Der heime (Bykle gnr 10/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Der heime
Nesland 7.jpg
Nesland Der heime 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Nesland Der heime
Rydda: Truleg folkevandringstida
Utskilt: 1660
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 10
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Der heime var hovudbølet på Nesland i Bykle kommune.

Ved jordebytet i 1682 (sjå bolken om den udela garden) tykkjest Gunnar Knutsson, som vart sitjande med det største bruket, ha vore ein mann i 70-årsalderen. Han hadde likevel nokså unge søner, går det fram av manntalet frå 1666, men sannsynlegvis var han to vender gift. Kva konene hans heitte, veit me ikkje.

  • Gunnar Knutsson Nesland, f ca 1609-1613, d fyre 1683
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • Bjørgulv, f ca 1635, n 1664-1668, 1712, g m ukj., sjå Valle III, 628
  • Olav, n 1683, g m Tore Jonsdotter, sjå nedanfor
  • Vetle, f ca 1644, d ca 1720, ug, sjå Sygard, jfr nedanfor
  • Tone, g m Torleiv Olavsson Stavenes (e.), sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5
g 2. m ukj. Born:
  • Åsmund, f ca 1651, sjå Mosdøl
  • Nottov, f ca 1653, n 1664, lagnad ukj.
  • Knut, f ca 1654, ug., «død udi armod» fyre 1700, sjå Mosdøl
  • Gunnulv, f ca 1659, sjå Mosdøl

Gunnar åtte i 1670 attåt Nesland Der heime også 1/2 hud i Mosdøl. Me reknar med at dette er forklaringa på at tre av sønene hans sidan budde der.

Bjørgulv Gunnarsson bruka halve eigedomen av faren i 1664/65, men sidan kverv han or kjeldene frå Bykle. Me er tolleg sikre på at det er han Alfred Ryningen har funne att som busett i Nordigard Nomeland i Valle i 1712 (jfr. Valle III, 628). Grunnen til at me torer rekne med dette, er at det var ein Knut Niklosson Nomeland mellom ervingane etter Vetle Gunnarsson Nesland i 1726, og denne Knut-en var gift med ei Anne Bjørgulvsdotter, som var dotter åt Bjørgulv Gunnarsson Nomeland.

Olav Gunnarsson, som me vil tenkje løyste ut parten av Bjørgulv, då denne flutte til Valle, sto som eigar av heile bruket etter faren nokre få år på 1680-talet, men i 1689 var nok både far og son døde, og ei enke som heitte Tore Jonsdotter åtte då halve Der heime. Me sluttar oss til det som står i den gamle gards- og ættesoga (73), at ho hadde vore kona åt Olav Gunnarsson. Av born hadde Tore iallfall to døtrer:

  • Olav Gunnarsson Nesland, n 1683, d fyre 1689
g m Tore Jonsdotter, n 1689-1710. Born, iallfall:

Me kjenner ikkje opphavet til Tore Jonsdotter, og har ikkje funne nokon Jon i Bykle eller Valle, som det er rimeleg å plassere som far hennes.

Det er heilt sikkert rett, det som står i den gamle gards- og ættesoga (73), at Anne Olavsdotter, som frå 1711 og frametter sat enke etter Hallvard Tarjeisson i Uppistog Byklum, var dotter åt Olav og Tore. Dette veit me avdi Gjermund Ormsson Viki, som var gift med Tone Hallvardsdotter, var mellom ervingane etter Vetle Gunnarsson i 1726.

Medan Olav Gunnarsson og Tore Jonsdotter, og sidan berre Tore, åtte og bruka den eine halvparten av Der heime, sat Vetle Gunnarsson med den andre helvta fram til ca 1720. Me vil då rekne med at Sygard var utkløyvd frå Der heime som ein eigen verestad ikkje så lenge etter Vodden, jamvel om me ikkje har funne noko dokument om jordebyte fyrr omlag 100 år seinare. At det stundom var dei same folka som åtte Der heime og Sygard endrar ikkje at her var to bruk, og me skal handsama liksåvel Sygard som ei eining for seg frå 1680-talet.

Jamvel om dei ikkje hadde fotografar på 1700-talet, hadde dei sikkert pråmar. Han som ror på Bossvatn på biletet her er Lisle-Olav F. Nesland (1918-2002). I bakgrunnen skimtar ein Nordstog, Naustdøl og litt av Vodden. Bilete frå samlinga til Folke Nesland.

