Carl E. Tandstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap.

Etter Volda-tida reiste han til Stord, der han tok såkalla lågare lærareksamen. Carl Tandstad tok til som lærar i ung alder. Han hadde sitt virke både i Straumgjerde og i Velledalen, i Hundeidvik og på Eimsreiten. Elevane mintest Tandstad som ein framifrå forteljar. Han levandegjorde både bibelsoga og noregssoga gjennom ypparleg forteljekunst. Eventyr og hendingar evna han å dramatisere i klasseromet.

Tandstad tok permisjon nokre månader i 1908, då han for til Bergen på organistkurs. Edvard Drabløs, som hadde gått folkehøgskule i Ørsta, og som på den tida var agent for Singer symaskinar, vikarierte for Tandstad dei månadene. Sykkylven kyrkje skulle få orgel og Carl Tandstad skulle vere organist.

Det var innanfor song og musikk at Carl E. Tandstad sette mest spor etter seg. Han var uvanleg musikalsk utrusta og hadde absolutt gehør. Bestemora, Karen Tandstad, song folketonar og tralla springarar til gutungen, som saug til seg alt han høyrde. Mykje av dette låg så godt lagra i minnet at han etter kvart kunne spele og notesetje det han hadde høyrt. For fela kom tidleg i hendene på guten. Bestefaren, Karolus Tandstad, var ein mykje nytta kjøkemeister. Elias Tandstad, eller Johans-Eljas, som var eldstesonen til Carl, fortalde at då faren var ti år, altså kring 1885, var han med bestefaren i eit bryllaup i Riksheimgjerde, der han stod på ei tønne i stovekråa og spela til dans.

Som ung lærar starta Carl kor i Straumgjerde. Det var ikkje lett kring hundreårsskiftet. Ungdomsflokkane var store på flestalle gardar. Men etter kvart som gutane, og ein del av jentene, nærma seg 20-års-alderen, reiste dei til Amerika for å finne lukka og det vart så som så med stabiliteten. Sidan Carl var så entusiastisk, gjekk det bra med koret.

Allsidig

Carl Tandstad fekk etter kvart ei høg stjerne som utøvar av folkemusikk. Han gledde folk i lyd og lag med eminent felespel. Det var ikkje berre slåttar han gav til beste, som springarar etter Hans Jakob Eide og Gamle-Hjortdalen. Carl E. Tandstad spelte også nye komposisjonar av Per Bolstad, som sende dei til Tandstad etter kvart som han komponerte. Carl E. Tandstad var i årevis ein respekterte domar når det vart arrangert kappleikar i regi av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag.

Som felespelar stod han i særklasse både i Sykkylven og i bygdene ikring. Sønene Elias og Carl, hugsa svært godt kor faren kunne spele slåttar slik Høgset-Bernt drog opp til dansemusikk. Spelemåten til Bernt var korte, sterke og konsise bogedrag med taktfast rytme. Dette kunne faren demonstrere. Han synte også korleis den gode spelemannen Reme-Knut spelte. Han nytta lange, sugande bogedrag. Det ligg nær å tru at Knut hadde fått opplæring og inspirasjon av den legendariske Gamle-Hjortdalen, som var morbroren.

I fleire tiår gjorde Carl E. Tandstad ein markant innsats for ungdomslag i bygda, ikkje berre med song og spel, men også som teaterinspirator og som festtalar. Carl Tandstad tok og på seg oppgåva som formann i Velledalen ungdomslag.

Arbeidde i USA

I 1902 arrangerte Tandstad det første langrennet i bygda. Dette har Edvard Drabløs fortalt. Både Edvard og bror hans, Ole Drabløs, som seinare gifte seg i Vassbotnen i Volda, var deltakarar. Barbro-gutane, Edvard og Ole, frykta mest han Lars Hjorthol frå Larsgarden i konkurransen. Han var jamaldringen til Edvard, dei var fødde i 1883. Lars var stor og sterk og sprek som ein unghest, fortalde Edvard. Men sjølve løypa var så laus at den spreke Lars gjekk stadig over ende når han spente frå som hardast. "Dermed kunne vi to småkarane spurte forbi. Eg vart nummer ein og Ole nummer to," fortalde Edvard Drabløs.

