Bukveen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bukveen
Alt. namn: Bukve
Rydda: 1845
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 202
Bnr: 2

Bukveen (Bukve) (Luster, gnr. 202/2) er eit gardsbruk i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Mjølver.

Bruksdeling 1845

Bukveen var det tredje bruket som vart fråskilt det opphavlege Mjølver-bruket. Pikhaug var fråskild og matrikulert i 1830 og Nigard i 1834. Nigard hadde då vore husmannsplass under Mjølver sidan bruket vart stroke frå matrikkelen i 1742 medan korkje Pikhaug eller Bukveen hadde ei fortid som husmannsplassar.

Skylddelingsforretninga var 30.5.1845, og Bukveen fekk med seg kring 1/3 av skylda som då var att av hovudbruket på garden. Eigaren av Mjølver var Knut Andersson Mjølver, og han delte med dette bruket mellom dei to borna sine. Eldstebroren Otto Knutson Mjølver fekk overta hovudbruket. Dottera Ingeborg var gift med Ole Olson Mjølver, og han fekk dagen etter frådelinga, 31.5.1845, skøyte på Bukveen.

I 1915 vart småbruket Hellebø fråskild frå Bukveen som bnr. 9. Etter 1970 er det fråskilt minst sju hus- og hyttetomter. Ei av bustadtomtene er bnr. 38 Fjellstad, der eigaren av bnr. 2 no bur (2012).

Gardshusa

Stovehuset som truleg vart oppsett i 1845, vart rive etter at eit nytt stovehus var oppsett i 1925. Eigarane av garden sette opp eit nytt bustadhus i 1971 på parsellen Fjellstad (bnr. 38) som vart fråskilt same år. Tunet med huset frå 1925 er seinare fråskild og seld.

Kjelder og litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 605-611. Digital versjonNettbiblioteket

Koordinater: 61°39′37.90″ N 7°16′41.68″ Ø