Medan ungkaren Vetle Gunnarsson budde i Sygard, døydde Tore Jonsdotter i Der heime, det må ha vore kring 1710. I skattematrikkelen frå 1712 kjem difor ein ny eigar til synes. Han heitte Knut Åvoldsson Gjerden, og var gift med Torbjørg Olavsdotter, dotter av Tore og Olav. Men Knut og Torbjørg budde i Nordstog Gjerden, og flutte aldri til Nesland. Det gjorde derimot Åvold Knutsson, eldste son deira, og i fylgje skoskattelista var han på plass her alt i 1711. Han betala då skoskatt berre for seg sjølv og ein tenar, ser me, og var altså endå ikkje gift. Det vart han eit par år seinare, skjønar me.

  • Åvold Knutsson Gjerden, f ca 1678, d 1753
g m Hæge Knutsdtr. Mosdøl(?), f ca 1684, d 1752. Born:
  • Knut (e.), f 1714, g 1741 m Gunhild Gunnarsdtr. Holen, sjå nedanfor
  • Jon (e.), f 1716 g 1749 m Tore Bjørgulvsdtr. Breive, sjå Vatnedalen Der sø, bnr 1
  • Knut (y.), f 1718, 1763 busett Åseral, d Gjerden 1808, ug
  • Jon (y.), f 1720, d 1743, ug.
  • Tore, f 1723, g 1745 med Torleiv Arnesson Trydal, sjå Nordstog Trydal
  • Vetle, f 1725, n 1763, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor

At Åvold var gift med Hæge Knutsdotter er sikkert nok, men kvar ho var ifrå er meir usikkert. Me trur helst ho var dotter åt Knut Gunnarsson Nesland i Mosdøl, men har ikkje noko direkte prov for dette, og kan då ikkje garantere at denne løysinga er rett.

Vidare er det eit spursmål om ho var den einaste kona åt Åvold, eller om han var gift to vender. Grunnen til at dette spursmålet treng å drøftast, er at me noko seinare finn ein Vetle Åvoldsson i Ryningen, og at det ligg snåvande nær å tenkje seg at den mannen var yngste son åt Åvold Knutsson Nesland. Men då det var odelssak om Ryningen i 1763, vitna Bjørgulv Sveinsson Gjerden at Vetle på Ryningen var son åt Gunhild Gunsteinsdotter, som var farsyster hans. Dette må då reknast for heilt sikkert, men like sikkert er det at Åvold Nesland var gift med Hæge Knutsdotter, som døydde i 1752. For at Vetle i Ryningen skulle vera son åt Åvold Nesland, måtte då Gunhild Gunsteinsdotter ha vore mor til alle borna åt Åvold, medan Hæge fyrst kunne ha kome inn i biletet etter at Gunhild var død. Men ingen kyrkjebokinnførsler stør opp om denne løysinga, og skiftet etter Hæge Knutsdotter frå 1752 tyder slett ikkje på at ho var kone nr 2. Men då lyt nødvendigvis Vetle i Ryningen ha vore son åt ein heilt annan Åvold, som me ikkje veit kven var, og mora har då sannsynlegvis vore gift i ei anna bygd enn Bykle. At Åvold Knutsson på Nesland skal ha vore to vender gift, gjev altså det me har av sikre opplysningar ikkje rom for. For familielista her ovanfor får dette den konsekvensen at me lyt skrive «seinare lagnad ukj.» om den yngste av sønene, etterdi Vetle Åvoldsson som var på Ryningen i 1763, er den einaste me finn nemnd med det namnet i Bykle etter 1754.

Åvold Knutsson fekk i 1726 tinglyst skøyte på den parten av garden som Vetle Gunnarsson hadde bruka, og hadde dermed heimel til heile Der heime. Nå trur me nok at denne handelen i røynda hadde gått fyre seg nokre år tidlegare, og at papirarbeidet altså var noko forsinka, for Åvold er oppført som eineeigar av Der heime alt i matrikkelframlegget frå 1723. Seljarane i skøytet frå 1726 var Gjermund Ormsson Byklum, Mikkel Knutsson Mosdøl, Gunnar Gunnulvsson Flateland, Knut Åsmundson Tveiten, Olav Torleivsson Stavenes og Knut Niklosson Nomeland.

