Bjones (Bykle gnr 16/8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bjones
Stavenes 39.jpg
Bjones med uthus frå 1950 og våningshus frå 1954. Bilen i innkøyrsla er ein Ford Anglia av ein modell som vart produsert i åra 1959-1960. Biletet er teke av Sjur Fedje i 1966. Frå Norsk Folkemuseum.
Rydda: Fyre 1350
Utskilt: 1843
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 16
Bnr: 8
Type: Gardsbruk

Bjones er ein gamal husmannsplass under Stavenes i Bykle kommune, som vart delvis sjølveigareigedom så tidleg som 1764, og matrikulert til eige bruk i 1843. Bruket ligg ved riksvegen omlag 3 km sunnanfor Bykle kyrkje, på den austre stranda av Bykil. Enklaste tilvisinga i dag er vel å seia at bruket ligg ved nordenden av tunnelen gjennom Sandefjellet.

I gamal tid var det ferjestad her, og oppsitjaren i Bjones hadde arbeid med å ro folk og varer som skulle nordetter dalen over vatnet til Vettsto ved Lambeto. I ei kontrakt med presten om plassen frå 1795 heiter det såleis at «... Bjones bestandig har været, og herefter stedse skal forblive et Færgested til Sognets Almues og Reisendes Befordring.»

Når det gjeld namnet, har ein lite av gamle skriveformer å byggje på, men i 1713 vart forma Biaanes nytta i ei skatteliste, og på eit militærkart frå 1790-talet står det Bøenes.

Tarald Nomeland dreg i den gamle gards- og ættesoga (218) fram det gamalnorske ordet bjórr, m, i tydinga kile, bløyg, trisnipp, viser til at neset er kileforma og smalnar av mot nord, og peikar på at r-en ofte vert kasta i uttalen av sume ord. Såleis reknar han med ei ljodutvikling frå bjórnes til bjónes. Tydinga vert då 'kileforma nes'. Dette trur me ikkje kan vera rett, ettersom kileforma ikkje er særskilt iaugnefallande. Vidare kunne namnet koma av bjórr, m, i tydinga bever, eller det kunne ha samanheng med adverbet bjugr som kjem av verbet beyga, bøygje. Det siste er då framlegget til Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne, VIII, 214). Det siste framlegget vil me rekne som mogeleg. Likevel meiner me at den ovannamnde skriveforma frå 1613 viser at fyrstelekken i namnet i eldre tid mykje truleg har vore uttala bjå-, og ikkje bjó-. Om dette er rett, har me då her å gjera med det sjølvstendige hokjønnsordet bjå, som er laga på grunnlag av genitivsforma av bŒr (bø). Tydinga av bjå er 'støylsvoll' (Jfr Hans Ross: «Bjaa», Norsk Ordbog, 1895, og Andreas Kjær: «Utabjaa», Norske Gaardnavne VII, 403). Dette vert då den tydinga me til slutt landar på: 'Støylsvollsneset'.

Men same kva for tolking ein vel, vil eit gamalnorsk namneopphav peike i retning av tidleg rydjing. Det er såleis truleg at det har budd folk på denne staden i høgmellomalderen, utan at me har noko kjelde som kan stadfeste dette. Men den framanfor siterte passasjen frå husmannskontrakta frå 1795 tyder på at Bjones har vore busett og ferjestad så langt attende som tradisjonen rakk på den tida, og ein tradisjon frå slutten av 1700-talet femner rimelegvis nokså langt attover.

Det fyrste personnamnet me støyter på her er Såve Såvesson. Me veit ikkje mykje om denne mannen, men det er på det reine at han var frå Mosdøl, bnr 3, og det står noko lite meir om han under det bruket. Her i Bjones var han på 1670-talet, han bytte då bort ein part i Mosdøl mot ein tilsvarande part i Kvósåk (jfr. Valle V, 130).

Den neste brukaren me møter er Ånund Torbjørnsson Bjones. Han er fyrst nemnd i skoskattelista frå 1711 og vidare i krigsstyrlistene frå 1712 til 1718. Alle desse kjeldene omtalar han som husmann, og det same gjer eit militært manntal frå 1718, der det også står at han det året var 50 år gamal, noko som vil plassere fødselsåret hans kring 1668. Me veit ikkje visst kor lenge han livde, men iallfall var han framleis til stades i 1732, då han er oppskriven som fadder. Om Ånund var gift står ingen stad skrive, men det døydde ei 60 år gamal kvinne som heitte Tone Eivindsdotter Bjones i 1737, og det er mykje mogeleg at ho kan ha vore kona hans.

I 1731 var det ein enkemann som vart oppskriven som Dreng Torbjørnsson Bjones, fødd ca 1683, som gifte seg med enka Margit Sigurdsdotter Sagneskar (jfr Valle IV, 500). Me har omtala han nærare under Austistog Byklum, der han budde fyre han flutte hit, og reknar med at han var bror åt Ånund.

Kvar Ånund og Dreng var utstokne er ikkje heilt sikkert, men me veit berre om to Torbjørn-ar som etter alderen kan ha vore faren. Den eine er Torbjørn Knutsson Vatnedalen, den andre er Torbjørn Såvesson Trydal. Men den sistnemnde var busett på Sudigard Berdal i Vinje, iallfall frå 1683 til 1721 (sjå Systog Trydal, bnr 2, jfr. Vinje og Rauland II, 318), og då lyt Torbjørn Vatnedalen vera ein meir sannsynleg kandidat. Me skal difor satse på han.

Dette med å fylgje brukarrekkja frå mann til mann er vanskelegare på husmannsplassar enn på gardar, ettersom husmennene ikkje betala skatt. På husmannsbruka har ein difor ofte lite anna å halde seg til enn oppgåvene i kyrkjebøkene, men desse lyt ein då freiste å utnytte det dei kan vera verde. Ovanfor nemnde me at Ånund Torbjørnsson sto fadder i 1732. Den han sto fadder for vart døypt Olav, og var son åt ein Torleiv Olavsson Bjones. Denne Torleiv Olavsson budde altså i Bjones i 1732. Sidan vart han vart verande her, og må då vera ettermannen åt Ånund Torbjørnsson på plassen. Men så er det eit spursmål kvar han kom frå. At han skulle vera frå Byklum, slik den gamle gards- og ættesoga ymtar om (45), har me ikkje funne noko haldepunkt for. Heller vil me meine at han var son åt Olav Torleivsson (y.) i Utistog Stavenes. Om dette er rett, hadde han tidlegare sete i Systog, men måtta reise frå det bruket avdi Eivind Olavsson Byklum hadde betre odel. Dette er omtala i bolkane om Systog og Utistog. Identifikasjonen er altså ikkje heilt sikker, men iallfall har me då her ein kar som både høver i namn og alder, og som vart borte frå Stavenes utan at me kan finne ut nokon stad at han var død. Men same kven far av Torleiv var, kan me stille opp den fylgjande familielista:

  • Torleiv Olavsson (Stavenes ?), f ca 1689(?), d ca 1754
g 1728 m Augbjørg Bjørgulvsdtr., d etter 1754. Born:
  • Ingebjørg, f 1729, d 1766 (?), sjå nedanfor
  • Olav, f 1732, d 1749
  • Bjørgulv, f 1734, d 1789, g 1778 m Gunhild Knutsdtr. Tveiten (?), sjå nedanfor

Kvar Augbjørg Bjørgulvsdotter stamma frå er neste spursmål. Då dei skifte etter Torleiv i 1754, budde ho i Breive, noko som kunne tyde på at ho kom derifrå. I same lei peikar det vel at ein Knut Breive var mellom fadrane då sonen Olav vart døypt i 1732. Men om ho hadde kome frå Breive, måtte ho ha vore dotter åt Bjørgulv Alvsson, som døydde i 1749, og det var inga dotter med såvore namn mellom ervingane hans då dei skifte etter han i 1750.

