Anders Romundset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Romundset (1840-1896), til dagleg kalla Anders Rømset-Trø'n, var ein skreddar, spelemann og treskjerar frå Skardsøya i Aure kommune. Han vaks opp på husmannsplassen Rømset-Trøa, som nummer to i ein syskenflokk på seks.

Frå Rindal

Slekta til Romundset var frå RindalNordmøre. Farfar til Anders, Ole Olsen Bjørnås, dreiv gard i Aure frå 1807. Far til Anders Romundset bar namnet Jon, han var gift med Marie Andersdotter Ulsnes. Dei busette seg i Rømset-Trøa.

Spelemann

Anders byrja tidleg å spela på fele, og vart fort kjend som ein dugande spelemann. Han hadde mykje fellesskap med andre spelemenn i distriktet: Ole Nielsen Brechan frå Hemne, samt Johannes Valen og Jon Danielsen Bergfall frå Aure.

Anders Romundset hadde ei stor samling dansemusikk, som var notert ned for hand. Blant anna inneheldt denne samlinga slåttar av og etter Brechan. Diverre vart desse notane oppbrende etter at Anders var død.

Han sat ofte for seg sjølv når han spelte på fela. Då spelte han dansemusikk eller annan type musikk, alt etter kva humør han var i. Mellom anna var han særs glad i slåttar og valsar. Rett som det var kunne han også stemme i med salmetonar, då var han ofte tankefull i etterkant.

Roleg og fåmælt

Anders Romundset skal ha vore ein overlag vakker mann, og han var også fysisk sterk. Som person var han fåmælt og roleg, allereie som barn og ungdom, seier tradisjonen.

Ulukkeleg kjærleik

Romundset hadde eit godt auge til ei jente. Men Anders vart ikkje rekna som "bra nok" til å gifte seg med henne, etter som han kom frå ein husmannsplass. Jenta vart gift med ein annan mann, som var velståande.

Anders Romundset spela til dans i bryllupet til desse to. I løpet av bryllupsfeiringa, som vart heldt på ein låve, kom ein rusa person fram til Anders og slengde ut av seg flåsete kommentarar om Anders og kjenslene hans for brura. Anders spela ferdig melodien han hadde byrja på. Så satt han stille og fortenkt ei stund, før han la vekk fela og greip tak i mannen som kom med provokasjonane. Anders bar han med seg ut på låvebrua og kasta mannen utfor, ned på det islagte tunet. Mannen braut den eine foten tvert av då han deisa i bakken. Anders gjekk så tilbake til feiringa, og spela til bryllupet var over.

Etter dette vart han forandra som person; på folkemunne gjekk han heretter for å vera "ein original" eller "rar". Men han var snill og roleg som før, og vart berre enda betre til å spela fele.

Slutten av livet

Mot slutten av livet sitt var Anders Romundset på fleire måtar ein skuffa og merka mann. Han hadde då ikkje fast bustad, og det vart vanskeleg for han å få arbeid.

Anders Romundset døydde 13. februar 1896, under eit besøk hos den eldste bror sin, som var busett på Bakk.

Sjå også

Kjelder