Atrå songkor

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Atrå songkor vart stifta i 1893 av ei gruppe menn med tilknyting til den frilynde ungdomsrørsla i Tinn kommune. Sjølv om Atrå ungdomslag formelt vart stifta nokre år etter songkoret, vart koret i mange år rekna som eit «særlag» av ungdomslaget. I den fyrste tida var koret i praksis eit mannskor, men frå omkring 1910 fekk det fleire kvinnelege medlemer og vart eit blandakor, slik intensjonen ser ut til å ha vore frå starten av. Fram til slutten av mellomkrigstida fortsette koret å vere ein integrert del av ungdomsrørsla. Eit skifte skjedde derimot i 1938, da koret fekk eigen formann og ein meir sjølvstendig posisjon. Etter krigen etablerte koret seg som ein viktig institusjon i bygda sitt kulturliv, noko som ikkje minst skuldast gode dirigentar, som synte evne til fornying og samarbeid med andre kormiljø i Tinn. Særleg viktig blei samarbeidet med Austbygde songkor. På slutten av 1980-åra vaks det fram spenningar i kormiljøet i bygda, som resulterte i splitting og krise for Atrå songkor. Omkring 1995 vart koret oppløyst.

Tida fram til 1942: Frå «særlag» under ungdomslaget til større sjølvstende

Den sentrale initiativtakaren bak danninga av koret i 1893 var Herbjørn Svalestuen (1867-1952). Svalestuen blei også den første leiaren for koret. Aktiviteten i dei fyste åra varierte mykje, men frå 1910 fekk koret ein drivande dirigent i Ragnhild Iversen, som hadde det kunstnarlege ansvaret for verksemda heilt fram til 1950. Rekrutteringa til koret blei også lettare i desse åra, noko som ifølgje Hallvard Hegna kan ha samanheng med gjennombrotet for korrørsla i norske bygdesamfunn og særleg det faktum at fleire av skulane i Tinn byrja med fleirstemt song på slutten av 1800-talet. Vi må også tru at den veksande interessa for koret hang saman med den generelle veksten som ungdomsrørsla opplevde i åra mellom fyrste og andre verdskrig. Den frilynde ungdomsrørsla vart saman med arbeidarrørsla den viktigaste sosiale og kulturelle faktoren i det lokale samfunnslivet i Atrå sokn og Tinn kommune.

Opplysningane om koret er derimot sparsommelege og spreidde i protokollane til ungdomslaget. Frå munnlege kjelder har vi derimot opplysningar som fortel frå «kvardagslivet» til koret. Gro Brekka, som seinare vart leiar for Atrå songkor, fortel at songøvingane fant stad heime hjå dirigent Ragnhild Iversen, som til dagleg var lærar ved Marum-Ullern skule, der ho også hadde ein liten bustad: «Øvingane var hyggjelege samvere, og songarane vart alltid trakterte med frukt, noko dei syntes var svært gildt», fortel ho frå midten av 1930-åra. Olav Lisland vart den første formannen for koret i 1938, da banda til ungdomslaget vart litt mindre sterke. Han sat fram til 1942, da både koret og ungdomslaget i Atrå la ned verksemda.

Tida etter 1947: Blømingstid under Nils Haukaas si leiing

Etter andre verdskrig låg korsongen nede nokre år i Atrå, men frå 1947 starta songkoret på nytt. Enno nokre år var Ragnhild Iversen dirigent, men omkring 1950 ga ho seg. Margit Uvås, som også var lærar, overtok i åra frå 1950 til 1953. Da vart Nils Haukaas dirigent, og med han skjedde noko av eit tidskifte, ifølgje koret sin historikar Hallvard Hegna:

Det kan kanskje seiast at dette var byrjinga på ein utviklingsfase som etter kvart vart til ei blømingstid for korsongen i bygdene ved Tinnsjøen.