Bjørgulv Tallaksson Dysje, som au kunne vore eit mogeleg opphav, kan me heller ikkje finne har døypt noka dotter i Augbjørg, eller noko som liknar på dette. Det same gjeld alle andre Bjørgulv-ar me veit om i Bykle eller Valle på denne tid, så det rettaste er vel berre å seia at me ikkje veit kvar foreldra hennes budde, men at dei snautt var valldølar eller byklarar.

Då dei skifte etter Torleiv i 1754 var her ei kyr, to sauer og eit lam, ei geit og eit bukkekje. Jordeigedom var det ikkje i buet, for plassen høyrde til Eivind Olavsson i Utistog Stavenes og Valle sokneprestembete med ein halvpart på kvar. Verdet av buet var noko over 14 dalar, men gjelda var noko over 16, så det vart ingenting å dele for ervingane.

Ingebjørg Torleivsdotter og Bjørgulv Torleivsson var båe til stades på skiftet etter faren i 1754, men sidan finn ein dei ikkje nemnde i Bykle. Derimot kan det hende at det er dei som vert omtala på Kveste i Valle nokre år seinare. Iallfall fortel Alfred Ryningen (Valle III, 186) om ein Bjørgulv Torleivsson med etternamn «Bjugnes», som i 1767 vart dregen for retten saman med Ånund Olsson Bø avdi dei to året fyre hadde vore i slagsmål i likferda etter Ingebjørg Torleivsdotter, den ugifte syster åt Bjørgulv:

Sitat [...] då likfylgjet kom forbi Åkre [...] låg dei to tiltala på marki og gav kvarandre så mykje hogg dei evla. Blodet rann, og på spursmål svara Bjørgulv at det kom frå han. Kven som hadde byrja slagsmålet kunne ikkje vitni svara på, og alt saman enda med at dei to vart frifunne på grunn av mangel på prov. Sitat

Nå skriv rett nok Ryningen (s. st.) at dei nemnde Bjørgulv og Ingebjørg «må ha vore» borna åt Torleiv Gunnulvsson Tveiten og kona, Turid Tjodgeirsdotter, fødd Kveste, som budde på plassen Ækra under Kveste. Men når han litt lenger ut i framstillinga si kjem til plassen Mo (Valle III, 243), der Bjørgulv budde i åra 1778-82, vedgår han at «kvar Bjørgulv kom frå, veit me ikkje visst» . På denne bakgrunnen, og avdi Bjørgulv som nemnt vert omtala med etternamnet «Bjugnes» i 1767, vil me i det minste halde det for mogeleg Bjørgulv og Ingebjørg på Kveste i røynda var borna etter Torleiv Olavsson og Augbjørg Bjørgulvsdotter i Bjones.

Kven presten og Eivind Utistog sette inn til husmann og ferjemann i Bjones etter Torleiv Olavsson, veit me ikkje. Den neste plassmannen me får greie på heitte Olav Tallaksson og var frå Dysje, son åt Tallak Bjørgulvsson på det bruket og kona, Margit Gunnarsdotter. Men Olav kom ikkje til Bjones fyrr minst eitt år etter at Torleiv var borte, og når Augbjørg hadde måtte røme plassen fyre skiftesamlinga etter mannen hennes, er det vel rimeleg at det var avdi einkvan annan skulle inn, dette så mykje meir som det måtte vera om å gjera å skaffe einkvan til å fylle stillinga som ferjemann, så truleg har her vore ein plassbrukar me ikkje har greidd å identifisere i perioden mellom Torleiv Olavsson og Olav Tallaksson.

Det me kan slå fast er at Olav Tallaksson budde på Dysje så seint som i 1755, og at me ikkje finn han oppskriven som plassmann i Bjones fyrr i 1758.

  • Olav Tallaksson Dysje, f 1720, d 1793
g 1747 m Birgit Olavsdtr., f ca 1712(?), d 1782. Born:
  • Margit, f 1747, g 1771 m Peder Såvesson Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1753, d fyre 1755(?)
  • Birgit, f 1755 g 1785 m Tarjei Olavsson Nesland, sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5
  • Sigrid, f 1758, i live 1792, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor
  • Tallak, f 1762, konf. Mostøyl 1780, d Mostøyl 1780

Kvar Birgit Olavsdotter, kona av Olav, kom ifrå, veit me ikkje. Derimot veit me når og kvar ho døydde, for Reidar Vollen har funne ei innførsle i Kristiansands kyrkjebok om at ho lei av på sjukehuset der i byen: «Birthe Olsdtr., Ole Tallachsens Hustru fra Bychle Sogn, død 19.8.1782, kl 11 Form., 70 år, gift Kone, Bgr. 27.8. ved Hospitalets Kirkegaard». Her kunne det kanskje hevdast at identifikasjonen må vera usikker, ettersom den avlidne kona er oppskrive som «Birthe», men til det er å seia at mange prestar i eldre tid hadde for vane å skrive Birgit som Birte og Margit som Marte, utan at me for den skuld treng vera særleg i tvil om kva som er rette døypenamnet på kvinner frå Setesdal. Så Birgit Bjones døydde visseleg på sjukehuset i Kristiansand. Om ho røynleg var 70 år i 1782, slik det vert opplyst, kan ein tvile meir på, ettersom ho fekk ein son i 1762. Men det kan jo finnast døme på at kvinner har fått born 50 år gamle, så me lyt lata spursmålet om fødselsåret hennes stå ope.

Så langt komne skal me fortelje det lisle me har funne ut om dottera Sigrid. Det siste me veit om henne er at ho i 1801 budde som busete hjå Olav Olavsson i Attistog Gjerden. Ho livnærde seg med tilfeldig arbeid, var framleis ugift, og hadde med seg ein 9 år gamal son, som heitte Olav. Då denne Olav-en vart døypt i 1792, var mora tenestejente i Hisdal. Faren var enkemannen Såve Pålsson Stavenes på Teigen. I 1807 døydde Torbjørn Såvesson, den einaste ektefødde sonen til Såve Teigen. Etter dette tok Såve Olav heim til seg, og gjorde han til erving. Difor ser me at Olav budde i Stavenes då han vart konfirmert i 1808. Han kom sidan til å overtaka Teigen, og er nærare omtala under det bruket. Den seinare lagnaden til mor hans er på vona.

Endå eit ope spursmål er korleis det kunne ha seg at Pål Eivindsson Stavenes i 1759 skaffa seg bygselsetel på halve Bjonesplassen frå presten Møllerup, slik ei tinglysing frå det året syner at han faktisk gjorde. For Pål budde på denne tid i Trydal, og då han flutte åt Stavenes noko seinare, var det som bonde i Utistog, ikkje som plassmann i Bjones.

I 1764 selde Eivind Olavsson i Utistog, far åt den nemnde Pål Eivindsson, sin halvpart av Bjones til Olav Olsson Homme. Denne var nå meint på å flytje til Bjones og bu her, og sytte difor for at Olav Dysje laut flytje ifrå. Me kjem straks attende til Olav Homme, men fyrst lyt me freiste å finne ut av kvar det vart av Olav Dysje og huslyden hans etter åra i Bjones.

At dei budde nokre år på Bratteland, og framleis var der i 1774, er greitt, men kva er no dette med Mosdøl/Mostøyl som er nemnt i den gamle gards- og ættesoga (45)? Her er me på litt utrygg grunn, men saka er at kyrkjeboka tydeleg gjev opp Mosdøl som heimstadadresse både for konfirmasjonen av Sigrid Olavsdotter og for gravferda av far hennes. Men når det gjeld Tallak Olavsson, som både vart konfirmert og gravlagd i 1780, er det ingen tvil om at presten ved båe desse høva har skrive «Morstøyl». I den gamle gards- og ættesoga vert desse innførslene, der rett nok lesne som «Mosstøyl», tolka som stadfesting av at «det er noko i» ei gamal segn om at det eingong skal ha budd folk på støylen Mostøyl ved Bykilsmoen.

