Bruker:Oddvar Høydalsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Austefjorden_vestover_fra_Gjersdalshornet
Delenamn i færing

Oddvar Høydalsvik f. 1951: Oppvaksen på bratt småbruk i Austefjorden i Volda kommune, denne perioda med notbruk og bygging av færingar og nokre mindre notbåtar som attåtnæring. Eg er utdanna som landbruksmaskinmekanikar og teknikar, mekaniske fag.


Har arbeidd som matros eller lignande på sandskute, med produksjon av betonganlegg, som avd.styrar på lokalt samvirkelag og med reparasjon, salg og til slutt undervising i vidaregåande skule i landbruks- og anleggsmekanikarfag.


Som pensjonert har eg delteke i digitalisering og registrering av gamle bilete i Austefjord Museumslag i samarbeid med Fylkesfotoarkivet. Då Busetnadssoga for Volda, bind III - Austefjorden skulle lagast prøvde vi i museumslaget å hjelpe til så godt vi kunne.


Samarbeidsprosjekt eg deltek i på lokalhistoriewikien er om lokale båtar, notlag og gamle motorar og maskiner. Til dømes: Liste over artiklar om sjøfart og fiske tilknytt Volda kommune og Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk .


Logo Til Forbundet KYSTEN.jpg Denne brukeren er knyttet til prosjektet Tradisjonsbåtregisteret.
Oversikt over aktivitetar på wikien