Charlotte Knutsen, f 1939, born:
  • Torunn Elisabeth, f 1965, busett Kristiansand, g m Torgeir Rossland
  • Sigrid Johanne, f 1966, busett Kristiansand, g m Jarle Bakken
  • Anna Lene, f 1971, busett Kristiansand, g m Robert Ilievsky, Makedonia
  • Torhild Synnøve, f 1944, busett Valle, g m Knut B. Homme (jfr. Valle V, 413), born:
  • Bjørn Tore, f 1968, ug, busett Oslo
  • Anders, f 1972, busett Oslo, sb m Anette Mo
  • Roald, f 1976, ug, busett Valle, gnr 30, bnr 3
  • Jostein, f 1978, ug, p.t. (2004) busett Grimstad
  • Alf Trygve, f 1949, g m Anne Grethe Åbakk, sjå bnr 160 Granly

Turid var frå Systog Berg i Valle, gnr 51, bnr 3, dotter åt Hallvard Knutsson Berg på det bruket, og kona Svålaug Ånundsdotter, fødd Brottveit (jfr. Valle III, 401).

Anders hadde også sonen Knut, f 1926. Mora var Torbjørg Knutsdotter frå Breive Der inne. Denne Knut-en vert gjerne omtala som Knut A. Breive (y.), helst for å skilje han frå Knut Auversson, som var 14 år eldre. Knut A.(y.) budde på Hovden (sjå Breiland) nokre år frå 1954, men flutte seinare åt Åraksbø.

Anders var skreddar av yrke, og budde i Evje med familien sin til dei flutte til Bykle i 1954. Fyrste åra leigde dei seg hus i ei stor, gamal tømmerbrakke som Otteraaens Brugseierforening hadde ståande jamsis Åsland, inntil ho brann opp under veganlegget kring 1960. Men då hadde Anders og folket hans forlengst overteke bruket her, og flutt hit. Det var i 1957.

I 1979 gifte Turid seg omatt med enkemannen Salmund O. Berdalen i Hagen. Han flutte hit ned til henne og budde her til han døydde i 1986. Turid vart buande. I 1977 hadde den yngste av sønene hennes fått skilt seg ut ei tomt og sett seg opp hus i kanten av Åsland-tunet (sjå bnr 160).

Etter at Turid døydde i 1999 ervde borna hennes både Åsland og Hagen i fellesskap. Dette sameiget står framleis ved lag (2006).


0941 Bykle komm.png Åsland (Bykle gnr 3/16) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nylund • Neste bolk: Steinsland

Koordinater: 59.44708° N 7.41746° Ø