Anne Eggen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Eggen
Foto: Ukjent.

Anne Eggen (fødd i Lom 28. desember 1852, død på Sannerud i Stange i 1917) var ein pioner i kvinnesak og politikk i Lom. Ho var truleg den fyrste kvinna i landet som var leiar i eit politisk partilag, da ho i 1894 vart vald til «formand» i Loms Venstreforening. Det var sju år før kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval, og nær 20 år før kvinner fekk full statsborgarleg røysterett på linje med menn (1913).

Familie, bakgrunn og livsløp

Ho var fødd og oppvaksen på Nedre Eggi, som var husmannsplass under Lom prestegard. Foreldra var plassfolka Alf Johannesen og hustru Anne Syversdotter.[1]

Anne var nest yngst av i alt sju sysken. Tre av dei døydde som barn. Ved folketeljinga i 1865 bur Anne i Eggi saman med foreldra og dei tre gjenlevande syskena Brit (fødd 1832), Johannes (fødd 1849) og Embjørg (fødd 1855). Johannes emigrerte til Amerika i 1867. I 1875 ser det ut til at Anne er einaste gjenverande barn i huset hjå foreldra.

I løpet av eit tidsrom på tre-fire år 1887-1890 døyr fyrst faren, så mora og til sist yngstesystera Embjørg, som på det tidspunktet hadde flytta heim att til Eggi. Eldstesyster Brit kjenner vi ikkje nærare livssoga til. Det er mogleg at ho i likskap med broren hadde utvandra.

Da Anne vart einsleg, vart ho eigar av stugu på plassen. Det kom nye husmannsfolk til Nedre Eggi rett før 1900. Da fekk Anne leigd ei tomt i Kroken i nabolaget, og sette opp att huset der. Det gjekk under namnet Eggjastugu, og i daglegtale vart der Anne gjerne omtala som Anne Eggjastugun. På folketeljingstidspunktet 1900 er bustaden hennar framleis «N Eggen». Anne lever av spinning og veving, og ho har ein framhaldsskulelærar som losjerande.

I 1910, 58 år gammal, bur Anne aleine, og oppgjev til folketeljinga at ho blir forsørga av «brødrene» i Amerika. Ho hadde altså berre den eine broren, men fleirtalsforma kan indikere at også eldstesystera Brit budde i Amerika.

Samfunnsaktør og kulturpersonlegdom

Anne Eggen var etter tid og omstende ei opplyst kvinne. Gjennomgådde kjelder viser ikkje kva skulegang ho eventuelt har hatt ut over allmugeskulen. Det kan ha vore tilbod om framhaldsskule (kveldskurs o.l.) i hennar oppvekst. Ho var litt for gammal til å ha følgt undervisninga på barnetrinnet som Andreas Austlid, Ivar Blekastad med fleire dreiv i sin friskule på Ofigsbø i 1870-åra. Men det er sannsynleg at ho har vorte inspirert og oppmuntra i sin danningsprosess av miljøet rundt denne skulen.

Ho skaffa seg bøker og blad. Mellom anna abonnerte ho på landsmålsorganet Den 17de Mai, og det er rimeleg å tru at ho var med og reidde grunnen for språkskiftet til nynorsk i Lom i 1890-åra. Som leiar i venstrelaget må ho hatt sitt å seie i denne saka, sjølv om hennar namn ikkje er nemnt i gjennomgådde kjelder om språkskifteprosessen.

Lite er også elles kjent om den politiske innsatsen hennar ut over at ho altså vart leiar av det lokale venstrelaget. Ho skal ha hjelpt mange menn til å nytte røysteretten ved å hjelpe dei med dei formalia som skulle til. I følgje ein notis Gudbrandsdølen om valet av henne til partileiar, blir det sagt ho er «jevnsides om ikke over de andre Bestyrelsesmedlemmer baade i politisk Oplysning og Interesse».[2]

Med det same dette vart kjent, skreiv Bjørnstjerne Bjørnson frå Roma eit oppglødd brev til Eggen og gratulerte henne. Han skreiv mellom anna:

«Kjære Anne Eggen! Det er nu mange år, siden jeg offentlig bad om, at kvinner måtte komme med i de politiske foreninger og vælges med i styret. De kan da forstå min glæde ved å læse, at De er blét valgt til forman for venstrefolket i Lom. Den er tvefold stor derved, at førstegang slikt skjer, er det ikke i en by, men ute på landsbygden, oppe mellem fjællene.»[3]

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Kyrkjebok for Lom 1837-1863
  2. Her sitert etter Ekre, L. 1984 side 27.
  3. Sitert frå Ekre, L. 1984 side 30.

Eksterne lenkjer