Dette kunne i fyrste omgang oppfattast som nokså dristig, men ved nærare ettertanke har me kome til at det likevel er sannsynleg. Dette har fleire grunnar: For det fyrste er det uråd å finne noka stadfesting av at denne familien har budd på nokon av Mosdølgardane. For det andre er det lett forklarleg at det likevel kan ha vorte skrive at dei budde i Mosdøl, ettersom både Bykilsmoen og Mostøyl høyrde den garden til, og for det tredje er ikkje innførslene i kyrkjeboka alltid like tydeleg skrivne - jamvel om me vil meine at me har lese dei rett. For det fjerde er det lett å tenkje seg at Olav og Birgit kunne koma på å flytje til Mostøyl, når dei kring 1775 måtte finne seg ein ny verestad. Dei hadde i fleire år budd i Bjones tvert over vatnet, og hadde då kvar dag hatt utsyn til Mostøyl. Såleis har dei rimelegvis visst godt om at det var ein stad der det gjekk an å slå seg ned. På denne bakgrunnen vel me å meine at desse folka truleg budde på Mostøyl. Men etter at Olav T. Dysje døydde i 1793, har det visst ikkje vore nokon som har hatt fast tilhald på den staden.

Som ovanfor fortalt, kaupte Olav Olsson Homme halve Bjones av Eivind Utistog i 1764. Den andre halvparten var framleis i kyrkjeeige, så han vart berre halv sjølveigar, men som «buslitsmann», dvs. huslaus jordeigar, hadde han etter gamal lov og skikk rett til å overtaka bruken av eigedomen. Dermed var det ikkje noko problem å få presten med på å hive ut fyremannen på plassen.

Olav Olsson Homme hadde, trass i namnet, nokså lenge budd som busete i Der inne i Trydal, men alle borna hans vart fødde i Bjones. Om foreldra hans, som heitte Olav Olsson Homme og Signe Torleivsdotter, står det noko lite i bolken om Trydal, Der inne. Elles viser me til det Vallesoga veit å fortelje om desse folka (Valle V, 426), men her skal det nå handle om sonen med det same namnet som faren:

  • Olav Olsson Homme, f ca 1723, d 1798
g 1759 m Gunhild Eivindsdtr. Trydal, f 1731, d fyre 1798. Born:
  • Signe, f 1761, g 1790 m Mikkel Olavsson Bratteland, sjå Bratteland
  • Jorunn, f 1764, n 1801, seinare lagnad ukj.
  • Eli, f 1766, d 1770
  • Olav, f 1769, konf. Bjones 1790, seinare lagnad ukj.
  • Eli, f 1772, g 1813 m Åsmund Kristensson Hisdal, sjå Hisdal

Gunhild, kona av Olav Homme, var frå Storstein i Trydal, dotter åt Eivind Såvesson og kona, Eli Såvesdotter. Kor lenge ho livde har vore uråd å finne ut, men Olav var enkemann då han døydde, så ho for fyre han.

Det har også vore uråd å halde styr på eit par av borna i denne huslyden. Om dottera Jorunn veit me at ho i 1801 var busete hjå verbroren Mikkel Bratteland. Ho var ugift, livnærde seg med å gå i dagleige, og var 40 år, står det. I røynda var ho 37, aldersoppgåvene i dei eldste folketeljingane er stundom ikkje heilt korrekte. I alle høve taper me henne av syne etter 1801, gift i Bykle var ho ikkje, men då me heller ikkje har funne noko gravferd, er det mogeleg at ho kan reist ut og døytt utanbygds. Olav, bror hennes, var ikkje i Bykle i 1801, og heller ikkje han kan me finne ut var død då. Det er vel gode voner om at han har flutt or bygda, men å leite etter ein Olav Olavsson (eller «Ole Olsen») landet over er eit vonlaust tiltak.

Olav Homme selde halvparten sin i plassen i 1783, og etter kva Alfred Ryningen veit å fortelje var han på sine gamle dagar attende i Homme eit bil (jfr. Valle V, 426), men då han døydde i 1798, budde han hjå dottera og versonen på Bratteland.

På 1770- og 1780-talet tykkjest det ha budd to familiar i Bjones. Nå veit me at eigedomen vart dela i 1878, då Sanden vart utskilt, men me trur ikkje at den plassen fanst til 100 år tidlegare, så då budde dei nok to huslydar i Bjones-stoga. I alle høve lyt me få også den ekstra familien med oss.

Grunnen til at dei slo seg til her då dei gifte seg, var nok at kona var dotter åt ovanomtala Olav Tallaksson Dysje, så ho tok altså med seg mannen sin heim til foreldra sine. Mannen heitte Peder Såvesson. I den gamle ættesoga vert det sett eit lite spørjeteikn ved opphavet hans, då det heiter at han «truleg» kom frå Vatnedalen, men det er heilt sikkert at yngste son åt Såve Såvesson Vatnedalen og kona, Jorunn Torgrimsdotter, i 1740 fekk namnet Peder. Sidan vart han stundom oppskriven som Peder, andre gonger som Per. Men så få Per-ar og Peder-ar det var i Bykle, tykkjest identifiseringa nokså grei. Rett nok kunne Per i Bjones teoretisk vore innflutt frå ei anna bygd, men ingenting peikar i den lei. Då Per eller Peder gifte seg var han tenestekar einkvarstad i Trydal.

  • Peder Såvesson Vatnedalen, f 1740, d 1816
g 1770 m Margit Olavsdtr. Bjones, f 1747, d 1826. Born, iallfall:
  • Torbjørg, f ca 1770, g 1820 m Olav Ormsson Røysland, sjå nedanfor, jfr. Valle VI, 493f
  • Ånund, f 1774, d 1794 (?)
  • Såve, f 1777, d 1796 (?)
  • Ingebjørg, f 1781, d 1806, ug
  • Tallak, f 1784, lagnad ukj. (d fyre 1801?)

Foreldra av Margit Olavsdotter er det fortalt om ovanfor, men me lyt få med oss det me kan finne ut om korleis det gjekk vidare med Per og Margit og borna deira. I 1801 budde det ein familie i ei stoge på Løyland, som Alfred Ryningen meiner må vera desse folka (Valle VI, 117). Rett nok vert mannen kalla Per Ånundsson i folketeljinga, men dei hine namna stemmer: Kona heitte Margit Olavsdotter og dottera Ingebjørg Persdotter. Også aldersoppgåvene høver bra, Per var 60 år, står det, Margit 50 og Ingebjørg 20. Me kan vel ikkje vera heilt sikre på at dette er våre folk frå Bjones, men vil likevel tru at Vallesoga råkar rett. Nokre kyrkjebokopplysningar frå 1790-åra tyder på at Per og Margit alt då har vore i Valle.

Ein Ånund Persson Flateland døydde 16 år gamal i 1794. Alderen er sett for lågt, om nå dette var vår Ånund Persson ovanfor, som me helst vil tru. Men aldersoppgåvene ved dødsfall er ofte på vona, og ingen Ånund Persson er å finne i folketeljinga frå 1801 (jfr. Valle, VI, 118). Vidare nemner kyrkjeboka ein Såve Persson Åsdokk, som døydde i 1796, også han oppgjeven til å ha vore 16 år gamal ved dødsfallet. Denne må ha vore bror åt Ånund ovanfor, og med to brør or ein syskenflokk med såpass sjeldne namn, vert det mykje sannsynleg at det dreiar seg om den familien me er ute etter å finne. Åsdokk, der Såve døydde, er ikkje Åsdokk i Trydal, men Åsdokk i Flateland (bnr 72). Me vil då tru at Per og Margit må ha budd der ei tid.

