Claus Bille

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Claus Bille var frå 1527 til 1555 høvedsmann på Båhus slott.

Claus Bille (født omkring 1490 i Danmark, død 4. januar 1558 i Skåne) var riddar, riksråd og høvedsmannBåhus slott. I 1530-åra var han sentral i å sikre danskekongen sin stilling i Noreg.

Slekt og familie

Han var son av Steen Basse Bille (omkr. 1446–omkr. 1520) og Margrethe Clausdotter Rønnov. Faren var dansk riddar og riksråd. Dei tilhøyrde adelsslekta Bille, og Claus var bror til biskop Torben Bille av Lund og fetter til rikshovmeister Eske Bille (omkr. 1480–1552) og riksråd Truid Ulfstand (1487–1545).

I 1524 blei han gift med Lisbet Ulfstand (d. 1540), som var dotter av lensherre Jens Holgersen Ulfstand og Margrethe Trolle.

Ei av deira døtre var Beate Clausdatter Bille, mor til Tycho Brahe.

Liv

I 1519 var Claus Bille med på Christian II sitt krigstog mot Sverige. Han var kommandant på Elfsborg, og blei medlem av slottsloven på Stockholm slott. Då Christian II blei krona til konge av Sverige i 1520 blei Bille samstundes slått til riddar. I 1523 måtte Christian II, også kjend som Christian tyrann flykte til Nederlandene, og hans onkel blei krona som Frederik I. Han tok Claus Bille inn i det danske riksrådet, og i 1527 blei Bille høvedsmann på Båhus slott. Då Christian II gjekk mot Noreg i 1531 var Bille lojal mot Frederik, og klarte å halde Båhus. I 1532 klarte han å få i stand ein avtale med Gustav Vasa om å gje den nordre delen av Båhuslen attende til Noreg. Han måtte betale 1200 rhinske gylden, eller omlag 3000 danske mark, av eiga lomme som løysesum. Bille blei sitjande som høvedsmann heilt til 1555.

I 1532 var det spent i Noreg, etter Christian II sitt forsøk på å ta makta. Claus Bille blei sendt hit saman med fetteren Truid Ulfstand og biskop Hans Rev. Oppgåva var å sikre eit forbund mellom Danmark og Noreg. I Oslo samla dei til ting, der allmugen sverja truskap til Frederik I. Dei kalla så inn til møte i riksrådet i Trondheim, der forbundstraktaten frå 1450 blei fornya.

Då Frederik I døydde i 1533 blei det innkalla til nytt møte i riksrådet på Bud. Claus og Eske Billa blei der tekne opp som medlemmar av riksrådet. Bakgrunnen for dette var at dei både var katolikkar, og erkebiskop Olav Engelbrektson såg dei som gode allierte mot Vincens Lunge. På møtet blei det vedteke at Noreg hadde eigen rett ved kongeskifte, og at det skulle haldast felles valmøte i København i 1534. Valmøtet blei utsett, for den danske borgarkrigen Grevefeiden braut ut i 1533.

Claus Bille tok ikkje side i Grevefeiden i den første tida. Først ved årsskiftet 1534/1535 valde han å støtte hertug Christian, som hadde sigaren i sikte. Mykje tyder på at dette var eit reint taktisk val - Christian var lutheranar, så Bille hadde nok berre venta på å sjå kven som fekk overtaket i feiden. Bille blei i 1535 nok ein gong sendt til Noreg for å sikre truskap til Christian III. Han kom til Trondheim i desember 1535, saman med Hans Rev og Vincens Lunge. Møtet gjekk ikkje bra. Vincens Lunge blei drepen, og Bille blei saman med fleire andre sett i arrest på Tautra. Han var ikkje lenge der, og i april 1536 kunne han dra frå Trondheim med eit brev der erkebiskopen gjekk med på å velje Christian III til konge, med nokre vilkår. Desse vilkåra gjekk ikkje Christian med på, og det kom ein sluttstrid der erkebiskop Olav måtte forlate Noreg. Noreg blei eit dansk lydrike, og reformasjonen blei gjennomførd.

I 1538 reiste Bille og Ulfstad nok ein gong til Noreg for å sikre reformasjonen. I Oslo og Bergen la dei fram den nye kirkeordinansen for prestane, og dei gjorde arbeid med lovane. Mellom anna kom i 1539 ein recess utferda i Bergen, med nye reglar for jordleige og bygsling, ei oppstramming av reglane for futar og lensmenn og reglar for herredagane.

Bille var med på kongen sin hyllingsferd i 1548, og han var rådgjevar for hertug Frederik, seinare Frederik II.

Litteratur

  • Bjørkvik, Hallvard: Claus Bille i Norsk biografisk leksikon.
  • Herredag i Norsk historisk leksikon.