Breivik skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Breivik skulehus.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2007).
Breivik skulehus i landskapet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2007).

Breivik skule i Fyresdal kommune vart bygd i 1919. Nedlagd som skule 1997 og er i 2011 ein del av garden det gjekk ut frå.

Skulehusa i Fyresdal har hatt ei gradvis utvikling der vi har mange gode eksempel på bygningstypene. Medan det tidlegare var eit bislag utanpå bygningen vart gangen ein periode trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar, dette er det fleire døme på. Breivik skulehus vart bygd i 1919 med 1 ½ høgd med to skulesalar. 2. høgd vart ikkje innreidd som husrom for lærar. Der vart etter kvart bygd eigen lærarbustad.

Vestkanten Grendelag omfattar tidlegare Breivik skulekrins og Fardal skulekrins og har Fardal skulehus som grendehus.

Kjelder