Nils Haukaas hadde allereie i nokre år vore dirigent for Austbygde songkor, som vart stifta i 1949. No vart han dirigent for begge kora, og det gjekk ikkje lang tid før spørsmålet om eit samarbeid mellom dei kom på tale. Som eit resultat av dette byrja kora frå november 1965 å ha felles øvingar på Dølehalle samfunnshus i Tinn Austbygd, som heilt fram til kora skilde lag frå 1990 var fast øvingsstad. Organisatorisk var det derimot distanse, og kora hadde kvar si leiing og kvart sitt styre.

To blad Haukaas: Større ambisjonar i tida frå 1972 til 1989

Dølehalle var arena for dei årlege «sangerfestane» som i regelen fann stad i april månad og etter kvart fekk ord på seg for å vere «kulturelle storhendingar» i dei to sokna. Under leiing av Nils Haukaas auka ambisjonane monaleg i 1960- og 70-åra. Felleskoret tok på seg store oppgåver, som Ver Sanctum av Sparre Olsen (til tekst av Olav Aukrust) og Kroningsmesse av Wolfgang Amadeus Mozart. Etter kvart vart koret også involvert i musikalar og sceniske framsyningar, som Spelemann på taket. Satsinga på større sceneoppgåver vart styrkt etter 1976, da Jon Haukaas – rektor ved Oslo Lærarskule – pensjonerte seg og vende attende til Tinn Austbygd, der han hadde vakse opp. Jon Haukaas hadde eit nært tilhøve til dirigenten Nils Haukaas, og dei innleidde et fruktbart samarbeid som stilte koret, ja heile lokalsamfunnet, overfor svære utfordringar, fortel Hallvard Hegna:

Oppgåvene vart no så store at ein trong alle dei menneskelege ressursane som fanst både i Austbygde- og Atråkoret og meir til. Dette kom til å krevja mykje meir arbeidsinnsats enn tidlegare. Men det gav desto meir av gode opplevingar og vellukka framsyningar, og vi vaks saman på ein måte som gav djupe spor og gav oss gode minne.

Under leiing av Haukaas-duoen vart det eine store sceniske prosjektet etter det andre realisert i andre halvpart av 1970-åra og i 1980-åra. Det fyrste prosjektet var Fjeldeventyret av Henrik Bjerregaard, seinare følgde til dømes ei stor Evert Taube-framsyning og Trost i taklampa av Alf Prøysen. Jon Haukaas tok sjølv aktivt del i tilrettelegginga, og han skreiv også to originale spelstykke for felleskoret, Bakom syng fjellet og Veidemann og jeger, som var inspirert av den nære tilknytinga han hadde til Tinn-bygdene, til fortida deira og til fjellheimen omkring bygdene.

Mot nedlegging

1989 er eit hendingsrikt år i historia om Atrå songkor: Det starta med at Nils Haukaas trakk seg som dirigent, etter 35 års virke for koret. Det slutta med at korsamarbeidet mellom Atrå og Tinn Austbygd vart oppløyst. Mellom dei to hendingane låg eit mislukka forsøk på å finne ei ny styringsform basert på eitt i staden for to styre. Bak prosessen låg eit ynskje frå ein del deltakarar om å skape eit nytt kor, Tinnsjø Songkor, som skulle foreine korsongarane ved enden av Tinnsjø. Initiativet resulterte i brot mellom partane og store endringar: Austbygde songkor oppløyste seg sjølv, og medlemene gjekk inn i Tinnsjø Songkor. Atrå songkor vart derimot splitta; nokre medlemer gjekk inn i det nye koret, mens andre valde å halde fram i Atrå songkor, som fortsette verksemda ei tid frametter. Men omkring 1995 var det slutt. Koret gjekk i oppløysing. Betre gjekk det ikkje med det nye Tinnsjø Songkor. Etter nokre år måtte også det melde pass.

Litteratur og kjelder

  • Hegna, Hallvard: Song i 100 år. Atrå songkor 1893-1993, Atrå songkor 1993.
  • Per Espeland: Munnleg informasjon om songkora i Tinn etter 1993 (12.03.2015).