Anton Hansen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Hansen

Anton Hansen (fødd 25. mars 1840 i Asker, død 19. juni 1891 i Mo i Rana) var son av skuledirektør Halvor Hansen og Maren f. Hvile. Han vart student 1863 og tok teologisk embetseksamen 22. desember 1871. Etter studiane var han ei tid lærar på Hamar og personleg kapellan i Idd i Østfold. Han gifte seg fyrste gongen i Idd, Østfold, 14. juni 1876 med Marie Tobine Cathrine f. Kildahl (1848-1886). Ho døydde ei veke etter å ha fødd det sjette bornet deira, og 31. januar 1888 gifte Hansen seg att i Hemnes med Johanna Widing Heiberg f. Landmark (1865-1953).

Den 2. februar 1876 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen i Sogn og Fjordane. I Hansen si tid vart skulehuset i Sperla innvigd (26. januar 1877), og skuletida for born vart utvida til 22 veker. Landstads salmebok vart teken i bruk medan han var prest, 1. pinsedag 1879. Hansen fekk òg bygt eit nytt "smalefjøs af steen" i Prestegarden i 1881 og eit nytt "kofjøs" av stein i 1883, kosta av bygdefolket.

Som prestane før han var Hansen ordførar i Jostedalen frå 1881 til 1884 og var med på sitt siste kommunestyremøte 1. april 1884. Han vart dermed den siste presten som var ordførar i Jostedalen.

Hansen heldt avskilspreika si i Jostedalen 27. april 1884 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest på MoHelgeland 3. november 1883. Dette embetet hadde han til han døydde.

Hansen fekk seks born i fyrste ekteskapet og tre i det andre. Den eldste dottera hans var Maren Karoline, kjend som Lina, som vart gift med Ragnvald Cornelius Knudsen, seinare sokneprest i Jostedalen.

Kjelder og litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 34b. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 6. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 338-39. Digital versjonNettbiblioteket
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Andreas Emil Hansen 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Wollert Johan Lyder Frich 


Forgjengar:
 Anders Christenson Ormbergstøl 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Anders Christenson Ormbergstøl