Auskjeret varde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Auskjeret varde er eit geografisk målepunkt i Sykkylven. Varden vart bygd på fjellet Auskjeret omkring 1893. Namnet Auskjeret viser til forma på fjellet, ei omvendt ause.

Bakgrunnen for vardar

I 1772 gjorde svenske-kongen Gustav 3. statskupp for å få større makt. Den dansk-norske kongen reagerte med å treffe tiltak mot mogleg militært åtak på Noreg. Kongen ønska seg militære beredskapskart over alternative oppmarsjområde langs grenseområda. Oppåva gjekk til sjefen for Det dansk-norske ingeniørkorps, general Wilhelm von Huth. I 1773 etablerte von Huth den tekniske etaten som fekk namnet ”Noregs Grændser Oppmåling” Under seinare namn, mellom dei Noregs Geografiske Oppmåling, NGO, heldt denne etaten fram. No er namnet Statens kartverk.

Etter planen skulle det kartleggast eit område som strakk seg frå Iddefjorden til Stener skanse i Verdalen, Trøndelag i ei breidd ut til Christianiafjorden (Oslofjorden) og nord for Øyeren til ei mil vest for Glomma. Ute i Europa, særleg i Frankrike, var ein komne langt i teknikken med å kartlegge ved hjelp av triangulering. Det vil seie at ein målte vinklar mellom markerte punkt i terrenget, og ved hjelp av matematikken greidde ein så å rekne ut koordinatar for punkt som skulle vere med på karta.

For å sikre ein storstilt samanhang mellom dei ulike nabokartblada, vart det lagt inn eit nasjonalt koordinatsystem som for Noregs vedkomande tok utgangspunkt i flaggstonga på Kongsvinger festning. Det vart Noregs nullmeridian! I 1833/34 sto Christiania Observatorium ferdig, som det første nybygget til det norske universitetet. Nullmeridianen vart flytta dit, men i nærare 70 år, framleis med referanse til flaggstonga på Kongsvinger festning.

Dette punktet vart Noregs nullmeridian. På den tida var det vanleg at kvar nasjon hadde sin nullmeridian. Men med større kontakt og kommunikasjon over landegrensene vart det behov for ein internasjonal referansemeridian. Etter andre verdskrigen vart meridianen i Greenwich teken i bruk som utgangspunkt for geografisk lengde også for norske landsdekkande kartseriar.

Kommunane heldt likevel fram med eit nasjonalt system med nullmeridianen gjennom Oslo Observatorium heilt fram til dei tok i bruk satelitteknologi. For å kunne triangulere, måtte ein frå flaggstonga på Kongsvinger festning ha ein del faste referansepunkt, og frå dei punkta ha målngar til nye referansepunkt.

Tidleg på 1800-talet kom nemninga 1. ordens punkt for målepunkt i triangelrekker over store område. Seinare kom også nemningane 2. ordens, 3. ordens og nokre stader heilt ned i 5. ordens punkt nokre stader. Auskjeret varde er eitt av desse 1. ordens punkt. Det vart fastsett nærare 450 slike 1. ordens punkt. Av desse om lag 450 1. ordens punkt er det no gjort framlegg om å verne 33, mellom dei Auskjeret varde. Ingen 2., 3., 4. og 5. ordens punkt er føreslege verna. To vardar i Møre og Romsdal er med på fredingsframlegget. Auskjeret varde i Sykkylven og Melen varde i Eide og Fræna kommune.

Auskjeret varde

Det trigonometriske punktet på fjellet Auskjeret har nemninga C27T0003. Ved punktet er der ein varde, ein firkantbolt (sentrumsbolt), ein gamal sikringsbolt av jarn og ein NGO-bolt i ein stor stein austnordaust for sentrumsbolten. Varde i det trigonometriske punktet Auskjeret vart bygd omkring 1893 og vart nytta i ei triangulering av landet i 1893/1895. Den gongen var varden rund.

Mellom anna på grunn av at runde vardar gir belysningsproblem (solas kontinuerleg varierande skuggeverknad gjennom dagen), gjekk Oppmålinga over til å tilrå firkantvardar frå omkring 1912 for 1. ordens punkt. I ein periode frå 1945 til slutten av 1950-åra vart det bygd firkantvardar i 1. ordens nettet. Vardebyggarane hadde då instruks om å rive eksisterande vardar og bygge opp nye som firkantvardar. I ein rapport frå vardebyggar for NGO, Anders Skåre, går det fram at det var han som reiv den gamle varden 22. august 1945 og fullførte oppattbygginga av ein ny varde. Han rapporterte at det vart lang transport av steinar, og etter tre dagar stod den nye varden ferdig. Skåre kom og gjekk utan at han vart observert av lokalpersonar. Dette gav nok grunnlaget for anekdoten om varde-endringa.

Tyskarane dreiv mykje kartlegging og vitja varden på Auskjeret tidt og ofte. Seinhaustes 1945 vart det observert at varden ikkje lengre var rund, han var blitt firkanta. Dette gav grobotn for fleire anekdotar. Den eine anekdoten var at nokon hadde vore der, rive ned varden for å sjå, eventuelt ta med seg noko tyskarane hadde late att etter seg inni varden. Då dei bygde han opp att, var dei ikkje så nøgne med det, og varden vart firkanta!

Ein annan anekdote var at nokon hadde gøymt noko for tyskarane i varden og då krigen var slutt, reiv dei han ned og tok ut det dei hadde gøymt og bygde opp att ein firkanta varde.

I august 1961 utførte geodet Per Moen første ordens triangulering med teodolitt i det trigonometriske punktet på Auskjeret. Målinga gjekk inn i ein plan om å dekke heile landet med eit nett av 1. ordens punkt. Då vart det sett ned ein firkantbolt som observasjonsbolt. Sommaren 1982 vart det frå Auskjeret målt avstandar i 1. ordens nettet med elektromagnetisk avstandsmålar.

Det trigonometriske punktet Auskjeret gjekk også inn i trianguleringa for økonomisk kartverk i 1961 og 1986.

Både Sykkylven og Stranda kommunar har tidvis nytta sikten mot Auskjeret varde i sine oppmålingar og varden er soleis med på siste oversikt over Trigonometriske punkt i Sykkylven og Stranda kommunar (1999).

Kjelder

  • Statens kartverk: Våre varder. Oslo 2012.
  • Arild Bergstrøm: Auskjeret varde. Sykkylvsbladet 16.4.2013


Koordinater: 62.3773759° N 6.7748866° Ø