Brandsøy krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brandsøy krins i gamle Kinn kommune har vore skulekrins sidan 1788. Krinsen hadde omgangsskule fram til 1899, då vart det reist eit lite skulehus. Krinsen bestod av Breandsøylandet frå Verpevika på sørsida, Havikbotnen på nordsida og Mekevika i aust. I tillegg høyrde Grønenga til krinsen. I periodar gjekk born frå Saga, Nova og Terdal (Terdal krins) på skule i Barndsøy. På 50/60-talet vart elevane frå nordsida av Norddalsfjorden (Brotet, Pusavika, Saga, Terdalen og Grønenga) endeleg flytt til Brandsøy krins og det vart sett op skuleskyss med båt.

I 1939 vart skulehuset ombygd og gjort dobbelt så stort. Ut over 1960-åra vart skulen likevel for liten. I 1965 vedtok skulestyret å slå saman Brandsøy krins og Krokane krins. Planen var då å bygge ein ny skulle for den nye krinsen. Dette vart det ikkje noko av og i 1976 kom ei ny krinsregulering der Brandsøy på ny vart eigen krins. I 1982 vart Bjørnset krins lagt ned og elevane flytta til Brandsøy krins.

Etter eit stort lokalt engasjement kunne Brandsøy skule flytte inn i nye bygg på Slettevollen i 1994. Det er framleis ein levande skule kombinert med barnehage og skulefritidsordning.

Skuleveg

Skulehus

Brandsøy gamle skule

  • Byggeår: 1899 (Flytta og ombygd til dobbel storleik i 1939).
  • Fungerte som skule: 1899-1994
  • Anna bruksområde:

Brandsøy skule og barnehage

  • Byggeår: 1994
  • Fungerte som skule: 1994
  • Anna bruksområde: Fungerer framleis som skule.

Lærarar

  • Per Havikbotn hadde gard i Havikbotn og gjekk til og frå skulen i Brandsøy kvar dag, anten langs stranda eller over Brandsøyåsen.

Foto

Elevar frå Krokane og Brandsøy skule, på veg til Svanøy

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder