Øvre Myklemyr (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Myklemyr
Øvre Myklemyr.JPG
Alt. namn: Oppigarden
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 186
Bnr: 4
Øvre Myklemyr (bak) og Teigen (framme) sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2010)

Øvre Myklemyr (Oppigarden) (Luster, gnr. 186/4) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Myklemyr.

Øvre Myklemyr er den einaste høgdegarden på Myklemyr, og det fråflytte gamletunet ligg kring 100 meter over den store elvesletta.

Øvre Myklemyr er eitt av to bruk på Myklemyr som er nemnt i det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Anders Mycklemyre må ha budd på Øvre Myklemyr, for den andre brukaren er nemnd Olluff Neder Mycklemyr.

Bruket vart delt alt kring 1655 ved at ein utskild parsell fekk 1/3 av skylda. Frå 1698 vart det eine bruket på Øvre Myklemyr drive saman med Nedre Myklemyr (bnr. 7). I 1712 vart så Nedre og Øvre Myklemyr skilde og dei to bruka på Øvre Myklemyr samla til eitt bruk att. Det minste bruket på Øvre Myklemyr var det meste av den utskilde perioden (1655-1712) truleg drive som del av ei anna brukseining.

I 1765 fekk Øvre Myklemyr og det mykje mindre Øy-bruket felles eigar, og dei to bruka vart drivne i lag fram til 1779. Då vart dei igjen delte, men denne gongen i to jamstore bruk.

Den neste delinga kom i 1831 då ein tredel av Øvre Myklemyr vart utskild som Teigen (bnr. 5) nede på elvesletta.

Øvre Myklemyr vart fråflytt i 1973 på grunn av rasfare, og seinare er bruket kome under Fagerheim (bnr. 30).

Bruk som stammar frå bnr. 4 Øvre Myklemyr:

  • Bnr. 5, Teigen – fråskild 1831
  • Bnr. 2, Løkken (’’Lykkja’’) – fråskild 22.5.1888
  • Bnr. 13, Tunvoll – fråskild bnr. 5 den 5.6.1931

Kjelder og litteratur