Christiania gymnasium

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Christiania gymnasium var ein universitetsførebuande skule som var i verksemd i ein 30-40 årsperiode på 1600-talet. Gymnasets fundas (grunnleggingsdokument) er frå 1636,[1] men ein kan rekne historia attende til ca. 1626, da dr. med og dr. jur. Peder Alfssøn vart tilsett som lærar i filosofi ved katedralskulen i Christiania. Gymnaset vart avvikla rett etter 1660.

Christiania gymnasium var eitt av fem slike gymnas som vart skipa i det dansk-norske riket under Kristian 4, og det einaste i Noreg. Dei vart også omtala som stiftsskular eller katedralkollegium. Grunnleggingsbrevet 25. oktober 1636 har tittelen «Christianiæ collegii fundats», og i teksten blir institusjonen omtala både som gymnas, kollegium og stiftsskule.

Grunngjevinga for tiltaket var at ungdomane som byrja på universitetet var «ilde funderede», dei fekk for dårleg fagleg grunnlag i latinskulane. Dei fekk derfor ikkje fullt utbytte av universitetsstudiane og vart dårlege prestar. Opprettinga av desse gymnasa inngjekk i ei rekkje tiltak som Kristian 4 sette i verk for å styrke kyrkja og den lutherske religionen i rika sine, ikkje minst under inntrykk av trettiårskrigens katastrofer. For av «daglig Forfarenhed», som det heiter i fundasen, visste kongen «at Ungdommens christelige og gode Optugtelse er en vis og fast Grund til alle lovlige bestilte Regjeringers Velstand».

Gymnasa skulle undervise elevar frå øvste klasse på latinskulane (meisterlectiane). Det kunne takast inn elevar frå andre skular enn katedralskulen i Christiania.

Ved fundasen for Christiania gymnasium fekk den tidlegare lektor i teologi ved katedralskulen professortittel, og det vart tilsett professorar i filosofi og fysikk. Professor i fysikk (og matematikk) var Ambrosius Rhodius, som også var stadsfysikus.

Referansar

Kjelder og litteratur

  • Høigård, Einar og Ruge, Herman: Den norske skoles historie. En oversikt. Ny utgave ved Knut Ingar Hansen. Cappelen, Oslo 1971.
  • Norske Rigs-Registranter, bd. VII (1635-1640)
  • Sprauten, Knut: Byen ved festningen. Oslo bys historie 2, Cappelen, Oslo 1992.