Belglii 2 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 2
Hovden 89.jpg
Belglii 2 pr 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Utskilt: 1998
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 561
Type: Bustadseigedom

Belglii 2 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset ligg sjåleg til i nedre kanten av Stusslifeltet, og skil seg ut frå dei fleste andre nyare bustader på Hovden med at det er oppført i stort, magetelgt tømmer. På laget liknar det gamle setesdalsstoger, men forma er likevel ny, og eigaren har teikna det sjølv. Ho flutte inn sumaren 1998.

Wenche Jorunn Brokke, f 1962.

Born:
  • Carina, f 1983, p t (2004) under utdaning
  • Mariann, tvill. f 1985, p t (2004) under utdaning
  • Ivar, tvill, f 1985, maskinførar

Wenche var sambuar med Jon Uleberg, som er far åt borna hennes. Foreldra hennes er Hallvard Gunnarsson Brokke og kona Gunvor Larsdotter, fødd Kåvenes, sjå Malmvegen 20, bnr 325. Wenche arbeider for tida (2004) i SFO på Hovden. Systera Gunhild og broren Lars Gunnar er også busette på Hovden, sjå Malmvegen 20 bnr 325 og Belglii 28, bnr 473.


0941 Bykle komm.png Belglii 2 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 41 • Neste bolk: Belglii 4-6-8-10

Koordinater: 59.55841° N 7.35952° Ø