Samtale:Vang kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg tillet meg å stryke det som står under historie om innvandringa frå Vestlandet og om Valdres si tilknyting til Stavanger bispedømme. At Valdres var knytta til Stavanger bispedøme, venteleg like frå bispedømmet vart oppretta ca. 1125 til inn på 1600-talet, hadde neppe noko med Nicolas Breakspears oppdrag her i landet å gjere, etter det eg har kunna sjå av Valdres bygdebok og annan litteratur. Samanhengen mellom denne kyrkjelege inndelinga og ei eventuell vestlandsk innvandring til Vang og Valdres, gjev vel heller ikkje så mykje meining. Om ikkje for anna så fordi det må ha budd folk i Valdres i hundrevis, ja tusenar av år før kristendomen kom til landet. Håpar elles det kjem meir historisk stoff om Vang her! Fint om det kan lagast ei litteraturliste som viser kvar det historiske stoffet er henta frå.--Hans P. Hosar 27. jan 2010 kl. 08:43 (UTC)

Begynn en diskusjon om siden «Vang kommune»

Start en diskusjon