Gjermund Ormsson var gift med Tone Hallvardsdotter Byklum, som var dotter åt Anne Olavsdotter Nesland, Mikkel Knutsson Mosdøl var son åt Knut Gunnarsson Nesland, Gunnar Gunnulvsson Flateland var son åt Gunnulv Gunnarsson Nesland i Mosdøl, Olav Torleivsson Stavenes(e.) var gift med ei dotter åt Knut Gunnarsson Nesland i Mosdøl, og Knut Niklosson Nomeland var gift med Anne Bjørgulvsdotter, ei dotter åt Bjørgulv Gunnarsson Nesland i Nordigard Nomeland (Valle).

Knut Åvoldsson (e.) kom ikkje til å overtaka eigedomen etter foreldra. Han døydde fyre dei, og budde som bruksmann i Nordstog Gjerden, både då han døypte den yngste av sønene sine i 1742, og då han døydde i 1749. Me fører likevel han og folket hans opp her, ettersom båe sønene sidan vart eigarar og brukarar på Nesland.

  • Knut Åvoldsson Nesland, f 1714, d 1749
g 1741 m Gunhild Gunnarsdtr. Holen, f 1719, d 1788. Born, iallfall:
  • Bjørgulv, f 1740, g 1764 m Torbjørg Tarjeisdtr., sjå nedanfor
  • Gunnar, f 1742, g 1769 m Gunhild Asbjørnsdtr., sjå Vodden og Sygard, jfr. Holen Der uppe

Gunhild Gunnarsdotter kom frå Holen Der uppe. Gunnar Tarjeisson og kona, Astrid Knutsdotter, var foreldra hennes. Då dei skifte etter Hæge Knutsdotter i 1752, vart det stadfest at buet åtte 12 skinn i Nesland, altså både Der heime og Sygard. Gardsbruket vart verdsett til 240 riksdalar, heile buet til 289. Der var ikkje vidare gjeld. Åvold hadde rett nok lånt 40 dalar av Store-Knut, den avlidne eldste son sin, og ville gjera opp denne gjelda med ein odelsrett til Nigard Hoslemo, men då odelen ikkje var godt nok dokumentert, vart denne løysinga avvist, og gjelda plassert som Åvolds personlege og buet uvedkomande. Odelsretten i Hoslemo var likevel reell nok, synte det seg sidan.

Vetle Åvoldsson gjorde krav på 14 dalar for to års tenarløn, men det ville ikkje syskena gå med på at buet skulle betale. Dei hadde alle arbeidd minst like mykje heime utan løn som Vetle, let dei, og om faren ville løne han og ikkje dei hine, fekk han gjera det av sin eigen ervepart. Frå dei 14 dalarane kunne han likevel draga 2 avdi Vetle hadde fått tomt til ei stoge på garden, meinte dei.

Etter dette skiftet vart Åvold sitjande med halve eigedomen, medan enka etter eldstesonen og borna hennes hadde den andre halvparten. Me meiner at ho budde i Der heime, medan han heldt til i Sygard. Men så døydde Åvold året etter kona si, og då overtok Jon Åvoldsson bruken av Sygard.

Me torer vel tru at også Torleiv Nesland på 1750-talet dreiv med rjupefangst. Her er Iallfall ein yngre namnebror (Torleiv F. Nesland, 1907-1995) i gang med å skygne snarene sine. Biletet er teke av Folke Nesland i 1979.

Enka Gunhild Gunnarsdotter hadde ikkje vaksne born enno, og tok difor inn brukarar. Den fyrste av dei veit me ikkje større om, men me trur at det var den mannen som vert kalla «Tellef Næsland» i eit rettsreferat frå 1755. Dette handlar om eit slagsmål, som bar til som fylgjer: Knut Mikkelsson Mosdøl og Kjetil Olavsson Byklum oppsøkte Torleiv i Der heime, og baud han på juling. Torleiv rømde då unna, og sprang mot Sygard med dei to hine hakk i hæl. I Sygardtunet tok dei han att, og Jon Åvoldsson såg at Knut Mosdøl slo han i munnen så han blødde. Vidare høyrde han at Kjetil Byklum baud Knut å slå så det mona, same kor mange bøter det kunne koste, men at Kjetil hadde slege, hadde han ikkje sett, sa han. Knut og Kjetil vart bøtelagde som seg hør og bør, men Torleiv ser me sidan ikkje meir til på Nesland, og me veit heller ikkje kvar det vart av han. Ein gong fyre 1762 fekk han avløysing som brukar i Der heime av bror åt Gunhild, Bjørgulv Gunnarsson Holen. Den mannen og familien hans er nærare omtala under Gjerden Der inne. Dei er også nemnde under Holen Der uppe.

Bjørgulv Knutsson gifte seg i 1764, og overtok vel garden ved det leitet.

  • Bjørgulv Knutsson Nesland, f 1740, d 1793
g 1764 m Torbjørg Tarjeisdtr. Nesland, f 1744, d 1818. Born:
  • Hæge, f 1765, d 1831, ug
  • Astrid, f 1768, g 1. 1807 m em Ånund Halvorsson Tveiten, g 2. 1814 m Ditleiv Mikkelsson Bratteland, sjå Bratteland, jfr. Vodden, bnr 1
  • Knut, f 1772, d 1797, ug
  • Gunhild, f 1775, g 1806 m Olav Knutsson Berdalen, sjå nedanfor
  • Jon, f 1779, d 1804, ug

Torbjørg Tarjeisdotter var frå Vodden, dotter åt Tarjei Hallvardsson Hoftuft og kona, Birgit Tarjeisdotter, fødd Nesland.

Bjørgulv åtte lenge 12 kalveskinn av Nesland, og lyt då ha hatt både Der heime og Sygard. Sistnemnde må han ha kaupt av Jon Åvoldsson ein gong på 1760-talet. Etter at Bjørgulv var død i 1793 ser me at skyldeiga åt enka, Torbjørg, gjekk ned til 6 skinn. Det var Sygard som då gjekk over til Gunnar, bror åt Bjørgulv.

Gunnar hadde nokre år tidlegare kaupt Vodden av Olav Olavsson Gjerden, så i nokre år på 1790-talet vart han sitjande med 12 skinn i garden, inntil han i 1798, eller kanskje litt tidlegare, selde det gamle Sygard ifrå, men vart sitjande att med Vodden og Systog eller Neire Sygard.

Torbjørg Tarjeisdotter døydde i 1818, men skiftet etter henne vart ikkje slutta fyrr i 1825. Då vart Der heime skrive over på Hæge Bjørgulvsdotter, den ugifte eldstedottera, for 150 speciedalar. Ho budde her, og vart buande til ho døydde. Men systera Gunhild og Olav Knutsson, mannen hennes, budde her også, og hadde bruka eigedomen like frå dei gifte seg i 1806. Då Hæge, som frå 1811 sto som eigar av både Vodden og Der heime, døydde i 1831, vart det til at systera Astrid, som på denne tid var gift med Ditleiv Mikkelsson Bratteland, overtok eigedomsretten til Der heime, medan Gunhild og Olav fekk Vodden. Dei vart likevel buande i Der heime, og etter at Astrid døydde i 1844, ervde Gunhild og Olav også denne eigedomen.

  • Gunhild Bjørgulvsdotter Nesland, f 1775, d 1859
g 1806 m Olav Knutsson Berdalen, f 1781, d 1860. Born:
  • Ingebjørg, f 1807, g 1826 m Olav Mikkelsson Bratteland sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1810, d 1810
  • Torbjørg, f 1813, g 1850 m em Svenke Knutsson Dale, sjå Vodden, bnr 1
  • Knut, f 1815, g 1840 m Tore Olsdtr. Løyland, sjå Vodden, bnr 1

Olav Knutsson kom frå Berdalen Der nede, bnr 1. Foreldra var Knut Asbjørnsson Stavenes og kona, Ingebjørg Pålsdotter.

I Gamalt or Setesdal (II, 247) står ei soge om ein Olav Nesland, som er lageleg til å vera om denne Olav-en:

Sitat Olav Nesland var på aksjon og kaupte so fælt. Det gjekk lettvindt solengje peningan rakk; men då dei traut vilde inkje lensmannen setja ut på han - dette var i ei austmannbygd. Då vart Olav vond og førde blekkhuset utyver protokollen.

«Veit du kvæ eig'e protekolen?», sa lensmannen.
«E 'an 'kji din?», sa Olav.
«Han høyrer ti Nedenes amt», sa lensmannen.
«Eg be'e fyre mi», sa Olav.
«De hjelper 'kji be'e», sa lensmannen. Olav heldt sitt same, men lensmannen var striks.

«Ja, gjer de du kann», sa Olav; «du fær meg inkji inn på de hus i Kristiansand, utan eg hev vore der fyrr'e», sa han.

Sitat
Fantane pila seg avstad frå Nesland etter at Olav hadda narra dei til å tru at dei var fleire karar heime. Teikning av Tove Krogh 2005.

Johannes Skar har også ei soge om korleis ein gamal mann på Nesland skremde avgarde nokre fantar (Gamalt or Sætesdal II, 288). Om dette gjekk fyre seg i Olav si tid, er sjølvsagt på vona, men det kan godt vera såleis. Iallfall ser me at Olav vart horveleg gamal.

Sitat Dei var på heidi og slo på Nesland, og der va inkje ko ein gamall etter heime. Då kom der tvo fantar og glama på hurdi. Men han var arg den gamle: «Gangje di ovenat. So

sku mi ne'enat» sa han, plent som der var mange inne. Då pila dei seg fantane. Men sidan torde han inkje sitje i stoga; han flutte hit på loftet. Og bora hol på hurdi so han kunde kaga og skjota. Hurdi er til enno; eg hev skoda det holet so mangein gong.

Sitat

Olav og Gunhild dreiv bruket til 1852. Fyre dei let det frå seg, fekk dei dela ifrå halve eigedomen, og overførde denne halvparten frå Der heime til Vodden, som dei også åtte. Denne omskipinga av storleikstilhøvet mellom dei to bruka har si forklaring i at brorpartar på denne tid framleis skulle vera dobbelt så store som systerpartar. Vodden skulle nemleg gå til sonen og yngstedottera som eit sameige der han skulle ha dobbelt så mykje som henne, medan Der heime var etla til den eldre av døtrene med ei landskyld tilsvarande helvta av brorens del av Vodden. Etter at denne operasjonen var gjennomførd, tok Olav og Gunhild foddog, og overdrog Vodden til sonen og yngstedottera, medan det som var att av Der heime gjekk til eldstedottera og mannen hennes.

  • Ingebjørg Olavsdotter Nesland, f 1807, d 1869
g 1826 m Olav Mikkelsson Bratteland, f 1802, d 1870. Born:
  • Mikkel, f 1828, d 1844
  • Olav, f 1831, d 1835
  • Bjørgulv, f 1833, g 1867 m Anne Torleivsdtr. Holen, sjå nedanfor
  • Signe, f 1837, g 1865 m Hallvard Olsson Uppstad, sjå Valle II, 117
  • Gunhild, f 1840, d 1840
  • Olav, f 1842, d 1842
  • Olav, f 1843, d 1845
  • Mikkel, f 1846, g 1871 m Ingebjørg Torleivsdtr. Holen, sjå Holen Der uppe, gnr 12, bnr 2
  • Gunhild, f 1849, g 1871 m Gunnar Ånundsson Tveiten, sjå Nordtveiti, bnr 2

Olav Mikkelsson var son av Mikkel Olavsson Bratteland og kona, Signe Olavsdotter, fødd Homme (sjå Bratteland).

Året fyre han gifte seg fekk Olav dottera Åsne, mora var Ingjerd Olavsdotter, ei dotter av Olav Olsson Homme og kona, Åsne Olavsdotter, fødd Ryningen. Ingjerd tente på Bratteland då ho fekk dottera, og var framleis der då barnet døydde i 1828. Ho gifte seg i 1841 med enkemannen Åsmund Kristensson Hisdal (Sjå Hisdal, bnr 3, jfr. Valle V, 440 og VI, 146).

