Brødrene Hole Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brødrene Hole Møbelfabrikk var ein møbelprodusent i Velledalen i Sykkylven. Det var brørne Olav og Bodvar Hole som skipa fabrikken i 1941. Olav Hole hadde tidlegare gått Holmøy Arbeidsskule i Nordfjord. Frå 1935 var han i seks år treskjerar ved Tynes Møbelfabrikk og lærte mykje av den kjende treskjeraren Daniel Hagerup. Bodvar hadde og røynsle frå møbelindustrien, for han hadde arbeidd som sadelmakar ved P.I. Langlo sin fabrikk på Stranda.

Første åra dei dreiv på Drotninghaug øvst i Velledalen, heldt dei til i det gamle våningshuset i Bødagarden. Det var ei låg røykstove. For å legge produksjonstilhøva best mogleg til rette tok dei bort alle veggane i stova, slik at dei fekk eit avlangt rom. Som hjelpemiddel hadde brørne ein sju hestars gardsmotor som drog alle maskinene etter tur. Spenninga var likevel låg etter at den elektriske krafta hadde gått vegen gjennom eit dårleg leidningsnett frå Riksheim til Drotninghaug. Det var difor ikkje råd å ha gåande meir enn ei maskin om gongen.

Hole-brørne laga først utskorne lampettar og lysekruner. Salongbord, hjørneskap og bokreolar kunne dei og forsyne ein kjøpelysten marknad med etter kvart som det leid fram i krigsåra. Trebollar med utskjeringar var elles ei populær vare frå fabrikken. I etterkrigstida var mange utlendingar innom og fekk med seg døme på tradisjonelt norsk handverk.

I 1954 kunne brørne Hole flytte over fylkesvegen inn i nye fabrikklokale på 800 m2. Fram til 1954 hadde hjørneskap og salongbord utvikla seg til å bli dei viktigaste produkta. Så var bedrifta heldig og fekk ein omfattande underleverandøravtale med J.E. Ekornes Fabrikkar A/S. Hole leverte både senger, nattbord, leiner og sofagrinder til Ekornes. I 1956 vart bedriftsnamnet endra til Brødrene Hole Møbelfabrikk.

Det vart rom for nokre fleire tilsette då dei nye lokala kunne takast i bruk. I 1942 var det to tilsette ved verksemda i tillegg til eigarane. I 1955 var det fem tilsette. Brødrene Hole Møbelfabrikk miste avtalen med Ekornes i 1965. Då byrja Hole-karane å selje senger direkte til forretningane. Elles selde dei senger til ein møbelfabrikant i Svelvik og kafe- og kjøkenbord til O.H. Lien på Stranda.

Fabrikkbygget har vorte utvida fleire gonger. Først bygde dei til ei fineravdeling på 13x10 meter. Sidan vart det kjøpt inn fleire maskiner, og trongen for plass vart stetta etter nye utbyggingar. Då bedrifta var på det mest aktive, i 1960- og 70-åra, var det om lag ti tilsette der. Eigarane gjekk midt i åttiåra over i pensjonistane sine rekkjer, og det var ingen av etterkomarane deira som ville ta over drifta. Men Bodvar og Olav H. Hole heldt seg sjølve med arbeid i fleire år framover.

I 1990 stilte dei fabrikken til rådvelde for ein dugnadsgjeng av møbelveteranar som monterte saman stolar og gjorde anna arbeid til den nye Sykkylvskyrkja. Dei siste åra har fabrikkbygget tent som lager.

Kjelde