Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Aure Teglverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei aller første industritiltaka på Sunnmøre. Aure Teglverk er først nemnt i skriftlege kjelder i 1814. Då søkte Nils L. Aure på Aurebøen og Lars Karl A. Aure i Kapralgarden dei andre oppsitjarane på Aure-garden om løyve til å vinne ut leire på den staden som framleis vert kalla «Verket». Seinare finn vi at teglverket i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; «et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn». Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserte det som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3.000 takstein, 3.000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet.

Frå midten av 1840-åra låg verket nede, men i 1854 vart det teke opp att. Først frå dette året vart det eit større omfang på produksjonen. Då vart det laga 140.000 murstein, og like stor var produksjonen det fylgjande året. Då vart det i tillegg laga 2.000 teglstein.

Det var vanskeleg å få drifta til å løne seg for eigarane, som hovudsakeleg kom frå Ålesund. Difor vart drifta på nytt innstilt om lag 1863, inntil ho vart teken opp att mot slutten av 1860-åra.

Det var ikkje før ved fjerde driftsforsøket, i 1898, at verket fekk eit rasjonelt produksjonsopplegg. Då vart det mellom anna lagt skinnegang frå anlegget ned til kaia på Aure. Arbeidsstokken var kring hundreårsskiftet på mellom 15 og 20 mann. Teglverket var då den største arbeidsgjevaren i Sykkylven.

Etter to års ny stillstand vart det full verksemd igjen frå 1904 i samband med oppattbygginga av Ålesund etter brannen. Brørne Kraasbye frå Ålesund kjøpte då teglverket og tilsette ein røynd fagmann, ingeniør Bjørhus frå Østre Aker, som driftsleiar. Han hadde med seg fleire fagarbeidarar frå Austlandet.

Etter at Ålesund var bygd opp att, minka spurnaden etter teglsteinen frå Aure. Teglstein som bygningsmateriale fekk også konkurranse frå sementstein som var billegare å produsere. I 1910 stogga drifta.

Åtte år seinare, i 1918, kjøpte A/S Søndmøre Cementstøperi & Entreprenørforretning i Ørsta teglverket. Det vart på nytt teglsteinproduksjon ved verket, men dette varte berre i ei kort tid. Allereie året etter vart tomta selt til Peter Sivertson Grebstad. Han selde ein del av tomta vidare til Sykkylven frilynde ungdomslag, som let Sykkylven Idrottslag lage idrettsbane der. Idrettsplassen vart teken i bruk i 1920. I dag er her ein fotballbane med kunstgrasdekke.

Kjelde

  • Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital utgave på bokhylla.no
  • Høidal, Eldar: Sykkylven Idrottslag 85 år. Sykkylven 1991.
  • Informasjon frå bygdebokforfattar Gunnar Ellingsen, Ørsta.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy