Allmannajuvet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Allmannajuvet i Sauda kommune, frå anlegget teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Her ser ein galleriet.
Foto: Knut Rage (2017).

Allmannajuvet i Sauda kommune var i åra frå 1882 til 1898 eit gruveområde der det vart henta ut malm. I dag er dei nedlagde malmgruvene omgjort til ein turistattraksjon som årleg tiltrekkjer seg tusenvis av besøkande.

Gruvedrifta

Det første registrerte funnet av malm i Sauda vart notert 2. oktober 1881. Fram til drifta vart nedlagd i 1898, vart det produsert 12 000 tonn malm i gruvene. Dei første åra vart malmen frakta med kløvhestar ned til fjorden. Hestane bar 100 kilo malm, mens mennene tok 25 kilo kvar. Malmen vart transportert vidare med dampbåt langs Saudafjorden og eksportert til utlandet.

Det var husmannen og ferjemannen Gregoirus Hansson Tengesdal som i 1881 gjorde eit funn som skulle bli starten for industristaden Sauda, og dermed føra arbeidarklassen, industri og utanlandsk kapital dit. Han fann nemleg hovudåra i eit belte av sinkblende. I det solfattige juvet 6-7 kilometer aust for Sauda fekk bygda si første industriverksemd, Sauda Grubekompani. Det vart frå første stund importert arbeidskraft til gruvene, både svenske rallarar, finske gruvearbeidarar og norske bondegutar frå Austlandet og Nordland. Saman la dei spira til det særmerkte industriarbeidarmiljøet som har prega Sauda fram til i dag. Det var eit hardt slit, kosthaldet var dårleg og løna var låg. Men det er ingenting som tyder på noko form for organisering blant arbeidarane i Sauda før på 1900-talet. [1] I ein rapport frå fabrikktilsynet for 1893 blir det slått fast at "nogen klage fra arbeiderne er ikke hørt". Derimot kom det mange klagar på gateuorden og ordensforstyrringar i Sauda, på "Kortspil eller anden Lystighed". [2]

Frå galleriet i Allmannajuvet. Det er laga til ei ustilling med dokumentasjon av gruvedrifta, som også omfattar arbeidsreidskapar som vart nytta.
Foto: Knut Rage

Produksjonen i sinkgruvene varierte med prisane på marknaden. På det meste var 168 personar tilsett samstundes. Gruva skifta eigarar ei rekkje gongar. I 1899 var lønsemda så låg at produksjonen av malm vart avvikla for godt.

Levande gruvehistorie

I 2002 gav Statens vegvesen den verdskjende sveitsiske arkitekten Peter Zumthor i oppdrag å teikna eit anlegg som kan levandegjera den gamle gruvehistoria i Sauda. Dei enkle bygga er inspirert av gruvearbeidarane sitt slit og strabasiøse kvardag. Anlegget består i dag av eit galleri, ein gruvekafe, toalett og parkering, stiar og trappar. Fundamenteringa av galleriet og kafeen er noko av det mest krevjande som er gjort her i landet. I galleriet kan ein sjå utstilingar som dokumenterer den historiske delen av gruvedrifta, både arbeidsreidskapar og kopiar av historiske dokument.

Frå 2018 vil gruvene truleg bli opna for guida turar. Anlegget ligg ved riksveg 520, som er ein del av attraksjonen Nasjonale turistvegar.

Referansar

  1. Kjartan Fløgstad: Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. Samlaget, 1990, s. 161.
  2. Finn E. Våga: De unge slekter. Rørsla som bygde Sauda. Samlaget, 1990 s. 21.

Litteratur

  • Faldar utgjeve av Statens vegvesen.
  • Finn E. Våga: De unge slekter. Rørsla som bygde Sauda. Samlaget, 1993.
  • Kjartan Fløgstad: Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. Samlaget, 1990.

Vidare lesing

  • Arkitektur N, 5/2017, s. 16-33.