Bjørgulv O. Nesland med tre av borna sine ca 1895. Frå venstre Store-Ingebjørg (f 1872) g m Gunnar O. Byklum eller Holen), Bjørgulv 1833-1922) og Lisle-Ingebjørg (f 1880, g m Folke Torleivsson Stavenes. Framfor faren står Hallvard (f 1890, til Amerika 1908). Bilete frå Folke Nesland.
Bjørgulv O. Nesland ca 1910 med to av dottersønene, Torleiv Folkesson til venstre og Bjørgulv til høgre. Bilete frå Folke Nesland.
|
Store-Olav B. Nesland (1869-1945). Han tok ut til Amerika i 1890, og slo seg ned i Nord-Dakota. Me gjet på at dette er det fyrste biletet han sende heimatt derifrå. Hit frå Ingebjørg Vegestog.
Tellef B. Nesland, f 1877, utvandra 1897; Olav B. Nesland (y.) , f 1884. Tellef hadde vore heimatt ein tur i 1903-04 og Olav reiste ut saman med han i det sistnemnde året. Me gjet på at dette biletet vart teke då. Hit frå Ingebjørg Vegestog.
Hallvard B. Nesland ( f 1890) i amerikansk militæruniform under fyrste verdsskrigen. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Det døydde mange born for Ingebjørg og Olav, ser me. Sonen Olav, f 1831, omkom 4 år gamal, som fylgje av eit uheldig knivstikk frå den eldre broren, Mikkel, som då var 7 år. Mikkel døydde 16 år gamal i 1844. Endå var det ei Gunhild, og to Olav-ar til, som alle døydde som små.

I 1865 sat dei med 2 hestar på garden. Vidare hadde dei 7 storfe, 13 sauer og 10 geiter. Sånaden var 1 1/2 tunne bygg og 7 tunner jordeple.

Ingebjørg og Olav dreiv eigedomen til dei i 1869 tok foddog og skreiv skøyte til eldstesonen:

  • Bjørgulv Olavsson Nesland, f 1833, d 1922
g 1867 m Anne Torleivsdtr. Holen, f 1841, d 1896. Born:
  • Olav, f 1868, d 1869
  • Olav (e.), f 1869, til Amerika 1890, d 1945, g m Johanna Hallvardsdtr. Sandnes, sjå nedanfor
  • Dødfødd jente, 1871
  • Ingebjørg (e.), f 1872, g 1897 m Gunnar Olavsson Byklum, sjå Holen, bnr 1
  • Asgjerd, f 1875, g 1895 m Olav Ånundsson Tveiten, sjå Heimtveiti
  • Tellef, f 1877, til Amerika 1897, g 1. 1911 m Marie Tarjeisdtr. Midtbø, g 2. 1929 m Bertha Kristiansdotter Bakken, sjå nedanfor
  • Ingebjørg (y.), f 1880, g 1907 m Folke Torleivsson Stavenes, sjå nedanfor
  • Olav (y.), f 1884, til Amerika 1904, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1887, til Amerika 1912, g m Knut K. Byklum, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1890, til Amerika 1908, sjå nedanfor

Anne Torleivsdotter var frå Holen Der uppe. Foreldra hennes var Torleiv Hallvardsson Holen og Asgjerd Hallvardsdotter, f Nesland.

Buskapen av Bjørgulv og Anne i 1875 var hest, 4 kyr, 2 ungnaut og 18 sauer og lam. Sånaden var 2 1/2 tunner bygg og 5 tunner jordeple.

Av dei 8 borna som vaks opp vart berre 3 verande i Bykle. Dei vert omtala der dei budde. Dei hine for alle til Amerika, og desse skal me fortelje om i det fylgjande. Dei fleste av opplysningane om dei er henta frå manuskriptet Slektsoversikt for Nesland, som vart ihopskrive av Tellef B. Nesland i Kanada i åra 1939-45.

Olav (e.) var den fyrste som emigrerte, det var i 1890. Han gifte seg i Amerika med Johanna (Hanna) Hallvardsdotter Sandnes, ei amerikanskfødd dotter åt Hallvard Sigurdsson Sandnes og kona, Gyro Såvesdotter, fødd Sandnes. Desse hadde teke ut frå Valle i 1874 (Jfr. Valle III, 73). I 1939 budde Olav og Hanna i Grand Forks, Nord-Dakota. Dei fekk 8 born som alle livde opp.

Den neste sonen som reiste ut var ovannemnde Tellef. Han nytta sjølv denne namneforma, så me omtalar han såleis, og ikkje som Torleiv. Han tok fyrst ut til Amerika i 1897, men kom heimatt 3-4 år seinare. I 1902 overtok han heimebruket hjå foreldra mot 150 kr og foddog. I 1904 overdrog han det til den framleis ugifte systera, Ingebjørg (y.), for 200 kr, fekk med seg den yngre broren Olav (y.), og drog attende til Amerika.

