Brottveitloftet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brottveitloftet på Norsk Folkemuseum.
Foto: Olve Utne (2008).

Brottveitloftet er eit loft frå garden Brottveit i Valle kommune i Setesdal. Det vart bygd om lag 1650–1700, overført til museet i 1909 og reist som ein del av Setesdalsunet i 1910.

Det er et av få trihøgde loft i landet. Loftet skal ha vorte bygd av Dreng Bjørnsson Brottveit, som var ein velståande mann. I fyrste etasje vart det lagra mat, medan dei to øvre etasjane vart nytta til lagring av kler og utstyr. Alle tre etasjar kunne nyttast som gjesterom og sovestad på sumaren.

Galleri

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.

Koordinater: 59.90714° N 10.68396° Ø