Brønnebalet i Hauggrend

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brønnebalet frå Sagåa.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)
Sagåa i Hauggrend. Her stod Brønnebalet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Brønnebalet i Hauggrend, Fyresdal kommune, stod ved Sagåa, men vart flytta til Øyskogen. Å brønne er å gje ein hest eller storfe noko å drikke, i dette tilfelle vatn. Bal er ei eldre form av balje, altså eit kar til vatn eller anna flytande. Då Bandakslivegen vart bygd ferdig gjennom Hauggrend like etter år 1900, var hestetransport einerådande. Hesten var eit verdfullt hjelpemiddel som måtte takast godt vare på skulle den yte sitt beste. Mat kunne dei ha med under transport, men vatn måtte dei finne undervegs. Difor vart det på laglege stader ved bekkar eller elvar laga til vasskuper av ein eller annan slag med tilførsel av rennande vatn som hesten kunne drikke av. Folka nytta seg og av dette.

Sagåa, tidlegare nemnd som Grjotbekk, kryssar Bandakslivegen like nord for Hauggrend. I grenda vart det under denne vegbygginga bygd to steinkvelvbruer. I ein høveleg stein vart det laga til ei djup hole, og med det hadde ein eit godt brukande brønnebal. Dette vart satt opp ved Sagåa som var sers høveleg til dette. Vatnet vart førd frå bekken og opp i brønnebalet ved hjelp av ei renne, denne vart halde på plass ved hjelp av eit par jarnboltar. Så lenge det då var vatn i bekken rann det vatn opp i brønnebalet slik at det heile tida var friskt vatn der. I kanten av balet var det meisla ut ei renne slik at overskytande vatn rann ut her og kanten elles var tørr.

Brønnebalet ved Sagåa var det einaste av sitt slag i området, og når folk i ein eller annan samanheng synte til nemninga Brønnbalet, var ingen i tvil om kor det var. Dette var eit viktig vegmerke også etter at hestetransport gjekk ut av bruk. Då hovudvegen vart utvida i 1980-åra, var det ikkje plass til Brønnebalet som no hadde mista sin opphavlege funksjon. Det heldt på å bli vraka, men vart etter avtale med Fyresdal Bygdemuseum og Statens Vegvesen satt opp i Øyskogen der det nærast fungerer som fuglebad. Med jamne mellomrom dukkar tanken på å flytte det attende til sin opphavlege plass opp, men staden er for liten til at dette let seg gjere slik det no er. Men enno i 2011 seier folk i Hauggrend at dei til dømes skal sykle burt til Brønnebalet, vel vitande om at det ikkje lenger er der, men staden er einstydande.

Olav Momrak-Haugan kan og hugse eit anna brønnebal i Fyresdal: «Eit brønnebal var nede i Veumdalen der det er lange bakkar opp frå Veum kyrkje og til Skarkerud i Hauggrend. Der var det og eit brønnebal ved ein bekk. Det var eit sementrøyr på høgkant med den vidaste opningen opp og med ei trerenne som førde vatnet frå bekken og opp i røyret. Med grusveg og tung sykkel var det alltid spørsmål om vi greidde å sykle opp til dette brønnebalet før vi måtte gå resten av bakkane. Dette er og burte no».


Meir om hestedrikkekar

Svein Magne Olsen skriv:

Vi kaller det ikke brønnebal, men hestedrikkekar. Dette var vanlig langs alle (offentlige) veger før i tiden. Jeg har tidligere arbeidet litt med dette og da søkt etter retningslinjer fra Vegdirektør e.l. med hensyn til hvor ofte de skal finnes, men har ikke funnet noen direktiv.

Vi har tatt vare på ca 15 stk i Rogaland i den tiden jeg hadde ansvaret for dette i Vegvesenet. De fleste hos oss er hogd ut i stein og de fleste har rektangulær form. Det finnes imidlertid også noen runde, og noen som er bygd opp av steinheller til et firkantet kar. I tillegg har vi noen som er hult ut av en trestokk.


Litteratur

  • Olsen, Svein Magne: Fra tråkk til motorveg. Stavanger 1995. 207 s. ill.