Brabygd.no

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brabygd.no er ei internettside med nyheiter og annan informasjon om Sykkylven. På sida finst opplysningar om ting som skal skje og har skjedd i kommunen, innan kultur, næringsliv, handel, historie, sport og fritid m.m.

Sida vart starta av Hanne Suorza (f. 1979) 18. september 2012. Suorza er utdanna journalist frå University of Westminster i London, 2000 - 2003. Ho flytte tilbake til heimbygda Sykkylven i 2003, og har etter det arbeidd som journalist i NRK, Møre og Romsdal, og som frilansar for mellom anna i Sunnmørsposten, Norsk Ukeblad, Elle og Det Nye. Ho har også arbeidd med marknadskommunikasjon i bedrifter.

Brabygd.no ønskjer, som namnet seier, å gje positiv informasjon om Sykkylven, og har faste lesarar både i Sykkylven, i Noreg elles og i andre land.

Kjelder

  • Notat frå nettredaktør Hanne Suorza, 28.11.2012.
  • brabygd.no