På dette viset fekk og Carl Tandstad syne sine allsidige interesser. I 1907, då han nyss var heimkomen etter fire år i Amerika, arrangerte han eit nytt langrenn i Velledalen. Premien var ei slipsnål med ein liten gullklump på frå gullgravarlivet i Alaska.

Carl Tandstad var raus av natur. Pengar var det lite av. Det var for å bøte på dette han måtte freiste lukka "over there". I åra 1903 - 1907 arbeidde han både i den vidgjetne Polson Camp på skogsarbeid, på reparasjonsverkstad for jarnbanevogner og han var med på gullgraving i Alaska. I Tacoma musiserte han i lag med den dyktige musikaren, professor Sperati, og opplevde og lærte mykje.

Velledalskvartetten

Permisjonstida var ute og han heldt fram som småskulelærar både i Dravlaus skulekrins og i Brøvoll-krinsen. Velledalskvartetten vart skipa i 1909. To dugande felespelarar i Velledalen var med. Karl Nakkeberg spelte førstefele. Han var gardbrukar og skomakar framme på Nakkeberg-bruket og stort sett sjølvlærd. Lærar Johan Brunstad, seinare med eit langt lærarliv i Dravlausskulen, spela andrefele. Begge to samla og notesette ei mengd folkemusikk. Carl Tandstad, meisteren på fele, spela fløyte i denne kvartetten. Det fjerde instrumentet i Velledalskvartetten var kontrabass, traktert av Johan Hjortdal frå Pe-Garden. Kvartetten spelte til underhaldning på festar både i Velledalen og i bygda elles. Karane fekk tak i notar, komposisjonar som Per Bolstad sende til Carl Tandstad. Så skreiv dei av stemmene. Det fanst ikkje kopimaskinar den gongen. Til ære for Carl Tandstad, komponerte Bolstad slåttar som til dømes "Aften på Tandstad," "Hilsen til Sykkylven" og "Ida reinlender." Per Bolstad var mange ein gong på vitjing hos Ida og Carl Tandstad.

I 1910 vart ungdomshuset i Velledalen opna med ein stor fest. Det nye huset, som delvis var finansiert med Amerika-pengar, trona høgt og fritt. Der var festtale, korsong, skodespel, folkeviseleik, det handskrivne lagsbladet Talatrasten og musikk av Velledalskvartetten. Dei fire musikarane var med å setje farge på høgtida.

På ungdomshuset vart det i lang tid møte kvar 14. dag, i tillegg til festlege tilstellingar, Velledalskvartetten var i sving no og då, særleg når det var fest. Han spelte og andre stader i bygda når arrangørane bad ensemblet kome. Carl Tandstad var heile tida den naturlege leiaren og inspiratoren.

Skipa Lurlåt

Ungdommane i Straumgjerde hadde også byggjeplanar. Eit ungdomshus måtte til. Amerikapengar var ei god hjelp attåt stor dugnadsinnsats. Fagfolk kosta sjølvsagt pengar. Ungdomshuset Vårvon stod klart for vigslefest i jula 1912. Ungdomslaget hadde gode krefter. 19-åringen Henrik Straumsheim dikta festsongen "Vårvon." Carl Tandstad laga tone til som han arrangerte for blandakoret i Straumgjerde. Den tida hadde han ein periode som lærar i Hundeidvik. For å kome seg på øving om kvelden, gjekk han til Tusvika og tok rutebåten inn til Straumgjerde, fortalde kaptein i fylkesbåtane, Peter Erstad. Carl Tandstad hadde samla eit lite orkester til denne kvelden. Johans-Elias, sonen til Carl, kunne hugse at desse karane var med. Leiar var sjølvsagt unikumet Carl Tandstad. Elles spelte Teie-Lars, Tormod-Ole, Johans-Elias og brørne Henrik og Ola Straumsheim. På same vis fekk Carl Tandstad i gang eit lite salongorkester, som spelte til underhaldning på ungdomshuset på Aure. Yngste son til Carl E. Tandstad, heitte Carl C. Tandstad og kom til verda i 1919. Carl d.y. døydde om hausten år 2000. Litt før han døydde fortalde han dette om faren:

”Far spelte ikkje slåttane slik som spelemennene brukte. Han la alltid vekt på alle detaljar og hadde ein mjukare dåm enn det som var vanleg. Derfor var det så fint å høyre på. Nokon god dansemusikar var han neppe. Då trongst det meir kraft og spenst! Far kunne også ei mengd lydarslåttar. Når han spelte, likte han å improvisere og komponere. Dette var noko av det mest spanande å høyre på, tykte eg. Då vi budde på Grebstad dei siste tiåra han levde, kom gjerne vener innom sundagskveldar for å høyre far spele fele. Eg minnest han stadig improviserte lydarslåttar. Det var som han aldri gjekk tom for idear. På kvistromet i Langlo-garden på Grebstad hadde han eit lite bord. Der flaut det støtt med notar. Han skreiv notar mest kvar ein dag, somme tider til langt på natt. Særskilt mykje vart det etter at han med Henrik Straumsheim, Lars Myhre og andre skipa Musikklaget Lurlåt i 1921. Henrik gav namn til laget. Det som gjorde meg mest forbina den gongen eg saumfor notesamlinga som låg lagra i eit kott i heimehuset på Tandstad, var alle dei tyske arrangementa for salongorkester. Eg forstod det slik at det var Tyskland far hadde mest kontakt med når det galt notar. Der låg også fleire tyske arrangement av Griegs musikk. Alt hadde han truleg kjøpt gjennom musikkforlag i Oslo. Far hadde også skrive heim ein heil del av dei mest kjende wienervalsane notesette for salongorkester. Ofte var ei spesiell notesamling nytta når far og medspelarane underheldt. Notane var trykte i pent innbundne hefte, hugsar eg. Dette var såkalla kafémusikk Den mest viktige delen av notesamlinga var uerstatteleg, vil eg tru. Eg tenkjer på alle folketonane og slåttane han hadde skrive ned sidan unge år. Dessutan ein god del eigne komposisjonar. Det var tragisk at huset på Tandstad brann ned og heile samlinga strauk med i flammane.”

Det naturlege midtpunktet

I 1920-åra og framover mot 1938 var Carl Tandstad lærar i Aurdal krins, i skulehuset på Eimsreiten. Sundagar og ved andre høve hadde han fast plass på orgelkrakken i kyrkja. På kveldstid utførte han mykje arbeid med Musikklaget Lurlåt, ikkje minst på grunn av all noteskrivinga. Korpset opparbeidde etter kvart ein sikker posisjon i Sykkylven og vidare utover. Men interessa for korsong var alltid levande og blandakoret i Straumgjerde, Sykkylven Blandakor og Sykkylven Mannskor, fekk del i Tandstads faglege dugleik. Han leia ensemble både i Straumgjerde og på Aure. Under høgtider, på festar og andre arrangement, var Tandstad ei drivkraft. I ny og ne heldt han festtalar. Han underheldt med historier og forteljingar. Tandstad var og ein god imitator når høvet baud seg. Han var ein eminent underhaldar.

Carl E. Tandstad hadde også eit eineståande musikalsk minne. Han kunne knyte soger og hendingar til mest alt han spelte. Han var det naturlege midtpunktet på festar.

Då 1938 nærma seg, fekk Carl E. Tandstad alvorleg helsesvikt. Astmaen var plagsam og hjartet svikta. Han sa opp lærarjobben. Kreftene minka heller snøgt. I 1938 var det slutt. Han hadde lagt ned både peikestokk og dirigentpinne. Ei drivkraft og ein kulturberar utanom det vanlege etterlet seg eit solid livsverk, jamvel om han berre vart 63 år gammal.

Kjelder