Bø kyrkje (Karmøy)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Bø kyrkje var ei steinkyrkje på garden Bø i TorvastadKarmøy. Første gongen kyrkja er nemnt i eit bevart skriftleg dokument, er i samband med ein visitas biskop Arne av Stavanger gjennomførte på Karmøy i 1301. Kyrkja stod om lag på det høgste punktet i gamletunet på Bø. Det finst i dag ingen synlege spor etter Bø kyrkje.

Innhold

Datering og byggherre

Det vart i alt reist 19 steinkyrkjer i Rogaland i mellomalderen. Dateringsmessig og stilmessig samlar dei seg i to hovudperiodar. Ei gruppe kyrkjer i romansk stil skriv seg frå 1100-talet, truleg i stor grad frå kring midten av århundret. Den neste store byggefasen kom i andre halvdel av 1200-talet, då det blei reist kyrkjer i gotisk stil. Det er ikkje avklart kva fase Bø-kyrkja høyrde heime i, men mest truleg stamma ho frå 1100-talet. Frå kyrkjestaden på Bø er det fritt utsyn over Bøvågen til OlavskyrkjaAvaldsnes. Samanlikna med kongen si Olavskyrkje, ville steinkyrkja på Bø fortona seg som svært lita. Å byggja kyrkjer i stein var prestisjeprosjekt som krov store ressursar, og det rimer betre dersom ein stormann på Bø fekk reist kyrkja på 1100-talet. Då ville ho i om lag 100 år, ha vore den einaste steinkyrkja på Karmøy. Det er mogeleg at den gamle storgarden Bø var lendmannssete på 1100-talet.

Var Bø kyrkje soknekyrkje?

Truleg vart kyrkja på Bø reist som eit privat kapell for stormannsslekta på garden. Det er likevel mogeleg at ho seinare fungerte som soknekyrkje i ein periode. Folkeauke i høgmellomalderen kan ha medverka til at kyrkja endra status. I første halvdel av 1300-talet var det vanleg å skilja mellom sokneprestar (hovudprestar) og kapellprestar (underprestar). Ved biskop Arne sin visitas i 1301 er det ingen ting som tyder på at Sigurd, prest i Bø-kyrkja, hadde nokon annan status enn dei andre prestane på Karmøy. Soknekyrkjene hadde gravleggingsrett og dåpsrett. Skjelettfunn vitnar om at Bø kyrkje i alle høve hadde den første retten, medan vi ikkje veit noko om dåpsretten. Eit vitnebrev skrive i Halsnøy kloster i 1316 er utstedt av presten i Skåre og Nikolas, prest i Bø. Dersom Bø kyrkje ikkje var soknekyrkje, ville det vore rimeleg å kome med ein nærare opplysning om kvar kyrkja stod. Alt i alt er det difor mest rimeleg at Bø kyrkje fungerte som soknekyrkje i tida rundt 1300.

Forfall

Ein gong mellom midten av 1300-talet og 1563 gjekk Bø kyrkje ut av bruk. Bø si tid som stormannssete var no over, og folketapet etter svartedauden og påfølgjande pestepidemiar medverka til at det ikkje lengre var behov for kyrkja. Omkring 1780 stod enno kyrkjemurane i vindaugshøgde. I byrjinga av 1840-åra var berre tomta tilbake. J.K. Christie skildra i 1842 tilhøva på Bø slik: I Bøtunet støter man ved gravning tett under gresstorven på en hel hoben med menneskeben og gården drøner fra de hule grave under den gåendes fot. Ved vegarbeid i 1920-åra kom det for dagen beinrestar frå to begravelsar. Andre opplysningar går ut på at det dukka fram skjelettrestar nok til å fylla fleire kassar. Stein frå kyrkjeruinen blei nytta i husmurar og gjerde på Bø. Ei helle som låg framfor kordøra, hamna som trappestein på eit av våningshusa på garden. Kanskje er det denne hella som ligg i øvste trinnet ned til kjellardøra på lensmannsstova på bruk nr. 9. Stein frå Bø-kyrkja skal også ha hamna i ei låvevru på nabogarden Øvrabø.

Litteratur

  • Fyllingsnes, Frode: Karmøys historie. B. 2: Middelalderen. Karmøy kommune, 2000
  • Haaland, Kjetil: Bygdekirkene i stein. Monumenter over Rogalands aristokrati i høymiddelalderen? Hovedfagsoppgave i historie. NTNU, 1998
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy