Brunstad Polerverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brunstad Polerverksted var ei bedrift som dreiv med overflatebehalding av trevarer. Det var Leif Brunstad som etablerte verksemda i Sykkylven i 1941. Brunstad hadde i fire år praktisert som polerar ved Tynes Møbelfabrikk då han tidleg under 2. verdskrig starta eigen polerarverkstad i kjellaren heime i Klausgarden på Brunstad. Kundane var første tida dei små snikkarverkstadene i Velledalen.

I 1948 bygde han verkstad oppunder bakken nedanfor tunet. Nokre år framover hadde han hjelp av tre-fire mann. Frå 1949 var han i kompaniskap med Eystein Brandal, slik at Brandal hadde med den daglege drifta av polerarverstaden å gjere, medan Leif Brunstad fekk ofre seg meir for gardsdrifta. Eystein Brandal emigrerte til USA midt i femtiåra. Då tok Brunstad over ansvaret åleine att.

Ut i 1960-åra fekk fleire av kundane til polerarverkstaden kapasitet til å ta hand om lakkerings- og poleringsarbeidet sjølve. Siste åra han dreiv var det fabrikkar i Velledalen som var dei viktigaste oppdragsgjevarane. I 1973 vart verkstaden avvikla.

Kjelde