Ovanfor var me inne på at me reknar med at dei var på Løyland i 1801, og at dei då hadde dottera Ingebjørg med seg. Men ingen av sønene var til stades, så det stemmer bra at Ånund og Såve då har vore døde. Tallak Persson finst heller ikkje nokon stad i landet i 1801-folketeljinga, så helst var også han død på den tid.

Om dei ovanomtala gutane faktisk var dei me meiner at dei var, kan me då rekne med at denne familien har flutt frå Bjones til einkvarstad på Flateland i åra 1787 til 1794, og at dei budde i Åsdokk iallfall i åra 1794-96. På denne bakgrunnen høver det godt at tradisjonen kan fortelje om ei fatigkjering som vart kalla Pers-Margjit på Løyland ved dei tider. Denne Margit hadde ord på seg for å kunna langt meir enn sitt fadervår. Johannes Skar har dei fylgjande passasjane om henne ('Gamal or Sætesdal, III, 505):

Sitat Pers-Margjit gjåre de eine gripi ette da aire. Hu «kasta på» tvæ gjentu å Bjønnarå; den ein varte gali å den are tausa. Fokk våre rædare Margjit ell den vondi.

Hu kom at Vikjinn', ti Åslaug, å ba seg, å Åslaug ville 'kji gjev' 'enni.

«De ska du hava like fyri!» , sa 'u Margjit å tok på dynni. Hu spytte tvæ klysu i tuni å muddra noko me seg sjåv: «... men de e synd om dei uskullige!» - dei ordi kunne 'an skilvange.

Åslaug nøytte seg etti ut, si 'u tala so vondsskleg'e. «Eg vi gjeve di», sa 'u. «De e for seint!» sa 'u Margjit. Um sumåri drukna tvei smådrengji fyr Åslaug Vikjinn'.

Pers-Margjit fór so ugossklege. Hu fekk 'kji døytt fyrr dei klyppte tungu 'enni; hu tottest vera færig å va inkji.

Sitat

Både Per og Margit døydde som legdslemer i Valle, han på Løyland i 1816, ho på Røysland ti år seinare.

Torbjørg Persdotter fekk i 1800 sonen Gunnar. Faren var enkemannen Tarjei Torleivsson Bjørnarå. Torbjørg gifte seg i 1820 med Olav Ormsson Røysland (y.), som var oppsitjar i Systog Røysland, bnr 2. Ettersom det ikkje vart born i det ekteskapet, vart det til at Gunnar, son hennes, vart sitjande med garden frå 1835, og folket hans etter han (Valle VI, 493ff).

Interessant nok hadde Gunnar ervt trollkunnigdomen etter mormora. Om han har Skar den fylgjande soga:

Sitat Gunnar Røysland var so vond til å trolla. Eg høvde til å få sett trollposen hans unnar ein gong. Me kom til Røysland, eg og Knut Hallvorsson og Orm Talleivsson, og der var ingen inne so fann dei skåplykjelen og læste upp, og der var posen. Me nøytte oss og løyste snørebandet og kaga nedi - då kom unnar, men då var han hyrren.

Der var inkje ko hår og neglar i posen - trollkjeringane pila neglane i hop fyrst folk skar dei av seg di var dei gamle so virke til å brenna dei upp, so dei inkje skulle koma i trollposen.

Sitat
Gamalt or Sætesdal II, 268

Etter denne vitjinga i Valle lyt me attende til Bjones. Han som kaupte halve plassen av Olav Homme i 1783 var Snære Arnesson Rysstad, ein hylstring som hadde gift seg med ei jente frå Ryningen i 1760, og flutt til heimegarden hennes nokre år seinare. Han budde her med huslyden sin frå 1783 og til 1797. Slik me skjønar det som står i den gamle gards- og ættesoga (60) selde han halvparten sin i bruket her i 1795, og det er nok rett, jamvel om Snære og folket hans endå vart buande eit par år til, til 1797. Men i det sistnemnde året flutte dei oppatt til Ryningen, som Salmund Snæresson då tok att på odel av Åvold Jonsson Nesland. Dei fleste av borna åt Snære var fødde i Ryningen, så me vel å omtale denne familien nærare under det bruket (sjå også Valle I, 295).

Kauparen i 1795 var Nils Nilsson Husevoll frå Tinn, ein mykje reisande kar, som berre bia omlag eitt år i Bjones fyrr han drog vidare. Fyre han kom til Bjones hadde han og familien hans budd på HovdenMøsstrond i Vinje og i Berdalen.

Foreldra av Nils Nilsson var Nils Olavsson Gvåle, fødd 1724, og Gunne Nilsdotter Gøysdal, fødd 1725. Nils og Gunne budde på Søndre Husevoll i Attrå, som var barndomsheimen til mor hans, så der kjem det namnet frå. Desse folka hadde 7 born, og av desse syskena hamna fire brør i Bykle. Me har fortalt om dei hine brørne i bolkane om dei stadene dei budde, i denne omgangen skal det handle om Nils og familien hans.

Nils Nilsson selde parten sin i Bjonesplassen alt i 1796. Han flutte då til broren Olav i Ørnefjødd. Olav Nilsson hadde gift seg til det bruket nokre år tidlegare, men selde og reiste då kona hans døydde i 1798, og dermed laut Nils og folket hans atter ut på flytjefot. Denne venda vart det Suldal.

  • Nils Nilsson Husevoll, f ca 1754, til Suldal 1798, dødsår ukj.
g i Vinje 1784 m Gunhild Jonsdtr. Svartdal, Seljord, f 1763, dødsår ukj. Born:
  • Jon, f 1785, d 1858, busett Førland, Suldal, gnr 3, bnr 3, g 1 .m ukj., ikkje kjende born; g 2 1804 m Margrete Ingvardsdtr. Helganes f 1770, d 1810, born: Ingvard, f 1807, g 3.1812 m Sissela Knutsdtr. Meland, f 1788, d 1858, born: Margrete, f 1812; Siri f 1814; Nils, f 1816; Brita, f 1819, Inger, f 1823;

Lisbet, f 1824

Opplysningane våre om desse folka skriv seg i hovudsak frå Suldals bygdebok (Hoftun: Gamle Suldal, 1972, 86, 88, 142), men noko har me også fått frå Ernst Berge Drange ved Ryfylkemuseet.

Når det gjeld foreldra åt Gunhild Jonsdotter, fortel Odd Karlberg, bygdesogeskrivaren i Seljord, at dei heitte Jon Olavsson Svartdal (f 1728, d 1801) og Ingebjørg Aslaksdotter (f ca 1732, d 1790), og at dei budde på Haugsvoll, som er bnr 1 i Sud-Svartdal. Heller ikkje i Suldal slo Nils Nilsson seg til ro med det same. Knut vart i 1799 døypt frå Herabakke, i 1801 budde huslyden på eitt av bruka i Meland (også omtala som Ulladalen), men sidan heldt dei til på ein plass under Førland.

Han som overtok eigedomretten til halve plassen etter Nils Nilsson i 1796 var også tinndøl, Olav Knutsson Såheim heitte han. Namna på foreldra hans har ikkje late seg finne (jfr. H.H. Einung: Tinn-soga II, 498, 571, 653, 662, sjå også Valle VI, 128).

  • Olav Knutsson Såheim, f ca 1744, d 1803
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • Åsne, f ca 1775, konf. Bjones 1791, d 1809, ug
  • Tarjei, f ca 1776, 1801 busett Dale i Tinn, ug då, skreddar, 1803 kalla Tarjei Olavsson Bjørtuft
g 2.1786 m e Turid Trulsdotter, f ca 1743, dødsår ukj., g 1.1764 m Torgeir Olavsson Mæland, g 2. 1770 m Vetle Olavsson Einung

Foreldra av Turid heitte Truls Gjermundsson og Gunne Nilsdotter, og budde på Nordigard Gaustad i Tinn. Av kyrkjeboka går det fram at denne huslyden også hadde budd som busetar i Bjones i 1791, men i 1794 flutte dei til Hovden Der sø, som Olav då leigde hjå Jon Torbjørnsson Breive. Men alt to år seinare kom dei attende hit. Jon Torbjørnsson selde då bruket på Hovden til Sigurd Jonsson frå Møsstrond, som var systerson åt Turid.

