Charlotte Lade

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Charlotte Lade

Charlotte Lade frå Sykkylven (fødd 1987) blir for tida (2013) rekna som ei av verdas beste kvinnelige triksarar innan fotball. Ho er busett i London, som er base for hennar verdsomspennande aktivitet som fotballtriksar. Høgdepunktet i karriera så langt kom då ho fekk ta del i VM i fotball i Sør-Afrika i 2010.

Charlotte Lade viste tidleg stor dugleik med ball, og det gjekk snart sport i å halde ballen i lufta utan at han gjekk i bakken. Då ho var 13 år telte far hennar, Kay Ove Lade, 5000 berøringar. Sidan kom dei ut av teljinga og Charlotte konsentrerte seg om det ordinære fotballspelet. Ho vart teken ut på aldersbestemte fotballandslag, og hadde sentral plass på midtbana på det norske juniorlandslaget. Hennar vidare utvikling som fotballspelar vart hemma av ein skade ho pådrog seg. Det var i denne perioden at ho gjekk over til freestyle-fotball for fullt. Denne aktiviteten kunne ho drive med trass i skaden.

Då Charlotte Lade var 17 år var ho med på ei trikseoppvisning for storavisa The Sun i England. Dette førte til mykje merksemd og fleire førespurnader om oppvisningar i tida etter. Ho gjekk då på vidaregåande skule i Ålesund, og reiste med visse mellomrom over til England for å gjennomføre oppdrag. Eit av dei viktigaste ho gjorde var for den tidlegare fotballspelaren Rio Ferdinand som gjev ut eit magasin på nettet som heiter #5Magazine. Denne nettstaden handlar om fotball og mote og har mange lesarar i øyriket og i verda elles.

I 2009 flytte Lade til London for å leve av fotballferdigheitene sine. Kring 2010 vart ho kontakta av personar frå Disney-avdelinga i Skandinavia. Dei hadde lagt merke til henne, og meinte at ho hadde eit ansikt og ein stil som eigna seg godt for programprofilen deira. Dei utfordra henne til å lage eit programkonsept som dei kunne kjøpe. Ho tok då kontakt med John Arne Riise, og saman utvikla dei eit konsept som dei kalla Fotballakademiet. Tanken var at unge fotballinteresserte frå Danmark, Sverige og Norge kunne få kome til England å lære meir om fotball av John Arne Riise og Charlotte Lade. Disney Skandinavia tente på ideen og programmet vart ein realitet i 2011. Så vart Disney i England interessert, og frå 2012 har ho vore vert i eit program der dei tek opp fotballnyhende og der ho også spelar på ferdigheitene sine som ballsjonglør. Programmet hadde hausten 2013 om lag 14 millionar sjåarar kva veke.

Ho har også vore med på fleire reklamefilmar, der ho blant anna lærer verdsstjernene Wayne Rooney, Lionel Messi og Cristiano Ronaldo nye triks. Ho er tilsett i fotballklubben Tottenham Hotspur i London, og i arbeidsavtalen står det at ho er «official skills ambassador». I praksis inneber dette at ho underheld med ballsjonglering under fotballkampar på heimebana til Tottenham, White Hart Lane, at ho bidreg under ulike presentasjonar som klubben har og lærer klubben sine spelarar triksing med ball. Ho har også gjennomført fleire oppdrag for det engelske fotballforbundet.

Kjelder

  • www.nettavisen.no
  • www.radiostorfjord.no
  • Flymagasinet N by Norwegian. April 2013.
  • Charlotte Lade i samtale med Eldar Høidal.