Øygarden (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øygarden
Øygarden.JPG
Dei to Øygards-bruka. Kvam i høgre kant.
Alt. namn: Kronøygarden
Rydda: ca 1794
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 208
Bnr: 5 og 6

Øygarden (Luster, gnr. 208/5 og 6) er to gardsbruk i Krundalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruka høyrer under matrikkelgarden Kruna. Dei sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Ole Knutson Halveg fekk festesetel på husmannsplassen Kronøygarden 4.6.1794 og var truleg den som på same tida rydda plassen. Parsellen vart utskild frå Kruna (bnr. 1) den 19.10.1909 i samband med den store delinga av garden. Det utskilde bruket vart fyrst seld i 1923, og då til ein av sønene til den siste husmannen.

Den 29.10.1946 vart ein liten del av bruket utskild under namnet Neretun (bnr. 6). Det var skrive grunnsetel på parsellen alt 1.5.1926. Fylkesvegen gjennom Krundalen går midt mellom dei to tuna.

Kjelder og litteratur

  • «Øigarden» i folketeljinga 1910 (Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 831-835. (Digital utgåve, NBdigital)