Anders Jørgensen Veum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Jørgensen Veum
Foto: Ukjent

Anders Jørgensen Veum (fødd 1836 på Kvasjord i Fyresdal, død 1932 på Bekkelagshøgda i Aker) var utdanna lærar og telegrafist, men var særleg kjent for det allsidige samfunnsengasjementet sitt. Frå 1877 til 1883 representerte han Kristians amtStortinget. Veum flytta fleire gonger, og han gjorde seg gjeldande over alt kor han kom. Gjøvik, Lillestrøm og heimbygda Fyresdal er blant stadene Veum virka. Han var dessutan ein av Landmandsforbundets grunnleggjarar i 1896. Privatarkivet til Veum finst i Riksarkivet.

Gjøvik

Som 16-åring fikk han lærareksamen ved Kviteseid Seminar, og han tok seinare meir lærarutdanning samt telegrafskole. Ca. 1860 vart han tilsett som styrar ved den nyoppretta Gjøvik telegrafstasjon, og på 1870-talet var han samtidig sjef for postkontoret i byen.

Han kjøpte alt i 1862 garden Kirkeby i Vardal, rett utafor bygrensa, og var ordførar i bygda 1870-1881. I tida på Gjøvik var han husven på Gjøvik gård, der familien Mjøen da residerte.

Lillestrøm

Etter nestan 25 år på Gjøvik flytta Veum til Lillestrøm-traktene i 1884. Han hadde i 1873 kjøpt garden Jølsen i Fet og dreiv derfrå eit allsidig gründertilvere, både på det økonomiske og det politiske plan. Veum stod her blant anna bak avisa Akershus, Lillestrøm Sparebank og Lillestrøm Meieri. I 1895 makeskifta han Jølsen med garden Kyken i Ullensaker.

I 1896 forlet han Jølsen og Lillestrøm og budde seinare ulike stader, bl.a. i Oslo, Bærum og Brunlanes. A. Jørgensen Veums veg vest for Hunndalen i Gjøvik kommune er oppkalla etter honom.

Anders Jørgensen Veum og Fyresdal

Veum var fødd på garden Kvasjord i Fyresdal. Foreldra var Jørund Andersson Veum (1801-1865) og Signe Knutsdotter Kvasjord (1817-1838). Slekta kom frå Veum, men foreldra til Jørund, Anders Ånundson Veum og Kari Lidvorsdotter Heggeli, budde på Heggeli i Skafså. Jørund har difor og namnet Heggeli, men og Kvasjord. Jørund var ei tid skulemeister, seinare lensmannsfullmektig og brennevinsinspektør i Telemark. Dei var ein periode gardfolk på Kvasjord Gnr.83, der Anders vart fødd, og så på Besjord gnr. 51.

Som enkjemann gifta Jørund seg på nytt med Jorond Olavsdtr. Byggstøyl (enkje etter Gunnar Bendikson Geitestad). Budde ei tid på garden Geitestad. Flytta så til Espetveit i Høydalsmo i 1855 og han var ordførar i Lårdal i 4 år. Kom så att til Geitestad i 1860, men reiste til Amerika i 1861.

Anders hadde ei syster Dagne (1837-1838) og ein bror Ånund (1838– ) som reiste til Amerika.

Anders Jørgensen Veum gløymde aldri heimbygda si. Han tok namnet Veum frå faren sin ættegard og endra Jørundson til Jørgensen. Her heime er han mest kjend som ”Jørgensen Veum”.

Han gav ei gåve til Fyresdal på kr. 2000,00 mot at heradet ville yte minst det same og skipe til eit lag for bygda. Heradstyret gav kr. 2000,00 og skreiv lovane og laget fekk namnet Fyresdals vel. Fyresdals vel vart innmeld i Norsk landmannsforbund og Bratsberg amts landhusholdningsselskap. Han støtta på fleire måtar diverse aktivitetar og lag i kommunen. Gjennom Fyresdals vel vart det stimulera til sanking og omsetjing av bær, skogreising, bygging av badstover, bruk av kunstgjødsel og m. m. Fyresdal Bygdemuseum har sitt utgangspunkt i Fyresdals vel. På ein fest i Fyresdal halde av Fyresdals vel i 1908 på ungdomshuset Breidablik fekk han som takk for sin innsats for bygda ei kaffikanne av sylv. Same året fekk han òg Bratsberg amts landhusholdningsselskaps medalje i sylv. Kanna og medaljen er no på Fyresdal Bygdemuseum.

Anders Jørundson Veum var gift 1895 med Marie Erlandsdotter Rust (1860 -1931) frå Lom.

Dei hadde borna Signy (1895 - 1932) og Tordis (1897 - 1986). Då Tordis som lengst levande døydde i 1986 var midlane etter familien testamentera til Fyresdals Vel.

Anders hadde òg sonen Mathias 1882- (f. Vardal) og dottera Dagny Emilie 1883- (f. Askim).

Anders Jørgensen Veum og kona Marie er gravlagde på Veum kyrkjegard. Same relieff som er på gravminnet er det eit eksemplar av på veggen til utstillingshuset på Fyresdal bygdemuseum.

Anders Jørgensen Veum sitt gravminne på Veum kyrkjegard.
Foto: Olav Momrak-Haugan 2011 Foto: Olav Momrak-Haugan 2011

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer