Cecelie Vernøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Cecelie Vernøy (1880-1962)

Cecelie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 - 1962) tonsette ei rekkje salmar og andelege songar. Eit utval av songane hennar vart spelt inn i NRK sitt studio i Bergen og seinare tekne vare på av Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen.

Eit sterkt religiøst liv

Ho var fødd Bremnes, og kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og Cecilie lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal, kort tid etter at ho hadde mista faren sin, kom ho som tenestejente til Reksteren i Tysnes kommune. Her vart ho verande. I 1909 gifta ho seg med Jan Andreas Olson Vernøy (1881-1949). Dei fekk fire born saman.

Cecelie var oppvaksen ute i havgapet, og både mannen og sønene var sjøfolk. Ektemannen Jan Andreas reiste for det meste i utanriksfart. Det vart såleis Cecelie som hadde det meste arbeidet heime. Sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den norske sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til. Etter at mannen døydde i 1949, levde ho som enkje i 13 år.

Opptak i NRK

I 1957 vart dei andelege songane hennar tekne vare på for ettertida. Dåverande sokneprest i Tysnes, Alv M. Askeland, fekk ordna det slik at Cecelie Vernøy fekk høve til å syngja inn 30 songar i NRK sitt studio i Bergen. Opptaka vart i lag med anna materiale arkivert i Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen.

Minneord

Cecelie Vernøy ønskte sjølv at hennar eigne songar skulle syngjast i gravferda hennar. Det sette biskopen i Bjørgvin seg imot, trass i søknad frå soknepresten i Tysnes. I staden vart salmane sunge i heimen, før og etter gravferda.

Signaturen P.S. skreiv dette minneordet om Cecelie Vernøy i lokalavisa "Tysnes", april 1962: «Cecelie var en viljesterk, arbeidsglad og sangglad kvinne. Etter som mannen var sjømann ble det også for den unge Cecelie, som for så mange andre hustruer å styre og stelle periodevis alene hjemme både med barna og gårdsbruk. Cecelie levet ydmykt og sterkt kristent liv, og aller mest gjennom sangens toner lød hennes vidnesbyrd. Hun laget også noen sanger, og har for ettertiden gitt litt av sin sangerglede på lydbånd, så hun er også på det område «blant de døde som lever». Cecelie var sterkt knyttet til kirken og misjonen. Hun vandret den noe lange kirkevei så lenge hun klarte, ja vel så det. Etter som mannen og siden to av de eldste sønnene seilte over alle hav, ble hun på en spesiell måte knyttet til Den Norske Sjømannsmisjon».

Kjelder og litteratur

  • Apeland, Sigbjørn og Søreide, Åsne Sunniva (red.): Tonebilete frå Tysnes. :*Arne Bjørndals samling, Bergen. 2001.
  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 2. Tysnes sogelag, 1987.
  • Katalog over opptak med Cecelie Vernøy gjort av NRK Hordaland, 1957. CD med kopi av 30 opptak frå Arne Bjørndals samling, 2010.
  • Munnlege opplysningar frå Arne Tvedt, Tysnes. Dotterson.

Eksterne lenkjer