Dråtten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

«Drott» eller drått, for dei som stussar på begrepet, her er ei forklaring.

I snurrevadsamanheng er drott, tauet som er i kvar ende på nota. Lengda på drotten er tilpassa etter djupta det skal fiskast på. Drotten var av manillatau som var tjerebredd for å verte tung så den sakk på botnen. Tjerebredinga var at tauet vart kokt i steinkoltjere. På små «søyler» med djupte 20 til 40 famner vart det gjerne brukt fire kveilar tau eller drott, ein kveil er 120 famner, altså rundt rekna 500 famner. Tjukta på drotten var om lag 1 tomme. Snurrevad har ikkje dører (tråldørerer) slik som ved tråling. Det er drotten som ligg på botnen som held ut nota slik at den kan fiske. Derfor er også framfarta lav i byrjinga på halet for å halda nota ute i breidda. I seinare tider er drotten av ståltau eller vaier då slepp dei «griseriet» med tjerebreding, som ein utrykte det. Med snurrevad i nordlege farvatn med stor djupne kan drotten ofte vere 10 kveilar.

Her er brukt utrykket «søyler». Det er mindre områder med sandbotn, fin botn, som er egna for snurrevad.

Utrykket «Drott» er brukt i mange samanhenger med sjøbruk. Ved bruk av landnot, som var ei vanleg fiskemetode frå 1900 eller før og fram til rundt 1950-60 talet, var notadrott eit vanleg utrykk. Det er tauverk med tjukkelse tilpassa den venta belastninga. For landnøter med ei lengde på om lag 120 famner kunne tjukta vere oppmot 1 tomme. Sidan me her er inne på landnøter så er der ein drott i første enden når landnota vert sett. Den er i spelbåten og når nota er ute vert ho spela inn med at drotten vert lagt på spelet og sveiva inn. Sameleis er det i andre enden frå notbåten. Dette var i dei gamle og primitive tider, seinare vart det meste motorisert og etter kvart vart det snurpenota som overtok. Drott er fortsatt eit gangbart begrep mellom dei mange ord og uttrykk knytt til sjøbruk i Volda, sameleis som i andre delar av vår langstrakte kystlinje.

Kjelder

  • Oddvar Longva, f.1929, tidlegare medeigar av «Nybør».
  • Jakob Strand, f.1935, pensjonert fiskar og fiskebåteigar. Strand har og skrive atikkelen: Skårunge på Storsildfiske.