I 1911 gifte Tellef seg med Marie Tarjeisdotter Midboe, ei amerikanskfødd dotter åt Tarjei Olavsson frå plassen Tjøruhaug under Vindlaus i Eidsborg, og kona, Ingebjørg Nilsdotter frå Skaret under Åmdal i Skafså (kvar Midboe-namnet skriv seg frå, er ikkje visst, men Tarjei kan kanskje ha budde eit bil på MidtbøByrte). Tellef og Marie flytte frå Minnesota til Kanada i 1914, og Marie døydde på barselseng der i 1919. I 1929 gifte Tellef seg omatt i Kanada med Bertha Kristiansdotter Bakken, fødd i Landvik ved Grimstad i 1888. Foreldra hennes var Kristian Olavsson Bakken og kona, Helene. I 1945 hadde Tellef og Bertha adressa Sask Frontier, British Columbia. Denne staden, som ligg nest nordom grensa mot Montana, vart sidan kalla Nelson. I det fyrste ekteskapet sitt hadde Tellef 5 born: Anna, f 1912, Wilfred Benjamin, f 1913, Ingeborg, f 1915, Halvor Bjørguv, f 1917 og Marie, f 1919. I det andre ekteskapet vart det berre ei dotter, som døydde eit par dagar etter fødselen.

Lisle-Olav Bjørgulvsson fylgde Tellef til Amerika i 1904. Han vart gift der med ei jente av irsk ætt, og fekk 2 born. Dei dreiv ein farm nær Bemidji, Minnesota, og flutte på sine eldre dagar til Minneapolis.

Gunhild Bjørgulvsdotter tok ut til Amerika i 1912, og vart gift der med Knut Knutsson Byklum, son åt Torbjørg Torleivsdotter Byklum og Knut Knutsson Hoslemo. Gunhild og Knut var farmarar nær Bemidji, Minnesota, og hadde 5 born.

Hallvard Bjørgulvsson flutte til Amerika i 1908. Han deltok sidan 9 månader i kampane i Frankrike under fyrste verdskrigen, men kom uskadd att derifrå. Han vart gift med ei franskætta jente frå Winnipeg, Kanada, og budde med henne i Mentor, Minnesota, sidan ein stad i Sør-Dakota og på slutten i Grand Forks, Nord-Dakota. Dei hadde 3 born: Gunhild, Knut og Halvor.

Men frå USA og Kanada lyt me nå koma oss attende til Nesland Der heime. Som ovanfor fortalt kaupte Lisle-Ingebjørg Bjørgulvsdotter bruket av broren i 1904. Nokre år etterpå gifte ho seg og etablerte ein ny familie på garden.

Folke Torleivsson Stavenes (1881-1965) og kona, Lisle-Ingebjørg Bjørgulvsdotter Nesland, ( 1880 - 1953). Brurebilete 1907, frå Folke Nesland.
Ingebjørg og Folke i Nesland Der heime fotograferte med alle borna ig ei verdotter i 1950. Frammare rekkja frå venstre: Gyro (1909-2005) g m Bjørgulv, Folke (1881-1965), Ingebjørg (1880-1953), Bjørgulv (1909-1983). Attare rekkja frå ven- stre:Anne (1913-1999). Olav y. (1918-2003), Birgit (1923-1951), Olav e. (1918-2003). Asgjerd (1921-2003), Torleiv (1907-1995), Eli (1911-1999). Ein kan leggje merke til den kvite lettvektsdressen som Folke har på seg. Den er sauma i fallskjermsilke frå krigstida. Bilete frå Folke Nesland.
Birgit F. Nesland (1923-1951), som døydde då ho vart teke av eit snøras. Bilete frå Folke Nesland.
Sauer på Strond ein gong kring 1970.
Foto: Folke Nesland
  • Ingebjørg Bjørgulvsdotter Nesland (y.), f 1880, d 1953
g 1907 m Folke Torleivsson Stavenes, f 1881, d 1965. Born:
  • Torleiv, f 1907, d 1995, gbr., ug, sjå nedanfor, jfr. Vang, gnr 15, bnr 14
  • Bjørgulv, f 1909, gbr., g 1940 m Gyro Olsdtr. Rygnestad, sjå Viki
  • Eli, f 1911, husmor, gbr., g 1951 m Knut Bjørgulvsson Stavenes, sjå Systog Stavenes, bnr 6
  • Anne, f 1913, d Valle 1999, ind.arb, heimehjelp, busett Kristiansand, ug, jfr. Soltun, gnr 15, bnr 28
  • Olav (e.), f 1916, d 1996, anl.arb., jordbr.arb., ug
  • Olav (y.), f 1918, gbr., ug., d 2003, sjå nedanfor, jfr. Vang, gnr 15, bnr 14.
  • Asgjerd, f 1921 husmor, d 2003, g 1957 m Torbjørn Sordal, Bygland, skilt, busett her, sidan Vang, gnr 15, bnr 14, born:
  • Åmund, f 1957, sjå Skoglund, gnr 15, bnr 63
  • Birgit, f 1923, døydde i ei rasulukke 1951, ug

