Barlindbotn skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Barlindbotn skule er einaste skulehuset i Barlindbotn krins i gamle Eikefjord kommune. Huset stod klar til bruk 1916 og fungerte som skule fram til 1960. Då vart krinsen lagt ned og elevane overført til Tonheim krins. Skulehuset fungerte ei tid som grendahus. Etter kvart vart huset gjeve tilbake til garden som opphaveleg hadde gitt fri grunn til skulen.

Skulehuset

Lærar Karl P. Hjertenes gav fri grunn til skulehuset. Krinsen måtte transportere stein til grunnmuren til tomta innan mai 1912. Dei vart også pålagt å ordne gjerde og leikeplass. Oppdrage med å bygge skulehuset kom ut på anbod i 1914 og sagbruk- og trelasthandlar Gjertsen frå Hyllestad tok til med arbeidet same året.

I 1955 fekk skulehuset strøm til lys, dei ville halde fram med vedfyring.

Anna bruksområdet

Huset har blitt nytta som grendahus.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
  • Endestad, Odd Asle (2016) Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.583064° N 5.330527° Ø