Arnt Olsson Semundset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arnt Olsson Semundset (ca. 1770-1822) var fødd på garden Hestnes i Valsøyfjorden i Aure prestegjeld kring 1770. I folketeljinga i 1801 finn ein han på garden Våg i Aure i same prestegjeldet, og same året gifta han seg med Inger Jonsdtr. Våg (d. 1802). Ekteparet fekk ei dotter, men mora døydde like etter fødselen, 21 år gammal. Arnt Olsson gifte seg på nytt i 1804 med Gjertrud Hansdtr. Ormset, men ho døydde allereie i 1810. Ekteparet hadde ikkje born. På dette tidspunktet hadde Arnt Olsson fått skøyte på eit av dei to bruka på Semundset som faren hadde kjøpt kring 1780. I 1811 gifta Arnt Olsson seg for tredje gong, no med Gjertrud Arntsdtr. Melland. Då Arnt Olsson døydde i 1822, hadde dei fire born saman.

Våren 1814 var Arnt Olsson valmann for Aure prestegjeld. På dette tidspunktet var han også medhjelpar til presten i Aure. I samband med utskrivinga av sølvskatten i 1816 sat han i den lokale likningskommisjonen, og han var også medlem av bygdekommisjonen i åra kring 1820.

Kjelder:

  • Arnt Olsen i folketeljinga 1801 for Aure prestegjeld frå Digitalarkivet
  • Anders Todal: Gardtales i Aure', bd. II, s. 416-417.
  • Orten, Per Eilert: Den nye dagen gryr. Bygdabok for Aure 1800-1900. Allmenn historie, s. 218, 271.

Eksterne lenker