I 1797 leigde Olav eit beite i Hislii av Auver Jonsson Holen, og gav han 100 dalar i pant. I 1799 leverte Auver pengane attende, og ville sjølv ha bruken av beitet sitt, noko Olav i fyrste omgang ikkje ville gå med på. Saka vart likevel forlikt slik at Olav skulle få bruke beitet ut året, men neste år laut overlata det til Auver.

I 1802 selde Olav plassen til Nils Tarjeisson Loftsgarden, og døydde som busete einkvarstad i Byklum året etter. Kvar det vart av Turid Trulsdotter etter dette, veit me ikkje.

Åsne Olavsdotter vart konfirmert i Bykle i 1791, og budde då i Bjones hjå faren og stykmora. I 1801 var ho tenestejente hjå Åsmund Olsson Dale i Valle. I 1809 døydde ho i barselseng i Bjones, ho må då ha vore busete her.

I konfirmantlista frå 1797 er oppført ei Ågot Olavsdotter Bjones, men det er gale, ettersom ein ikkje kan finne att nokon med det namnet andre stader. Ei som derimot let seg finne er Ågot Vetlesdotter Bjones, som var dotter av Turid Trulsdotter frå det andre ekteskapet hennes. Denne jenta budde i 1801 hjå mora og stykfaren i Bjones, så me reknar med at presten i 1797 berre har gått ut ifrå at ho var dotter åt Olav Knutsson.

Turid Trulsdotter hadde også to søner som budde ei tid i Bykle. Det var for det fyrste Truls Vetlesson, fødd 1785, som var i Bjones i 1801, og døydde ugift i 1808, og for det andre Peder Vetlesson, som i 1801 heldt til hjå den eldste broren, Tarjei, på Såheim i Tinn, men som i 1804 gifte seg i Bykle med Ingebjørg Bjørnsdotter Ljosådalen. Desse budde i 1807 i Ryningen, og døypte ein son, Vetle, derifrå 15.3. det året. Sidan heldt dei det meste av tida til som plassfolk i Ljosådalen under Løyland.

Ingebjørg Ljosådalen hadde ein bror, Knut, som i 1802 hadde gift seg med ovanomtala Ågot Vetlesdotter Bjones, så det var nok gjennom henne Peder Såheim råka borti Ingebjørg. Peder døydde i Ljosådalen i 1818, men Ågot livde til 1848, mykje av tida i Ljosådalen, der ho fyrst sat enke etter Knut Bjørnsson Ljosådalen frå 1815 til 1827, og sidan var gift med Knut Olsson Løyland (jfr. Valle VI, 129 f).

Me nemnde ovanfor at Olav Såheim selde Bjones til Nils Tarjeisson i 1802. Denne Nils Tarjeisson var fødd på Urdbø i Vinje i 1765, men til Bykle kom han frå Byrte i Mo, etter at faren, Tarjei Vetlesson Edland, hadde flutt frå Nordistog Loftsgarden i Byrte til Breive kring 1790. Mor av Nils heitte Hæge Nilsdotter, men ho var død i 1782, og faren hadde i 1791 gift seg omatt med Ingebjørg Eivindsdotter, enka etter Alv Bjørgulvsson Breive. Ho var dotter åt Eivind Olavsson Byklum i Utistog Stavenes.

  • Nils Tarjeisson Loftsgarden, f 1775, d 1812
g 1795 m Anne Jonsdtr., f 1775, d 1827, jfr Mo bygdebok I, 43. Born, iallfall:
  • Jon, f 1794, d 1804
  • Hæge, f ca 1796, g 1824 m Andres Steffasson Skjelvik, Mo, jfr Mo bygdebok I, 63
  • Åsne, f 1798, g 1834 m Tarjei Trondsson Moen u Floten, Mo, jfr Mo bygdebok I, 35
  • Gunne, f 1801, g 1825 m Eivind Ånundson Haugen u Midbø, Mo, jfr Mo bygdebok I, 82
  • Jon, f 1808, g m Margit Olavsdtr. Lofthus, Mo, jfr. Mo bygdebok I, 43

Kvar Anne Jonsdotter kom frå er uvisst, bortsett frå at ho truleg var frå Vinje. Nils og Anne vart trulova i den bygda i 1793, men trulovinga vart heva. Anne fekk så eit barn i 1794, og dei gifte seg året etter. Dei fyrste åra av ekteskapet budde dei på ein plass under Sudistog LoftsgardenByrte. I 1801 ser ein at dei hadde flutt åt Bykle, Nils var då «bonde og gaardbeboer» i Berdalen Der nede, står det i folketeljinga, men frå andre kjelder veit me at han leigde bruket. Men dette var nok berre eitt års tid, ser det ut til, og me reknar med at huslyden flutte åt Bjones i 1802.

I 1805 tok Nils Nordistog Loftsgarden på Byrte på odel for 776 riksdalar, og huslyden flutte attende dit i 1809. Nils døydde i Loftsgarden i 1812. Då Nils Tarjeisson flutte til Mo i 1809, selde han Bjones til Tarjei Knutsson Maurlii, yngste son av Knut Mikkelsson Mosdøl og kona, Hæge Åsmundsdotter, fødd Berdalen.

  • Tarjei Knutsson Maurlii, f 1769, d 1842
g m Birgit Tarjeisdtr. Mosdøl, f 1773, d 1842. Born:
  •  ? Hæge, d f 1794, d 1794
  • Hæge, f 1795, d 1796
  • Tarjei, f 1797, g 1823 m Margit Olavsdtr. Skolås, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1799, g 1830 m Jon Auverssson Vatnedalen, sjå Vatnedalen Der sø.
  • Torbjørg, f 1803, g 1826 m Olav Sveinsson Maurlii (y.), sjå Maurlii.
  • Åse, f 1806, g 1828 m Eivind Ånundsson Stavenes, sjå Stigamidjom.
  • Jorunn (e.), f 1808, g 1. 1840 m Mikkel Olavsson Mosdøl, g 2. 1851 m em Borgar Torjusson Hovet (Faremo), til Amerika 1861, jfr. Valle I, 366
  • Jorunn (y.), f 1811, g 1852 m em Hallvard Knutsson Flårenden, Nomeland, jfr. Valle I, 472
  • Borghild, f 1814, d 1815
  • Knut, f 1813, d 1813

Foreldra av Birgit Tarjeisdotter budde i Lunden Mosdøl. Faren var Tarjei Mikkelsson frå det bruket, mora heitte Torbjørg Bjørgulvsdotter, og var fødd Breive.

Om det faktisk var vår Tarjei Knutsson og vår Birgit Tarjeisdotter ovanfor som var foreldra åt den Hæge Tarjeisdotter som døydde 14 veker gamal i Bjones i 1794, er me usikre på. Namna og tida passar godt, men me veit at dei budde fleire år hjå foreldra hennes i Mosdøl, og sidan i Gjerden (1799), Torsbu (1801), Ørnefjødd (1803) og Byklum (1806), fyrr dei hamna i Bjones i 1808. Kvifor Birgit skulle ha fått fyrste barnet sitt i Bjones, veit me ikkje, men det er vel mogeleg, og me har ikkje funne andre sannsynlege foreldre til det døde jentebarnet.

Men den Hæge Tarjeisdotter som vaks opp (f 1799), fekk iallfall i 1825 ein son som heitte Knut med Jon Sveinsson Maurlii (f 1796), syskenbarnet sitt. Denne guten døydde i Bjones i 1827. Sameleis fekk den yngre systera Jorunn i 1829 ei dotter, Birgit, med skulelæraren Knut Åvoldsson Byklum eller Juvet. Heller ikkje Birgit vart gamal, ho døydde i Bjones fyre ho fylte året.

