Bjørnarheim krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå fylkesatlas.no
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Bjørnarheim krins i gamle Breim kommune var eigen krins frå 1860. Krinsen famna om gardane Bjørnarheim, Støyva, kleppe og Fløtra. I tillegg kom Nyvoll, "Bruaplassen", "Brendebakkeplassen" og dei huslydar som etter kvart busette seg vest for Bjørkelobrua.

Alt under krinsreguleringa i 1890 vart det føreslege at Hole krins og Bjørnarheim krins skulle slåast saman til ein krins. Det skjedde likevel ikkje før i 1922 då det stod ferdig nytt skulehus på Hole.

Skulehus

Bjørnarheim skule

Skulehuset stod i bakken vest for gamlevegen til Støyva, på Ludvikbruket sin eigendom (gnr 93, bnr 22, skulehustomta).

  • Byggeår: 1864
  • Fungerte som skule: 1864-1922
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart kjøpt om av private og truleg tiltenkt som kvernhus på Bø. Det vart heller nytta som pels -og fórkjøken ei tid. Etter det vart huset kjøpt av Alf og Aslaug Nyland og sett opp som uthus på eigendommen deira på Flølo.

Skuledagen

Karoline Moldestad (født Bjørnarheim i 1901) fekk ta til på skulen på Bjørnarheim i 5-årsalderen saman med Astrid A. Bjørnarheim (f.1901). Då var det Kristi Moldestad som var lærar i småskulen. Karoline hugsar at dei fekk eigen tavle og griffel. Dei hadde lekser og borna måtte vere stille i timen. Disiplinære tiltak var det lite av, men av og til måtte noko sitje att etter skulen med arbeid (til dømes rekning) og det hende at ein uskikkeleg gut måtte setje seg bort til jentene for ei tid.

I friminutta leika dei på ei flate utanfor huset. Om vinteren sigla dei med kjelke på bygdevegen.

Medan Karoline gjekk på skulen, var det skikk at elevane kjøpte julegåve til læraren. Då gjekk alle elevane ned på "Bua" og gjorde handel for det pengene dei hadde samla inn. Då lærarinna gifta seg gjekk elevane saman og handla bruregåve (Kristi Moldestad ?). Heile flokken drog på "Bua" og kjøpte eit kaffisett. Dei hadde nokre ører til overs og for dei kjøpte dei ein pakke med drops og la ved. Både kaffisettet og dropsa vart sett umåteleg stor pris på.

Skulevegen

Lærarar

Namn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Per Felde Bjørnaheim 1865 1890
Gabriel Reed 1869 Bjørnaheim 1890 1891
Lars Reed 1864 Bjørnaheim 1892 1894
Nils Kaarstad Bjørnaheim 1894 1899
Arne Hunskaar Bjørnarheim, Myklebust og Sandal 1900 1920
Mari Verlo Bjørnaheim 1891 1904
Kristi Moldestad Bjørnaheim 1904 1918
Maria Aaland Bjørnaheim 1918 1920
Magnhild Hole Bjørnaheim 1920 1922
Olav Rognebakke Bjørnaheim 1920 1922

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.741962° N 6.513030° Ø