Arne Brimi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Brimi (født 1. oktober 1957) er kokk og matforfattar. Han er kjend for å kombinere norske mattradisjonar med det moderne, internasjonale kjøkken - og for å halde hardt på dialekta si. Brimi har delteke i fleire fjernsynsprogram, som Gutta på tur.

I 1985 vart han utnemnd til årets kjøkkensjef, og i 1987 vart han Norges første deltakar i VM i kokekunst (Bocuse d'Or). Frå 1978 til 2002 var han kjøkkensjef på Fossheim Turisthotell i Lom. Han åpna så Vianvang (Senter for matkultur) i Vågå. I 2005 vart han æra med eit æresdoktorat ved Universitetet for miljø- og biovitenskap.

Bibliografi

  • Frå Lom til Lyon: Kokebok frå naturens kjøken. 1987.
  • Frå naturens kjøken: Mat og matkultur frå kjøkenet under Lomseggen. 1991.
  • Ein smak frå norsk natur: Langs ein vassveg. 1993.
  • Utan mat og drikke: Offisiell kokebok for landrennslandslaget. Med Arne Hjeltnes. 1995.
  • Gutta på tur. Med Arne Hjeltnes. 1997.
  • Norges nasjonalretter: En matglad reise i vårt eget land. Med Ardis Kaspersen. 1999.
  • Tid til overs. Matfilosofi fra Vianvang. 2000.
  • Nordiske nasjonalretter: En matglad reise i Norden. Med Aase Strømstad og Erik Myhr. 2001.
  • Det høieste høie: 10 originalar frå Jotunheimen. Med flere forfattere. 2002.
  • Europeiske nasjonalretter: Spania og Portugal. Med Aase Strømstad og Erik Myhr. 2002.
  • Den opprinnelege smaken. 2003.
  • Årstider: Norsk tapas, turmat og vennemiddager. Med Ole Bjørner Welde. 2006.
  • Brimis beste: Dei beste oppskriftene, den beste smaken, den norske opplevinga. 2006.
  • Den siste fristelse: Kaker desserter og ost. Med Ole Bjørner Welde. 2008.
  • Hverdagsmat og festmat langs primstaven. Med Birger Sivertsen. 2011.

Kjelder