Då dei skifte etter Tarjei Knutsson i juli 1843, vart den eigande halvparten hans av plassen tillotta sonen Tarjei, og verdsett til 200 speciar. Tarjei åtte altså framleis berre halve plassen. Rett nok vert han frå 1837 omtala som «gaardbruger» i kyrkjeboka, og i 1844 let presten han stige i status til «selveier», noko som kunne tyde på at han då hadde fått kaupe kyrkja sin del av eigedomen, men iallfall var det endå ikkje tinglyst nokon handel. Men den halve eigarskapen var ikkje Tarjei Tarjeisson nøgd med, så han kravde utløysing og skyldsetjingsforretning.

Slik reglane var ville Bjones, når oppsitjaren vart full sjølveigar, verta ein ny sjølveigareigedom, og slike laut matrikulerast. Skyldsetjinga vart gjennomførd i oktober 1843, og Bjones vart tildela ei landskyld på 32 skilling, noko som tykkjest greitt nok. Meir merkelege er eit par av merknadene i panteboka i samband med skyldsetjinga: For det fyrste vert det sagt at «dette brug oprindelig for det halve hørte til lnr 7 og 8, samt for resten til lnr 9 a, 9 b og 40» , og for det andre heiter det at «Egentlig skulde dette brug være lnr 7 b 8 b 9 b 40 b, men da ingen del af skylden er fratrukket nævnte brugs skyld, har man valgt lnr 218».

Til dette lyt me seia at det var eit nokså sjeldant og rart grip av sorenskrivaren, såleis berre å leggje skylda av det nye bruket til matrikkelen, utan å trekkje henne ifrå på skylda av dei bruka den nye eininga var utkløyvd ifrå. Slik vart det normalt ikkje gjort, og når denne løysinga vart valt, vil me tolke det som uvisse om kvar skylda for nybruket eigentleg burde trekkjast. Ei slik uvisse var i tilfelle ikkje grunnlaus, for det er ikkje rett, slik sorenskrivaren i 1843 tykkjest ha tenkt seg, at Bjones hadde vore sameiga av alle bruka i Stavenes. Som me har vore inne på ovanfor, var halve plassen kyrkjeige, medan resten gjekk ut ifrå Utistog. Dette vil då seia at Bjones hadde gått ut frå det som sidan hadde vorte av uti lnr 37 og 38, Nordstog og Teigen, og frå det som hadde vorte lnr 39 a og 39 b, Utistog og Uppistog, medan Systog (lnr 40) ikkje var inne i biletet. Om dette ikkje hadde vore såleis, kunne ikkje Eivind Olavsson i Utistog ha selt halve plassen til Olav Olsson Homme i 1764, då laut partane i tilfelle ha kome til med Asbjørn Sørensson i Systog fyrst, og fått han med i handelen. Men ingenting tyder på at Asbjørn i det heile hadde eller fekk noko med denne saka å gjera.

Når nå skyldsetjinga var i orden, kunne Tarjei Tarjeisson lovformeleg få kaupe den helvta av plassen som - iallfall på papiret - framleis var i kyrkjeeige. Skøyte vart skrive og tinglyst sumaren 1845. Prisen var rimeleg, berre 50 speciedalar, men så skulle det, liksom for dei hine kyrkjeeignene i Stavenes, framleis svarast laus landskyld til kyrkja i framtida, i dette tilfellet var leiga 2 skjepper og 3 1/2 kvartel bygg i året. Dette heftet vart ståande til 1942, men lat oss nå vende merksemda attende mot dei som budde i Bjones.

  • Tarjei Tarjeisson Bjones, f 1797, d 1869
g 1823 m Margit Olavsdtr. Skolås, f 1800, d 1864. Born:
  • Borghild, f 1824, g 1858 m Torleiv Torleivsson Trydal, utfl. til Hetland fyre 1865, sjå Nordstog Trydal
  • Anne, f 1826, d 1826
  • Birgit, f 1828, g 1874 m Andres Hallvardsson Nesland, til Amerika 1883, sjå Libu under Nesland
  • Tarjei, f 1831, g 1858 m Ingebjørg Vetlesdtr. Flateland, sjå nedanfor
  • Olav, f 1834, g 1.1860 m e Tone Asbjørnsdtr. Stavenes, g 2.1896
  • Gyro Salmundsdtr. Breive, sjå Bjones under Berdalen, jfr nedanfor
  • Knut, f 1837, g 1867 m Kristi Eivindsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Arne, f 1841, g 1871 m Eli Olavsdtr. Nesland, sjå Sanden, bnr 9
  • Mikkel, f 1844, d 1906, g 1868 m Gunhild Folkesdtr. Trydal, f 1843, til Amerika 1868, busett Red Lake County, Minnesota

Margit Olavsdotter, kona av Tarjei Tarjeisson, var dotter åt Olav Høljesson Lien og kona, Anne Olavsdotter, fødd Svartdal. Desse kan ein lesa om i bolken om Skolås.

Alle borna åt Tarjei og Margit var fødde i Bjones. Me kjem attende til fleire av dei nedanfor, men fyrst lyt me koma innpå eit par andre emne. Fyrst skal det då nemnast at Eivind Ånundsson Stavenes og huslyden hans var innom som innerstar i Bjones eit par år i 1847-1849, fyre dei flutte åt Stigamidjom under Trydal.

Dinest lyt me, for å halde ein viss orden på hendingsgangen, inntil vidare sleppe brukarfamiliane av syne og sjå noko på eigartilhøva nokre tiår etter at Tarjei Tarjeisson overtok i 1843.

I 1848 overdrog Tarjei Tarjeisson bruket til sonen Tarjei for 380 speciedalar. Etter dette må det ha vore iallfall ein handel som ikkje vart tinglyst, for i 1852 ser me at ein «Halvor Halvorsen» overdreg bruket til Olav Gunnarsson Åkre. Me er temmeleg sikre på at «Halvor Halvorsen» må vera ei feilføring for «Halvor Aanonsen». For i 1848 hadde Tarjei Tarjeisson (y.) pantsett Bjones til Hallvard Ånundsson Tveiten i Mosdøl, og Olav G. Åkre var gift med Ingebjørg, ei dotter av Hallvard. Men korkje Hallvard Ånundsson eller Olav Gunnarsson budde i Bjones, frå deira side var det berre tale om ei pengeplassering. I 1858 selde Olav Gunnarsson bruket attende til bjoneskarane, Tarjei og Olav Tarjeissøner, for 480 spd., 60 dalar meir enn han sjølv hadde ervt det for 6 år tidlegare. Brorparten av pengane til dette kaupet hadde Olav og Tarjei lånt hjå Dreng Hallvardsson Mosdøl, som fekk pant i bruket for 296 spd.

Etter dette må det ha gått fyre seg ein del operasjonar som ikkje vart nedfelte i skriftlege kjelder, men i 1875 syner folketeljinga at Olav Tarjeisson då er ferjemann på Bykil, gardbrukar og sjølveigar, og bur i Bjones. Tarjei Tarjeisson er derimot oppskriven som husmann på Sanden, og det same er Arne Tarjeisson, så nå hadde det kome ein verestad til på Bjones-eigedomen. I 1878 vart dette formalisert, då Sanden vart utskilt frå Bjones, tildela bnr 9 under Stavenes og ei skyld på 1 skilling.

Tarjei hadde altså gjeve opp sjølveigarstatusen fyre 1875, medan Olav etter evne freista å halde fast på denne så langt som råd. Men det gjekk ikkje så mykje lenger. I 1881 gjekk bruket på tvangsauksjon, og Tarald Drengsson Mosdøl fekk tilslaget for 2400 kr.

