Drabløs Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Drabløs Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent i Velledalen. Bedrifta vart grunnlagd i 1945, men vart ikkje registrert som aksjeselskap før i 1947.

Fire brør frå Bøtelgarden på Dravlaus hadde kome i gang med lenestolproduksjon i krigsåra. Det var Per, Kåre, Jon og Lars Hole-Drabløs. Sidan gjekk dei i lag med mellom andre Norvald og Magnar Fet og skipa Drabløs Lenestolfabrikk.

Første to åra etter den formalle skipinga hadde dei ikkje snikkarmaskiner, men frå 1947 byrja dei å lage treverket sjølve. Snikkaravdelinga hadde dei i huset til Olav N. Drabløs. Stoppinga og tapetseringa skjedde i kjellaretasjen på Bøtelgarden.

I 1950 bygde Lars Hole-Drabløs eige bustadhus. Då fekk snikkaravdelinga plass i kjellaren der. Året etter sette Kåre, Jon og Lars opp fabrikkbygg på garden. Få då av hadde dei verksemda åleine, og heile tida nytta dei aksjeselskapsforma. Lars Hole-Drabløs stod som disponent. Bedrifta byrja med å lage lenestolar med opne polerte leiner. Sidan laga dei heilt overstoppa stolar og salongar i forskjellige prisklassar. Dei greidde å avgrense modellutvalet til fem-seks variantar til ei kvar tid.

Eit problem fleire av dei mindre produsentane streva med i femti- og sekstiåra, var at gode utlærde arbeidarar slutta og tok seg arbeid ved større bedrifter. Det kunne vere tomte- og hussituasjonen som gjorde det, eller lønstilhøva. Det var ofte vanskeleg for dei små verksemdene å halde same lønsnivået som dei største. I staden kunne dei mindre bedriftene lokke med eit oversiktleg og tett arbeidsfellesskap og kan hende større variasjon i arbeidssituasjonen. Nøkterne økonomiske realitetar talde likevel meir for dei fleste. Så innehavarane av Drabløs Lenestolfabrikk og andre småbedrifter opplevde at dei lærte opp fagfolk utan at dei fekk varande nytte av dei.

Arbeidsstyrken til Drabløs Lenestolfabrikk varierte frå tolv til seks. I 1948 hadde dei tolv tilsette. Det året nådde også omsetninga ein topp.

Hole-Drabløs-brørne dreiv verksemda til først i 1960-åra. Då fekk Hjalmar Brunstad leige bygget. Sidan har også Fet Møbelfabrikk nytta lokala. I dag vert fabrikken nytta som lagerlokale.

Kjelde