Astor Furseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Astor Furseth (født 21. desember 1940 i Sykkylven) er forfattar, lokalhistorikar og skredhistorikar.

Han vart utdanna til tannlege ved Universitetet i Oslo, med eksamen i 1965. Etter å ha praktisert i Lyngen og på Færøyane ein del år flytta han i 1978 til Valldal i Norddal kommune og opna praksis der.

Som forfattar debuterte han i 1970 med dei to romanane Svart samtale og Jux, og han har seinare skrive ei rekke bøker, noveller, essay og artiklar. Under pseudonymet Trond Vest har han skrive romanar om Knut Gribb. I dei siste tjue åra har han særleg skrive fagbøker. Mellom anna har han jobba med skredhistorie, og bygd opp ei komplett oversikt over kjente skred gjennom historia. Boka Vargtid - og andre historier frå fortida frå 1995 kom i søkjelyset då Karsten Alnæs vart skulda for plagiat.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Astor Furseth er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.