Medan alt dette gjekk fyre seg budde ei rekkje av borna av Tarjei Tarjeisson (e.) i Bjones. Me lyt freiste å skaffe oss oversyn over familiane deira, fyrr dei flyt herifrå.

Birgit Tarjeisdotter fekk i 1852 ei dotter kalla Anne, faren var Olav Auversson Gjerden (e.). Anne vaks opp hjå mora, og vart konfirmert frå Bjones i 1867 («kundskab og flid god»). I 1878 gifte ho seg med Olav Olavsson Dysje. Me reknar med at Birgit, mor hennes, budde i Bjones inntil ho i 1874 vart gift med Andres Hallvardsson Nesland i Libu. Dette ekteskapet var barnlaust. I fylgje lista over bykleemigrantar frå Setesdalslaget i Amerika drog Birgit og Andres til Amerika i 1902, men etter det me har kome til i bolken om Libu under Nesland, reiste dei i røynda i 1883. Anne Olavsdotter og mannen hennes emigrerte samstundes.

Knut Tarjeisson var i 1865 brukar for Torleiv Arnesson i Nordstog Trydal. Med seg der hadde han den ovanomtala systera Birgit og dotter hennes. Knut åtte på denne tid 1 hest, 6 kyr, 16 sauer og 8 geiter, står det i folketeljinga. Noko tidlegare på året i 1865 hadde han fått eit dødfødt gutebarn med Ingebjørg Gunnarsdotter Dale, fødd 1832. Ho var dotter åt Gunnar Folkesson Løyland og kona, Birgit Ånundsdotter, fødd Homme. Ingebjørg døydde ugift på plassen Smokkjen under Hommelunden i 1896 (jfr. Valle V, 525). I 1867 gifte Knut seg med Kristi Eivindsdotter Trydal. Ho var fødd i 1839 som dotter av Eivind Ånundsson på Storstein og kona, Turid Kjetilsdotter, fødd Tveiten.

  • Knut Tarjeisson Bjones, f 1837, til Amerika 1877
g 1867 m Kristi Eivindsdotter Trydal, f 1839, d 12.3.1868. Born:
  • Kristi, f 12.3.1868, d 1870

Som ein vil sjå ovanfor, døydde Kristi på barselseng. Barnet, ei jente som vart kalla Kristi etter mora, overlivde fødselen, men vart berre 2 år. Etter dette flutte truleg Knut til Der inne i Trydal, der me finn han att som tenestekar i folketeljinga frå 1875. I fylgje den fyrrnemnde utvandrarlista frå Setesdalslaget i Amerika emigrerte han i 1877, og det trur me kan vera rett. Likevel skal nemnast at me ikkje har lukkast i å finne han att i dei amerikanske folketeljingane korkje i 1880 eller 1900, så kvar han budde «over there», og kor lenge han livde, er uvisst.

Mikkel Tarjeisson var i 1865 tenestekar hjå Knut Folkesson i Systog. I 1868 gifte han seg med Gunhild Øyulvsdotter, yngste dotter åt Øyulv Folkesson i Trydal Der inne, og tok henne same året med seg til Minnesota. Dei budde sidan i Red Lake County. Mikkel vart gravlagd der under namnet Michael Torgerson i 1906.

Dermed er me ferdige med dei av syskena som budde i Bjones med familie utan å eige nokon del i bruket, og kan då gå over til dei som ei tid sto som eigarar.

  • Tarjei Tarjeisson Bjones (y.), f 1831, til Amerika med heile huslyden 1880
  • g 1858 m Ingebjørg Vetlesdtr. Lunden, f 1836. Born:
  • Margit, f 1861
  • Tarjei, f 1864
  • Vetle, f 1867
  • Mikkel, f 1869, g m Mathilda, sjå nedanfor
  • Dødfødd gut 1872
  • Signe, f 1876,
  • Knut, f 1878

Ingebjørg Vetlesdotter kom frå Myri (bnr 7) i Lunden i Valle. Foreldra hennes heitte Vetle Arnesson og Signe Drengsdotter.

Etter folketeljinga i 1865 sat Tarjei og Ingebjørg det året med hest, 5 kyr, 6 sauer og 8 geiter. Dei sette 4 1/2 tunner jordeple og sådde 2 1/2 tunne bygg. Men endå det då tilsynelatande sto nokså bra til, overlet dei, som nemnt ovanfor, noko seinare bruket til Olav, bror av Tarjei, medan dei sjølve flutte åt Sanden. Om Olav og Tarjei då dela bjonesbuskapen, er uvisst, men iallfall hadde Olav i 1875 berre 2 kyr, medan Tarjei i Sanden hadde berre ei. Elles var det framleis hest på bruket her, og 3 kalvar, 3 sauer og 14 geitar. Utsæden var noko større enn 10 år tidlegare: 3 tunner bygg og 5 1/2 tunner jordeple.

I 1865 budde det ein huslyd til i Bjones-stoga. Det var Svenke Knutsson Flateland (f 1804, d etter 1875), som var ein nokså kjend ljåsmed, og Torbjørg Olavsdotter Nesland (f 1813, d 1889), andre kona hans. Med seg hadde dei sonen Olav (f 1851, d 1871) og dottera Gyro (f 1854, til Amerika 1892). Desse folka kan ein lesa meir om i Vallesoga (VI, 32f). Dei vert også noko meir omrødde i denne boka i bolken om Nesland Der heime, gnr 10, bnr 2.

Som det kjem fram ovanfor, drog Tarjei Tarjeisson og Ingebjørg Vetlesdotter til Amerika med borna sine i 1880. Denne utreisa er også omtala i Vallesoga (VI, 447f), men der vert det teke atterhald om at identifikasjonen kan vera usikker, avdi aldersoppgåvene i emigrantprotokollen er noko misvisande. Men alle namna stemmer, og den registrerte emigrasjonen høver godt med tidspunktet då dei kverv frå Bykle, og då skulle ein tru at det ikkje treng vera nemnande tvil om at det var desse folka som tok ut frå Kristiansand i april 1880.

I den amerikanske folketeljinga frå hausten 1880 finn me Tarjei og Ingebjørg på eit homestead i Eagle Lake Township, Otter Tail County, Minnesota. Dei hadde då med seg dei same borna som er nemnde ovanfor. I 1900 var dei framleis på den same staden, men då hadde dei fleste av borna flutt ifrå, slik at den einaste av dei som framleis budde hjå foreldra var Knut, som i den amerikanske folketeljinga vert oppgjeven til å vera fødd i Minnesota i 1877. Dette siste må vera gale, ettersom Knut i fylgje kyrkjeboka var fødd i Bykle i 1878, men elles tykkjest alt å stemme.

Mikkel Tarjeisson (Torgerson), fødd i 1869 og son åt sistnemnde Tarjei og Ingebjørg, hadde i 1900 sin eigen farm i Eagle Lake Township, ikkje langt unna der foreldra og farbroren Arne budde. Han var då gift med ei Mathilde, fødd av norske foreldre i Minnesota i 1874. I 1900 hadde dei dei fylgjande borna: Henry (7 år ); Mabel (5), Clarence (3), Signy (2) og Clifford (1), men for alt det me veit, kan dei ha fått fleire sidan.

Olav Tarjeisson vart verande i Bykle etter at bruket gjekk på tvangsauksjon i 1881. Om han og Tone Asbjørnsdotter, kona hans, då flutte beint frå Bjones og attende til Berdalen, der dei også hadde halde til tidlegare, er me ikkje sikre på. Men iallfall budde dei der då Tone døydde i 1890. Ho vart då oppskrive som «inderstkone», så dei hadde ingen eigedom der. Då Olav gifte seg andre venda i 1896 vart han kalla «jordarbeider», og i 1900 var han husmann på plassen Bjones under bnr 3 i Berdalen. Der var han framleis då han døydde i 1916. Me har valt å plassere hovudomtalen av han og familien hans i bolken om den verestaden, ettersom etterkomarane vart verande der.

