Forvaltningsområdet for samisk språk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegskilt og skilt på offentlige bygningar har det samiske namnet først/øvst i dei kommunane som ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk i Noreg.
Foto: Olve Utne (2011).

Forvaltningsområdet for samisk språk i Noreg, òg kalla Det samiske forvaltningsområdet, består av spesifikke kommunar og fylke der norsk og samisk er likestilte i offentlig forvaltning. For innbyggjarane inneber dette rett til å bruke samisk i møte med offentlige etatar i desse kommunane. Kommunane har blant anna ansvar for eit relevant tilbod til samar i barnehage og grunnskule, og tospråklige skilt skal ha det samiske namnet før det norske. Kommunane og fylka får på si side tilskott frå Sametinget — både generelt tilskott og tilskott spesifikt til språkopplæring, språksenter (både i og utanfor forvaltningsområdet), museum, kultursenter, kulturhus og tiltak innanfor helsevesenet.

Dei norske myndigheitene anerkjenner tre offisielle samiske språk: nordsamisk (i skoltesamisk og nordsamisk område), lulesamisk (i lulesamisk og pitesamisk område) og sørsamisk (i umesamisk og sørsamisk område).

På fylkesnivå hører Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark til forvaltningsområdet.

Nordsamisk (og austsamisk) område

I det nordsamiske og austsamiske området hører desse kommunane til forvaltningsområdet:

Ein kommune har ikkje søkt om innlemming i fovaltningsområdet, men har vedteke offisielt samisk namn: Storfjord kommune (nordsamisk: Omasvuona suohkan, Omasvuotna).

Lulesamisk (og pitesamisk) område

Vegskilt på kommunegrensa til Divtasvuona suohkan / Tysfjord kommune.
Foto: Olve Utne

I det pite- og lulesamiske området hører berre éin kommune til Det samiske forvaltningsområdet:

I tillegg støttar Sametinget språksenteret ÁrranDrag i Tysfjord kommune.

To kommunar har ikkje søkt om innlemming i fovaltningsområdet, men har vedteke offisielt samisk namn: Bodø kommune (lulesamisk: Bådåddjo) og Hamarøy kommune (lulesamisk: Hábmera suohkan, Hábmer).

Sørsamisk (og umesamisk) område

I det ume- og sørsamiske området hører desse kommunane inn under Det samiske forvaltningsområdet:

I tillegg støttar Sametinget språksenteret Aajege i Røros kommune i Trøndelag fylke.

Fotnotar


Lenkjer


Spraakskifte.png Forvaltningsområdet for samisk språk er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.