Folke Torleivsson kom ifrå Utistog Stavenes. Foreldra hans var Torleiv Olavsson Stavenes og kona, Eli Tarjeisdotter, fødd Trydal.

I 1924 brann våningshuset og det gamle loptet på garden ned til grunnen. Loptet, som var ihopbygt med stoga, skal ha vore datert til 1655. Bjørgulv Folkesson fortalde sidan om denne hendinga som fylgjer (Ny Jord, 3/1951, 85):

Sitat Brannen var om natta, så me fekk ikkje berga ut det grann. Det var om sumaren, og sume av oss var mest nakne. Då dei fleste av oss var komne ut, ropa mor at Olav og Asjær, to av småsyskena mine, var att inne. Me var 8 born. Far og eldste bror min, Torleiv, våga ikkje å gå inn att, men så tenkte eg at her må handlast fort, om dei ikkje skal brenna inne. Eg kraup då inn glaset, men røyken og trykket av elden var så sterk at eg måtte krypa over golvet åt senga dei låg i. Det lukkast å få fatt i dei, eg fekk hiva dei ut vindauga, og dermed vart dei berga. Sjølv var eg så medteken at eg uvita, så dei måtte draga meg bort frå elden. Sitat

Etter brannen måtte Folke og Ingebjørg setje opp nytt våningshus. Det er i 2 fulle høgder med ei grunnflate på 99 kvadrat. Dei dreiv gardsbruket til i 1933, då dei overdrog det til eldstesonen Torleiv, som på denne tid hadde arbeid som jaktoppsynsmann i Njardarheim, for 1750 kr og foddog.

Torleiv dreiv bruket med hest, 3 kyr og kring 20 sauer i bortimot 20 år. I 1950 sette han opp ny uthusbygning. Store-Olav og Lisle-Olav budde ilag med han på garden. Systera Asgjerd, som var skilt, budde ilag med brørne, og stelte huset for dei. Med seg hadde ho sonen Åmund. Også systera Birgit var heime, til ho døydde i ei skredulukke i 1951.

I 1952 overdrog Torleiv eigedomen til Lisle-Olav, men vart sjølv buande. Syskena budde ilag på garden inntil neddemminga gjorde det turvande å flytje ifrå.

I 1966 kaupte Lisle-Olav og Torleiv eigedomen Vang i Gjerden (gnr 15, bnr 14) hjå Knut og Alv Breive, og flutte etter kvart dit.

Asgjerd budde framleis med brørne, medan Store-Olav vart sjuk av leddgikt, og laut flytje til bygdeheimen i Valle.

Torleiv døydde i 1995, Asgjerd og Lisle-Olav har i seinare år vore busette på Bykle bygdeheim. Dei døydde båe der sumaren 2003. Nye eigarar av bruket her er Åmund Nesland og sonen Olav (sjå Skoglund, gnr 15, bnr 63).

Det dyrka arealet på bruket fyre neddemminga var på 20 til 25 mål, nå ligg det meste av dette under vatn. Uthuset vart rive, våningshuset står framleis. Utmarka vart etter utskiftinga i 1988 oppmælt til å vera på 4670 mål. I tillegg kjem brukets del av det store sameiget av Nesland og Tveiten.


0941 Bykle komm.png Der heime (Bykle gnr 10/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nesland • Neste bolk: Vodden