Bergly (Bykle gnr 15/97)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergly
Gjerden 65.jpg
Bergly pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: omkr. 1962
Utskilt: 1983
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 97
Type: Bustadeigedom

Bergly i Bykle ligg rett sørom Berg, bnr 12 og har gått ut derifrå. Nett kva tid dette var, er uvisst, ettersom det ikkje vart tinglyst noko skøyte, men det må ha vore ein gong i fyrste halvparten av 1960-åra.

Han som kaupte tomta av Knut A. Berg og sette opp hus her, var ein dansk bakar, som kom til Bykle i 1961, og sette i gang med bakeri i kjellaren under Samyrkelaget.

  • Walther Christian Langtved, f 1920, d 1992
g 2. 1959 m Sonja Bjorå, Evje, f 1930, busett Hornnes. Born:
  • Gunvor, f 1974;
  • Sonja, f 1975
  • Walther, f 1979
  • Finn, f 1956, seljar, g 1979 m Janne Lind Jørgensen, Tønsberg, busett Tønsberg, born:
  • Lizeth, f 1979
  • Regitze, f 1982
  • Benjamin f 1990

Joan er dotter åt Walther frå det fyrste ekteskapet hans, medan Finn er son åt Sonja frå hennes fyrste ekteskap. Walther adopterte han, så Finn nyttar etternamnet Langtved. Walther Langtved var frå Hals ved Aarhus, Danmark. Kva mora heitte har me ikkje funne ut, men faren heitte Peder Langtved. Walther dreiv bakeri i Bykle i åra 1961 til 1968. I det sistnemnde året selde han huset sitt her, og flutte til Byglandsfjord. I 1972 flutte han vidare til Tønsberg. Vallesoga (V, 514) fortel at han dreiv eigedomen Moen i Hommelunden (gnr 28, bnr 4) i åra 1983-86. Etter dette var han m.a. ei tid i Lillesand, men då han døydde i 1992, budde han i Tønsberg.

Han som overtok her i 1968 heitte Hallvard Eivindsson Sanden. Han hadde vore skogsarbeidar og småbrukar i Sanden, men då han vart pensjonist, kaupte han huset her og flutte hit. Han og familien hans er nærare omtala i bolken om Sanden, gnr 16, bnr 14.

Hallvard Sanden døydde i 1976, og Birgit, kona hans, i 1981. Etter dette vart eigedomen her overteken av dottera, Helga Dale, som bur i Solvang, bnr 46. I 1986 overdrog ho Bergly til sonen, Øyvind.

  • Øyvind Dale f 1965
g m Mette Egeland, f 1974. Barn:
  • Mats, f 2002
  • Malin, f 2008

Øyvind er produksjonsarbeidar på vindaugsfabrikken. Mette arbeider i SFO.

Øyvind og Mette har bygt seg nytt hus på tomta her, og rive det gamle.


0941 Bykle komm.png Bergly (Bykle gnr 15/97) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Gegabu • Neste bolk: Bjårlii 10