Så langt komne kan me vende attende til 1881, då Tarald Drengsson Mosdøl kaupte Bjones på auksjon. Tarald har venteleg sett inn ein brukar på plassen, for sjølv budde han i Utistog Byklum, men kven som flutte inn då Olav Tarjeisson flutte ifrå, har me ikkje funne ut. Den neste eigaren, Jon Drengsson Byklum, veit me flutte åt Bjones, og budde her livet ut, men Jon kaupte ikkje bruket fyrr i 1890. Jamvel om det for den saks skuld sjølvsagt kunne vera mogeleg at han kom hit som bruksmann fleire år tidlegare, så veit me at han var busete («inderst») i Mosdøl så seint som hausten 1883, og då kan han snautt ha flutt til Bjones fyre våren 1884.

Det me då vert ståande att med, er at det truleg har vore ein brukar i Bjones mellom Olav Tarjeisson og Jon Drengsson, men at me ikkje veit kven det var.

Jon var frå Innistog Byklum, son åt Dreng Olavsson og kona, Torbjørg Torleivsdotter, fødd Bjørnarå. Som nemnt kaupte han Bjones i 1890, prisen då var 2800 kr. Han vart ikkje gamal på bruket, 3 år seinare døydde han.

  • Jon Drengsson Byklum, f 1848, d 1893
g 1882 m Ingebjørg Drengsdtr. Mosdøl, f 1857, d 1923. Born:
  • Torbjørg, f 1883, g 1908 m Tor Knutsson Trydal, sjå Moen Trydal, gnr 17, bnr 8

Ingebjørg Drengsdotter var frå Lunden Mosdøl. Dreng Hallvardsson og kona, Gunhild Taraldsdotter, fødd Mosdøl, var foreldra hennes. Som enke fekk ho i november 1899 sonen Jon med Pål Auversson Gjerden. Barnet døydde etter nokre dagar, men i mars året etter gifte ho seg med barnefaren. Pål var frå Myri under Gjerden, son åt Auver Olavsson, fødd Maurlii, og kona, Tone Pålsdotter, fødd Stavenes.

Pål Auversson (Gjerden) Bjones (1866-1946), kona, Ingebjørg Drengsdotter, fødd Mosdøl (1857-1923) og (ståande) dotter hennes, Torbjørg Jonsdotter Bjones (1883-1945). Torbjørg gifte seg med Tor Knutsson (Moen) Trydal i 1908. Dette biletet er truleg teke kring det bilet då Pål og Ingebjørg gifte seg, dvs. i 1900 eller derikring. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Ingebjørg Drengsdotter Mosdøl, f 1857, d 1923
g 1.3.1900 m Pål Auversson Gjerden, f 1866, d 1946. Born:
  • Jon, f 5.11.1899, d 11.11.1899
  • Jorunn, f 1900, d 1900
  • Jon, f 1902, g 1937 m Tone Olavsdtr. Byklum, sjå nedanfor

Alt i 1922 skøytte Pål og Ingebjørg bruket over på sonen:

  • Jon Pålsson Bjones, f 1902, d 1940
g 1937 m Tore Olavsdtr. Nesland, f 1911, d 1993. Born:
  • Pål, f 1938, d 2002, skipsmeklar, busett Antwerpen, Belgia, g 1.1959 m Lesette van der Vyver, f 1933, Antwerpen, g 2.1970 m Rosa Juchters, f 1933, Antwerpen, born:
  • Jon Ronald, f 1961
  • Linda, f 1966
  • Ingebjørg, f 1939, ug, høgskulelektor i sjukepleiefag, busett Drammen
  • Jon, f 1941, lektor, busett i Telemark, g m Anne Løhaugen, f 1941, born:
  • Jan Tore, f 1967
  • Berit, f 1969
  • Jørgen f 1972

Jon Pålsson døydde 3 år etter at han hadde gift seg med Tore. Han var på saueleiting i traktene kring Daltjønna, hadde våga seg ut på utrygg is, gjekk igjennom og drukna.

Tore Olavsdotter var frå Nistog Byklum, gnr 14, bnr 10, og einaste barnet åt Olav Knutsson Nesland (y.) og kona, Birgit Hallvardsdotter, fødd Flateland. Då faren døydde i 1935, ervde ho Nistog. Ho skreiv alt i 1939 det bruket over på eldste sonen, Pål Jonsson, som sat med det til han døydde hausten 2002. Han arbeidde i shipping i Belgia til han vart pensjonist i 1998. Vinterstid budde han i Antwerpen, men om sumaren var han jamt i Bykle.

Etter at mannen var borte flutte Tore åt Nistog med borna sine, og leigde i åra 1941-1948 bort bjonesbruket til Knut Bjugsson Sollid (Sjå Sollid under Mosdøl). Sidan dreiv ho nokre år med campingplass og kreturhald i Bjones om sumaren, budde i Nistog om vinteren, men flutte åt Bjones med born og dyr, når våren kom. I desse åra husa ho også opp Bjones-bruket. I 1950 fekk ho ferdig ny uthusbygning, og i 1954 fylgde bustadhuset. Dette er bygt som ei tradisjonell setesdalsstoge i 1 1/2 høgde med ei grunnflate på 80 kvadrat. I 1953 sat Tore med hest, 4 kyr, 2 kalvar, 12 sauer og 2 griser, står det i Norges Bebyggelse. Men truleg vart det for stridt for henne i lengda, såleis å drive Bjones åleine. Så i 1955 selde ho bruket til Dreng Jonsson Hisdal. Sidan budde ho i Nistog.

Dreng var frå Store-Hisdal, gnr 20, bnr 3, og son åt Jon Olavsson Hisdal og kona, Ingebjørg Knutsdotter, fødd Bratteland.

Dreng og Birgit Alice då dei gifte seg i 1955. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Fire generasjonar i Bjones 1989: Ståande: Dreng Jonsson Hisdal (1926–2000), sonen Jon (f 1958). Sitjande: Ingebjørg K. Hisdal, fødd Flateland (1906-2001), mor åt Dreng, med borna åt on, Bjørg (f 1986) og Tone Alice (f 1989). Bilete frå Jon D. Hisdal.
  • Dreng Jonsson Hisdal, f 1926, d 2000
g 1955 m Birgit Alice Jonsdotter Flateland, f 1936, d 2004. Born:
  • Torbjørg, f 1956, g 1978 m Torgeir Sigurdsson Brokke, f 1950, sjå Valle II, 401, born:
  • Dreng, f 1981
  • Anne Berit, f 1983.
  • Jon, f 1958 g m Gunvor Olsdtr. Haugeland, f 1961, sjå nedanfor.

Birgit Alice kom frå Graver i Løyland. Foreldra hennes var Jon Auversson Flateland og Torbjørg Olsdotter, f Åmli (jfr. Valle VI, 134).

Etter at Birgit og Dreng hadde overteke bruket, dreiv dei lenge med turistar og krøter, slik Tore hadde gjort. Campingplassen la dei ned frå 1974. Omlag 1980 slutta dei med kyr, slik at gardsdrifta sidan var avgrensa til sauehald. Dreng dreiv garden inntil han i 1991 skøytte han over på sonen:

  • Jon Drengsson Hisdal, f 1958
g m Gunvor Olsdtr. Haugeland, f 1961. Born:
  • Bjørg, f 1986
  • Tone Alice, f 1989

Gunvor kjem frå Metveit, Haugeland, Valle. Olav Ånundsson Haugeland og kona, Bergit Olavsdotter, f Brokke, er foreldra hennes (jfr. Valle II, 427).

Jon og Gunvor sette seg opp nytt bustadhus på garden i 1983/84. Attåt gardsdrifta arbeider han for I/S Øvre Otra, medan ho (2003) er tilsett på Coop i Bykle.


0941 Bykle komm.png Bjones (Bykle gnr 16/8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Systog • Neste bolk: Sanden