Bolstad Porteføljefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bolstad Porteføljefabrikk var ein porteføljeprodusent, etablert av Rasmus Bolstad på Jarnes i Sykkylven i 1934. Bolstad heldt til i leigde lokale, hos Petter Andreas Jarnes. Bolstad laga ymse slag lervarer, t.d. vesker, dokumentmapper og tobakkspungar. Produkta vart i hovudsak selde gjennom butikkar i Ålesund, og ein del gjekk til Oslo.

Under krigen dreiv Rasmus Bolstad snikkarverkstad på Jarnes. I 1945 bygde han hus på Blindheim, og då flytta han porteføljefabrikken dit. Bedrifta hadde skiftevis to og tre tilsette.

Midt i femtiåra kjøpte Bolstad ei trådstiftemaskin frå Tyskland og byrja å lage stiftar til møbelindustrien. Parallelt dreiv han porteføljefabrikken. Frå 1965 ofra han seg heilt for heftestiftproduksjonen. Den dreiv han til han vart pensjonist.

Kjelde