Arkeologiske registreringar på Kollemo 2015

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arkeologiske registreringar på Kollemo vart utført i 2015 i samband med planar om å utvida byggjefeltet på Kollemo i Hægebostad kommune, på vestsida av Laukrokveien. Utvidinga med 47 mål er tenkt å gå ut til og med Stora Dekå. Før eit slikt tiltak kunne setjast i verk, måtte det undersøkjast om det er fornminne i området.

I 1997 gjennomførde Kollemo skole ein Kulturminnedag, der elevane tok bilde av ulike former for kulturminne. Her er eit av fotoa, ein langhaug på Kollemo som det er skrive om i rapporten. Arkeologiske registreringar på Kollemo 2015.
Foto: Elev ved Kollemo skole (1997).

Frå før var det kjent at det ligg ein del gravhaugar i dette området, bl. a skal Laulubben liggja her. Denne gravhaugen greidde Ånen Lauen å berga frå å bli øydelagt. Ein bulldoser var i gang med å sletta han. På sjølve garden Kollemo er det funne eit sverd frå ein gravhaug, og rett nord for Kollemo skole ligg eit område med graver, ei koksteinsrøys og mogelege rester av eit bronsealderhus.

Fylkeskommunen gjorde desse undersøkingane i vår, og dei fann ein god del interessante ting. Det blei grave 32 søkesjakter av ulik storleik, og det var ca. 1580 kvm som blei avdekka og grundig undersøkt. Det blei funne 24 automatisk freda kulturminne.

Nokre fornminne er lette sjå. Det er oftast gravhaugar med fotring i nedre kant, og gjerne også ei hole ned frå toppen. Denne kan vera frå eit gravkammer som har rotna ned, spor etter gravrøvarar, eller begge delar.

I området mellom det dyrka jordet og byggjefeltet blei det funne 3 større langhaugar i sør ned mot kanten mot dyrka mark, og 8 mindre gravminne.

På sjølve jordet var det vanskeleg å laga registreringssjakter på grunn av ei straumledning og ein jordingskabel som går på tvers av jordet. Her blei det funne tre kokegroper, og sjølvsagt gravhaugen der Laulubben skal liggje. På kanten ned mot elva i det sørlegaste stykket blei det funne spor etter 3 jernvinner, og fleire kokegroper.

Galleri

Det blei sendt inn 6 prøver som skulle aldersbestemmast. Desse viste, grovt sagt, at prøvene var frå tida om lag 100 år før Kristi fødsel til før år 600. Ein kan vel seia, med alle moglege atterhald, at området ikkje viser spor etter jordbruksaktivitet eller bustadhus frå gamal tid. Dei mogelege stolpehola ein fann kan vel like gjerne bli sett i samanheng med den jernvinneverksemd som var her nokre hundre år etter år 0. Det har vore utvunne jern her ved elvekanten mot Lislåna. Desse jernvinnene er daterte til å vera frå mellom år 250 og år 540.

Det er mange som er gravlagt i området. Gravfunna viser det. Kokegroper, som var i bruk der det var større mengder folk samla (ved t.d. hauglegging?) kan ha vore i bruk over ein tidsperiode på om lag 6 - 700 år (ca 100 f. Kr. til rett før år 600).

Kjelde

  • Rapport frå arkeologisk befaring/registrering på Kollemo 28/2 i Hægebostad v/ Torbjørn Preus Schou