Bjørkmyr (Bykle gnr 15/79)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørkmyr
Rydda: 1980
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 79
Type: Bustadeigedom

Bjørkmyr vart sett opp av Bykle kommune i 1980, etter at tomta var dela ifrå bnr 11 året fyre.

Dei fyrste som budde her var familien Bø/Christensen:

  • Magl Bø, f 1951
g m Gunnar Christensen, f 1940. Born:
  • Solveig, f 1976, ergoterapeut, busett Oslo.

Magl Bø vaks opp i Hauggrend i Fyresdal. Ho er dotter åt Knut K. Bø og kona, Jorunn Taraldsdotter, fødd Harstad. Faren kom frå Valle og mora frå Hylestad, og flutte til Rysstad som pensjonistar (jfr. Valle I, 422). Magl er lærar, og arbeidde i Bykle skule frå hausten 1980 til sumaren 1984. I det sistnemnde året flutte ho og familien til Arendal, og 4 år seinare vidare til Randesund.

Gunnar Christensen er frå Arendal, og son åt Solveig og William Christensen. Medan dei budde i Bykle gjekk han i sylvsmedlære hjå Trygve Rysstad (jfr. Valle I, 434), og han arbeidde ei tid i det faget etter at dei flutte åt Arendal. Sidan har han vorte preparant ved eit medisinsk laboratorium.

Då Bø/Christensen flutte ut, flutte Askild Johnsen inn i huset her. Han vart verande til sumaren 1989, då han flutte til eit hus i Kyrkjelii. Der er han framleis, og han og familien hans er nærare omtala i bolken om den verestaden (Kyrkjelii 6, gnr 13, bnr 31).

Den neste me veit budde her er Finn Qvale. Han var her i åra 1991-1997, etter at han tidlegare hadde leigd Bjårlii 14 A frå 1989. I 1997 kaupte han og kona eit hus i Kyrkjelii, Kyrkjelii 8, gnr 13, bnr 32, og flutte dit. Ein kan lesa meir om dei i bolken om den verestaden.

I 1998-99 budde Sladjana Byklum her. Ho bur nå i Kyrkjelii 3 gnr 14, bnr 65, og er nærare omtala der.

I åra 1999-2002 budde Iris Mattsson her. Ho er jordmor, og fødd i Sverige 1942. Ho flutte frå Bykle til Ålesund, men me har ikkje greidd å finne henne att der, og veit ikkje meir om henne.

I 2002-2003 budde Liv Flatland Flaa her. Ho hadde tidlegare halde til i ymse kommunale hus gjennom ei årrekkje, lengste tida i Bjårlii 12-14, bnr 125, og ein kan lesa noko lite meir om henne der. I 2003 flutte ho til Hattfjelldal.

I skrivande stund (haust 2003) bur her ikkje nokon.


0941 Bykle komm.png Bjørkmyr (Bykle gnr 15/79) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Furubo • Neste bolk: Kraftbo