Ø. Uri & Sønn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ø. Uri & Sønn er ei rørleggarbedrift i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av Øystein Uri i 1946. Uri hadde utdanning og lang praksis som røyrleggjar då han kom til Sykkylven i 1946. Verkstadlokale fekk han leige i kjellaren til Privatbanken, og sidan røyropplegg og sanitærutstyr utover bygda var mykje nedslite etter krigen, vart det mykje reparasjonsarbeid den første tida. Etter kvart som husbygginga kom i gang, vart det og ein god del nyinstallasjonar. Det første store oppdraget var å leggje røyra for vassverket frå Aurdal og Aure sentrum. Opp til fire-fem personar var sysselsette i firmaet på den tida.

Lokala i bankkjellaren vart snart for små og etter lang tids planlegging stod eit moderne forretningsbygg ferdig i 1976. Dette vart påbygt og modernisert i 1979 og 1982, slik at det fekk ei samla golvflate på om lag 1000 m2. Bygget inneheldt då romslege utstillingslokale med fleire ulike baderomsmiljø, kontor, verkstad, kantine, lager m.m.

Bedrifta har utført alle slags rørleggartenester, både for bedrifter og private. Etter at Øystein Uri trekte seg ut av drifta, tok sonen Terje over leiinga av verksemda. Terje Uri begynte som læregut i firmaet, og tok seinare yrkesskule, handelsskule og bedriftsleiarskule. Frå 1979 vart han eige-eigar og disponent. Under Terje Uri si leiinga voks bedrifta kraftig og tok også på seg mange oppdrag utanfor kommunegrensene. Terje Uri engasjerte seg også i produksjon av baderomsinnreiingar gjennom verksemda TT Multi.

I 2014 vart sykkylvsverksemda kjøpt opp av Gjerde Invest som dreiv Rørservice Ulsteinvik. Ø. Uri & Sønn hadde då 27 tilsette og ein god ordrereserve. Hovudeigar Terje Uri forklarte salet med at bedrifta stod framfor eit generasjonsskifte, og at dei difor fann tida rett for eit sal. Selskapet heldt på namnet sitt dei første åra etter eigarskifte, og Bjørn Vegsundvåg heldt fram som dagleg leiar av rørleggarbedrifta.

Rørservice Ulsteinvik og Ø. Uri & Sønn dreiv kvar for seg fram til januar 2017 då dei to selskapa fusjonerte og vart til Rørservice Uri AS. Selskapet har avdelingar med butikk både i Ulsteinvik og Sykkylven. I 2019 hadde selskapet 32 tilsette, likt fordelt mellom to avdelingane.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
  • Sykkylvsbladet 4.4.2014 og 8.5.2019.
  • Vestlandsnytt 4.4.2014.