Daniel Aamlid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Aamlid
Foto: Norske skolefolk (1952)

Daniel Aamlid (fødd 4. mars 1891 i Valle i Setesdal, død 9. oktober 1978) var lærar, underoffiser, postopnar, lokalpolitikar og bonde.

Han var son av Aanund og Tone Aamlid. Daniel Aamlid tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1913, etter å ha teke underoffiserutdanning ved 3. divisjons skule i Kristiansand to år før.

Aamlid vart tilsett som lærar i Heimdal skulekrins i Vegusdal, som seinere vart slått saman med Birkenes kommune. Daniel Aamlid var formann i Vegusdal skulestyre, og sat i heradsstyret ein treårsbolk.

Han vart gift med Anne Gunille (Nilla) Heimdal (1896-1980), dotter av Søren og Helga Heimdal. Daniel og Nilla Aamlid hadde i 1934 to søner og ei dotter. Sonen Aanund er gravlagd saman med foreldra i familiegrav på Vegusdal kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket

Eksterne lenker