Anders Stokkeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Stokkeland (fødd 1846 i Vestnes, død 1919) var skulemann og kulturpersonlegdom i Gudbrandsdalen.

Han var son til Kristen Nilsen Stokkeland og Anne Olsdotter Lindset og voks opp på garden Stokkeland i Vestnes. I 1878 gifta han seg med Frederikke Kristensdotter Stokkeland. Dei var tremenningar.

Dei fekk sju born: Valborg (1879), Einar (1881), Astrid (1883), Gudrun (1885), Marie (1887), Borghild (1889) og Frida (1895). Berre Gudrun har etterkomarar.

Anders Stokkeland var styrar for Gudbrandsdal amtsskule frå 1876. Amtsskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane som hadde vorte skipa på 1860 talet, men etter kvart utvikla amtsskulane seg i retning dei frilynte folkehøgskulane. Amtsskulen i Gudbrandsdalen var ambulerande og skulen flytte frå bygd til bygd. Fyrste vinteren var skulen i Skjåk, med tilhald i Mallaug skule.

Stokkeland hadde eksamen frå Klæbu seminar (1868). Etter eksamen var han huslærar i heimbygda i to år. Ved sida av studerte han framandspråk hos presten Krohg. Så kom han til Sarpsborg realskule i 1871. Fire år seinare søkte han – og fekk – stillinga som amtsskulelærar i Kristians Amt, som det heitte den gongen.

Det var i amtsskulen i Gudbrandsdalen at Stokkeland kom til å ha si livsgjerning. Fram til 1900 var skulen på flyttefot heile fjorten gonger, for skulen var berre to-tre år i kvar bygd. I 1900 fekk skulen fast tilhald i forsamlingslokalet Bølund i Ringebu. I Ringebu-tida bygde han huset Solbakken, ovanfor Vålebrua, bygdesentret i Ringebu.

Anders Stokkeland døydde på nyåret 1919, 73 år gamal. Han hadde da vore styrar for Gudbrandsdal amtsskule i heile 43 år. Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard.

Han har fått sterke lovord som lærar og pedagog. Ein av elevane hans, redaktør Kristian Prestgard, skreiv om Stokkeland i sjølvbiografien sin: "Bestyreren A. Stokkeland var uten tvil en av de ypperste lærerbegavelser, Norge har fostret. [...] evnerik, kunnskapsrik, veltalende og forståelsesfull. Han var en født lærer."

Han var frimurar (medlem i Losje Kolbein på Lillehammer). Han heldt ofte føredrag kring i bygdene, ofte om fråhaldssaka, men òg om andre emne. Føredraga vart gjerne haldne i dei frilynte ungdomslaga.

Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). I 1915 fekk han Borgerdådsmedaljen i sølv for "lang og fortjenstfuld virksomhet i ungdomsskolens tjeneste og for fremme ogsaa paa anden maate av folkeoplysning".

Kjelder og litteratur

  • Øveraas, Kristin: artikkel i Hemgrenda 2009. Ringebu 2009.
  • Prestgard, Kristian: Fra Heidal til Decorah. Otta 1996. (Om Stokkeland s. 43).
  • Åsmundstad, Per: Ringebu folkehøgskule 125 år 1876–2001. Lillehammer 2001.
  • Anders Stokkeland i Historisk befolkningsregister.