Øen krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Øen krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1961 Øn, Ulvika, Salbu, Sundbotnen, Hydalen, Horne, Liane, Smilla, Hatlem, Leirpollen, Sørbø og Gil. I 1891 vart dette området delt i tre krinsar, Ulvik, Hatlem og Sundbotten.

Opprinneleg var namnet på krinsen Øn.

Ulvik skule og Hatlem skule vart lagt ned og krinsane vart slått saman med Øen i 1928. Vassenden krins lagt ned i 1959, og skuleelevane vart då flytta til Øen skule. Frå 1965 til 1973 var også Sørefjord ein del av Øen krins, men frå 1973 vart Sørefjord slått saman med Hyllestad og Lifjorden i den nye Hyllestad krins.

Skulehus

Øen gamle skule

  • Byggeår: 1926
  • Fungerte som skule: 1928-1979
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

Skulevegen

Atle Lerpold fortel om skulevegen sin. Han gjekk på skule frå 1951 - 1958. "Eg starta i Smilla. Vegen gjekk frå tunet, opp Råkja, gjennom Rakelbotten, over Bottnaelva, opp Bottnakleiva, vidare opp Instebøkleiva, over Instebøen, over Dikjeelva, over Klona, forbi Dikje, opp Ønagåta, forbi kyrkjegarden og Hukegarden. Der var det ein skummel hund. Han hadde brune auge og kvite tenner. Sist gjekk eg forbi Magnus Øen og så gjekk eg inn på skulen. Totalt var det om lag 2,5 kilometer." Denne skulevegen gjekk gjennom nesten alle gardstuna frå Lerpold til Øen. Den einaste som mangla var Ytre Smilla.

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Fram til ferdig skule for Øen krins, Heim og skule Nr. 1 Mars 1979

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant: Torleif Hauken
  • Informant: Magnar Fleten
  • Informant: Atle Lerpold


Koordinater: 61.22075° N 5.216861° Ø